I valfaget programmering lærer du å automatisere system ved å kode, og moglegvis å lage spel også. Faget består av større prosjekt som krev samarbeid, evne til å finne løysingar, samt feilsøking når problem oppstår. I denne typen prosjekt skal du skape eit digitalt eller fysisk produkt med smarte automasjonar.
Faget tar eit djupdykk inn i datamaskinens og kodingens verden, og gir deg moglegheita til å lære meir om det du synest verkar interessant. Dette gjeld ikkje nødvendigvis berre spel.
Vel programmering som valfag om du er nysgjerrig på korleis koding eigentleg fungerer, og ønsker å finne nye løysingar i vår digitale verden.