Anker Gaard selskapslokaler - nostalgisk og maritimt
Det restaurerte sjøhuset frå 1800-talet ligg heilt nede ved kaien i Østabøvågen på Talgje. Med si maritime stemning og utsikt over sjøen er dette ei flott ramme for konfirmasjonar, jubileum, bursdagar og andre private samankomstar.
Lokalet kombinerer den sjarmerande atmosfæren frå eit gamalt sjøhus med eit moderne kjøkken og gode fasilitetar. Her ligg alt til rette for å nyte dgen saman med dine gjester og med god mat og god atmosfære.
Om lokala
Bord, stolar og dekkutstyr til inntil 40 personar (1. etasje)
Terrasse med utsikt over sjøen
Tilrettelagt for grilling (gassgrill)
Velutstyrt storkjøkken med konveksjonsomn og koketopp
Kjøleskap med god kapasitet til mat, kaker og drikke
To toalett
Pris og praktisk informasjon
Leige av sjøhuset kr 4 000 eks. mva.
All drikke blir kjøpt gjennom Anker Gaard.
Ta gjerne med eigen mat eller bestill catering. Storkjøkkenet er godt tilrettelagt for ferdigstilling av mat til mange og for varmhalding før servering.
Ein representant frå Anker Gaard er alltid tilgjengeleg under opphaldet.
Leigetakar står for rydding av lokalet og utvask av kjøkken og toalett etter arrangementet.
Ta kontakt for meir informasjon og ledige datoar.
Vidar Skavland vidar@ankergaard.no tlf 924 27 602