Velkomne til Vonheim!
KFUK-KFUM Voss sitt foreiningshus Vonheim ligg midt på Vangen og er stort, praktisk og fleksibelt. Treng du plass til stort eller lite møte, stor eller lita feiring, dansesal, bandrom eller lokale til gruppe på overnattingstur (fortrinnsvis helg / skuleferie), er det gode sjangsar for at me har plass til deg! På denne sida finn du oversikt over leigeprisar, kva som inngår i ulik type leige, og bilete og beskriving av dei ulike romma.
Vonheim er eit fleirbrukshus. Du kan både leige huset heilt åleine, men og mens det skjer andre ting i andre rom - sjå oversikta under. All leige er ubemanna, og ein ryddar og vaskar etter eige arrangement, om ikkje anna er spesifikt avtala. Ta gjerne kontakt med dagleg leiar om du har spørsmål!
Vil du ha eit glimt av arbeidet på huset, eller vil du bidra? Vel fana "aktivitet" oppe til høgre!
Bestilling
Ta kontakt med dagleg leiar for å sjekke om lokala er ledige. Når me har laga avtale får du ei stadfesting på e-post, med leigeavtale og ryddesjekklister.
Ankomst og nøklar
Me ordnar med omvisning i lokala før arrangementet ditt, anten sjølve dagen, eller på avtalt tid i førevegen. Du får eigen nøkkel og ordnar deg sjølv den dagen du kjem. Ein riggar sjølv til sitt eige arrangment
Parkering
Leiger de heile huset åleine, har de tilgang til parkeringsplassen på kortsida av bygget. Leiger de huset ein dag me brukar parkeringa sjølv, kan de bruke offentleg parkeringsplass ved gravplassen eller i parkeringshuset.
Rydd og vask
Alle vaskar og ryddar etter eige arrangement, og me ber om at du følgjer sjekklistene nøye. Til nokre typer arrangement kan me lage avtale om at de betaler for at me tar utvasken.
Betaling
Ein betaler uoppfordra for leiga til KFUK-KFUM Voss sin konto 3480.16.04651 innan ei veke etter avslutta leige. Ynskjer du faktura, lagar me gjerne det - då treng me informasjon om fakturamottakar (namn og adresse / org.nr, kontaktperson og adresse)
Ellers
Vonheim er eit alkoholfritt hus, takk for at du viser omsyn!
OBS : LEIGEPRISAR OPPJUSTERAST I LØPET AV SEPTEMBER 2026:
Prislista gjeld private - ta kontakt om du vil ha pristilbod for eit arrangement i regi av offentlege eller profesjonelle, eller om du skal arrangere kurs og konferansar. Me legg gjerne til rette!
Prislista gjeld private - ta kontakt om du vil ha pristilbod for eit arrangement i regi av offentlege eller profesjonelle, eller om du skal arrangere kurs og konferansar. Me legg gjerne til rette!
Prislista gjeld private - ta kontakt om du vil ha pristilbod for eit arrangement i regi av offentlege eller profesjonelle, eller om du skal arrangere kurs og konferansar. Me legg gjerne til rette!
Fleksibelt, lyst rom, som kan riggast både som konsert- og foredragssal, gudstenesterom og med kafé-oppsett. Rommet kan delast i to eller tre med skiljevegger, om ein ynskjer eit meir intimt rom. Her er nytt lydanlegg, med talarstol, tre trådlause mikrofonar (to myggar, ein handholdt) og høve til å kople inn bandrigg (bandrigg inngår ikkje i leiga, men ein kan lage avtale om leige med Refleks Ten Sing). I salen finn du
Prosjektør og lerret i kvar ende av salen
El-piano og nytt Yamaha-piano
Stolar, som står stabla langs veggene, nesten 40 bord som kan hentast inn.
Tilgang til små og store blomevasar, og enkle telysestakar
Stort inngangsparti med garderobe og hc-toalett med stellebord.
Sal pynta til minnesamvær
Møte bakerst i salen
Hestesko-rigg bakerst i salen
Praktisk storkjøkken, med steamer, to induksjonskomfyrar med steikeomn, kjøleskåp og fryseskåp.
Godt utstyrt, med kjøkkenreiskap og store, gode gryter
To moccamastere og kaffiperkulator (lagar 120 koppar kaffi på ein time)
Kokekrakk og kjempestor gryte, om ein skal koke til mange
Dekketøy og bestikk til ca 120, med kvitt, stilreint spise- og serveringsservise frå Figgjo flint.
Stetteglas til 100
Kake-kjøledisk (pr 6.26 ute av drift)
I tilknytning til kjøkkenet ligg «Holo», spisesal rigga med åtte bord, sett saman til fire småbord / to langbord. Kan riggast om til både småbord og hestesko. Det er to trivelege sofagrupper i enden av rommet og utgang rett ut til plenen ved Olavskrossen. Her har me og brettspel du kan låne.
Vaskerenne i tilstøytande rom.
I kjellaren har me ein stor dansesal, med stor spegel og god golvplass. Rommet har vore bruka til både trim for godt vaksne, til mor- og baby-trening, til yoga og til dansetreningar. Du får god tinntrykk av rommet i denne snutten frå vår langvarige leigetakar Voss Dansskule. Hausten 2026 er rommet er ledig på dagtid, og tysdag, onsdag og fredag ettermiddag / kveld og ein del helger. Ta kontakt om du er interessert i fast leige!
Med enkle grep kan rommet gjerast om til eit møterom. Spegelen kan dekkast med nøytralt forheng, og her finns 10 konferansebord og lette stolar om ein vil rigge til konferanseoppsett for ei halvstor gruppe. Ein har tilgong til eit lite te-kjøkken med vasskokar og kaffitraktar, og du kan, om ynskjeleg, få låne mikrofon med forsterkar og el-piano.
Ein har tilgang til toaletta i kjellaretasjen og garderobe til yttertøy rett utanføre rommet. Instruktørar har tilgang til dusj - og me kan lage avtale om lagring på kjøkkenet vegg i vegg. Om ønskeleg kan ein bruke eigen inngong.
70-tals-stova vår i andre høgda, med fleire sofakrokar, piano og stolar og bord som kan riggast som møtebord.
Tilgang til veldig enkelt tekjøkken med vasskokar og kaffitraktar.
Garderobe til yttertøy i trappegangen
Hylle med spel og songbøker
Tavlevegg
Me kan, om ynskeleg, ordne mikrofon, forsterkar og lerret til prosjektør (må enn så lenge medbringast, våre er fastmontert i salen).
Bruker toalett ved hovudinngangen
I pandemiåra tok driftige dugnadsfolk slegge og hammar i hand og utvida og pussa opp det godt brukte bandrommet vårt. No er både vegger og tak lydisolert, og rommet et utvida - sånn at det er plass til mange. Med midler frå Kulturrom-ordninga og ei særskilt minnegåve har me rusta opp både instrument og lydanlegg sånn at det skal vere mogleg å bruke for både amatørar og meir erfarne folk!
*liste over utstyr kjem*
Med stønad frå Gjensidgestiftinga har me nyleg laga eit lite lydstudio vegg i vegg - her håper me å få i gang kurs og aktivitet for ungdom skuleåret 2024-2025! Sit du på kompetanse me kan bruke? Ta kontakt!
"Klubbrom" i kjellaren med sofagruppe, (samanklappbart) bordtennisbord, biljard og sofabenk. Rommet kan leigast saman med bandrommet, om ein treng pauserom.
Kan få tilgang til enkelt tekjøkken med vasskokar og kaffitraktar.
Tavlevegg og tavlebord (!)
Lerret over sofaen
Garderobe til yttertøy i gangen
Bruker toalett i kjellaren
Flaks for deg at me eig verdas trivelegaste hytte, Vonhaug på Mjølfjell! Den kan du leige - og du finn info her:
Vonheim ligg midt på Vossevangen, ved sida av kyrkjegarden og Voss Ungdomsskule.
Kjem du med toget, går du hit på 12 minutt.
Det er KFUK-KFUM Voss sine medlemmer og frivillige som eig, driv og vedlikeheld Vonheim. Vil du bidra med arbeidskraft eller pengegåver? Det set me stor pris på!
Me inviterer til dugnad både haust og vår, og vaktmeistergruppa HandY møtast omlag annakvar veke, og har alltid plass til nye.
Har du høve til å bidra økonomisk har me gåvekonto hos både Vossa Sparebank 3480 20 42436 og hos Vekselbanken 9581 20 52080. Større gåver gjer rett til skattefradrag.