- og gammalt nytt
Vårt organisasjonsnummer er 998304350
Merk: Denne sida blir ikkje så ofte oppdatert lenger - sjekk heller våre Facebook-sider for store og små bridgenyheter.
Resultat juleturneringar 2015:
KM-par blei spelt 21. mars. Heile 34 par deltok og Tore Bårdsen - Geir Larsen vann i år som i fjor. Thorleif Skimmeland - Are Nesdal sikra seg også plass i NM som går i Sandefjord til hausten. Heile lista her.
KM-lag blei spelt 7.-8. mars. Bare 8 lag deltok, men det blei ei tett og spanande turnering der både 1. og 2. og 3. og 4. plassen først blei avgjort i siste halvrunde. Til slutt trekte lag Skimmeland (Thorleif Skimmeland, Torild Heskje, Tore Bårdsen og Are Nesdal) det lengste strået som i fjor. Dei vann med eit drygt VP føre lag IVAR. Mellom 3. og 4. plassen skilde 0,03 VP!. Heile lista finn du her.
Dalanetreffen 28. februar blei vunnen av Ståle Frøyland - John Helge Herland - heile lista her.
Andre helga i både 3. og 4. divisjon blei spelt 31.1.-1.2. - resultatliste 4. div. Rogaland her. Imponerande med 15 deltakande lag - og god Kleppinnsats. Rogalandslag har også spelt 3. divisjon i Haugesund og Tvedestrand og eit Eigersundlag sikra der opprykk til 2. div.
1. og 2. divisjon spelte si siste helg 7.-8. februar - resultat finn du her: 1. div. - 2. div. avd A - 2. div. avd B - 2. div. avd C
Fredag 23. og lørdag 24. januar blei KM Singel spelt i Stavanger med mange Klepp-spelarar på startlista. Resultatliste her.
Resultat frå Romjulsbridgen på Ganddal
Resultat frå Juleturneringa i Flekkefjord
Resultat frå Juleswissen i Stavanger
Resultat frå Stangelandsbridgen 2014
Tove Haugen og Tore Bårdsen vann den 26 par sterke pinseturneringa i Stavanger 9. juni - resultatlista her.
Finalen i NM for klubblag blei spelt i Oslo 29.-31. mai. Stavangerlaget vi heia på endte heilt sist, men det er jo ein prestasjon i seg sjølv å ha vore i finalen. Vann gjorde som venta Heimdal 1, Vikersund på sølvplass og Bergen akademiske på bronseplass. Resultatliste her.
Klepplaga i NM-klubblag 2013/14
5. runde:
Klepp BK 2 (Erik, Espen, Atle og Kjetil) møtte fredag 21. mars Stavanger BK 1 (Thorleif Skimmeland, Torild Heskje, Tore Bårdsen og Jan Erik Olsen) og tapte ein jamn kamp 87-73 etter å ha leia 41-27 etter første halvrunden.
4. runde:
Klepp BK 2 (Erik, Espen, Atle og Kjetil) møtte Stavanger BK3 (Vetle Faag, Trond Kåre Knutsen, Kjell Ramsvik og Bjørn Sanne) på bortebane 20. februar, og vann ein jamn kamp 74-70.
3. runde:
Klepp BK 1 (Mona, Willy, Rebekka og Jomar) møtte Nærbø 1 – Nærbø vann med 30 IMP (70-100)
Klepp BK 2 (Erik, Espen, Atle og Kjetil) møtte BK Trond 1 og vann 74-56 i IMP.
1. og 2. runde:
Pulje 34: Tasta Randaberg BK - Stavanger BK 4 - Klepp BK 4 (spelt 30.11., Stavanger vann og Klepp tapte pulja. Tasta Randaberg går også vidare til 3. runde)
Pulje 36: Klepp BK 1 - Stavanger BK 1 - Nærbø BK 3, spelt 30.11. - Stavanger vann og Klepp 1 på andre (Mona - Willy og Jomar - Rebekka) går også vidare til 3. runde
Pulje 37: Klepp BK 3 - Farsund BK 1 - Statoil BK 1 (spelt 6. november Farsund vant og Klepp tapte pulja og er utslått - Statoil kom heller ikkje vidare)
Pulje 38: Nærbø BK 2 - Flekkefjord BK - Klepp BK 2, spelt 10. november Flekkefjord vann. Klepp 2 på andre med Espen, Kjetil, Atle og Erik går også (så vidt) vidare til 3. runde
Meir informasjon med tabellar og resultat fra alle kampar her.
Dalanetreffen blei spelt 15. mars - 36 par deltok. Resultat her.
NM for damelag blei spelt i Trondheim i helga 8.-9. mars og Klepp BK var godt representert med "Fjelldalbekkene" og "Glitter", men utan den heilt store suksessen. Resultata finn du her.
18.-19. januar gjekk den årlege storturneringa i Bergen, som vanleg var det mange frå Rogaland som deltok. Rebekka og Jomar fekk ein flott 5. plass i A-pulja! Resultatlister og meir informasjon finn de på heimesidene til arrangementet.
Helga 1. og 2. februar blei siste helg av 3. og 4. divisjon spelt på Figgjo. Det blei ikkje toppresultat for Klepp-laga. Link til resultatlister. 8.-9. februar var det toppdivisjonane sin tur. Rune Hauge sitt profflag vann 1. divisjon. Nærbølaget tok bronse i si 2. div. pulje og ingen Rogalands-lag rykte ned - resultat m.m. finn de her.
KM-singel, med 44 deltakarar - ca 1/4 medlemmer i Klepp, gjekk i Stavanger 10.-11.januar. Erik Eliassen vann med Ingvald Søiland på andre og John Helge Herland på tredje - heile resultatlista her.
Resultat julebridge
Det byrja fredag 20. desember på Vigrestad (resultat) der restane av Vigrestad bridgeklubb inviterer til sosial turnering, laurdag 21. desember kunne du nyte bridge og julebord i Lyngdal (resultat).
Fredag 27. desember inviterte Flekkefjord BK til juleturnering (resultat). Same fredagen + laurdagen (27.-28.12.) gjekk den tradisjonelle Juleswissen i Stavanger - resultat .
Laurdag gjekk og den tradisjonelle "Stangelandsbridgen" (resultat).
Måndag 30. desember var det romjulsbridge på Ganddal (resultat).
Tonje Aasand Bjorgeland og Tormod Røren vann Haugeturneringa 23. november. Det deltok 25 par - heile resultatlista her.
Det blei "heimesiger" til Daniel Ueland og Tommy Søiland i årets Nærbøgigant. Vi gratulerer! På andre Geir Larsen - Are Nesdal og på tredje Jan Muri - Jan Fjælberg - resultatlista her.
Heile 56 par spelte i Lyngdal i helga 17.-18. august, mange frå Rogaland - resultatlista her.
Samanlagtsigeren i sommarbridgen (10 av 14 resultat teljande) - gjekk til Tommy Søiland. Nr 2 Rune Bjelland, nr 3 Daniel Ueland, nr 4 Sigmund Rosland og 5. og siste premieplass til Kjetil Helgesen. Lista finn du her.
Bjørn Svela frå Klepp BK vart under bridgefestivalen kåra til "Årets bridgeildsjel 2013" - vi gratulerer!
Junior EM
12. - 20. juli gjekk EM for junior/ungdom i Wroclaw, Polen. Norge stilte med lag i alle tre klassar: U25, U20 og Jenter. På U25 laget spelte "vår eigen" Kristian Stangeland saman med Kristoffer Hegge. Det endte litt under forventingane med 8. plass både for U25 og U20 og ein 6. plass for jentene.
Arrangøren sine sider finn du her for resultatlister m.m.
Ope europamesterskap
gjekk i Belgia frå 15. - 29. juni. Mange norske spelarar og mange frå Rogaland deltok. Resultat m.m. finn du på arrangøren sine sider.
Pinsebridge i Stavanger
Torbjørn Høie og Trond Knutsen vann Pinsebridge i Stavanger 20. mai.
KM Lag finale
KM-lag finalen blei spelt på Figgjo 6.-7. april. Nærbø BK (med Daniel Ueland, Are Nesdal, John Helge Herland, Ståle Frøyland og Tommy Søiland på laget) vann ganske klart med Skimmeland-laget på andre og Muri-laget på tredje - resultatlista her.
KM Par
Gratulerer til Ivar Anfinsen og Eli Solheim med seieren i KM-Par - resultata her. Eli og Ivar spelte ikkje om plass til NM-Par finalen. Dei tre bilettane dit gjekk såleis til Ståle Frøyland - John Helge Herland, David Ueland - John Vegard Aa og Bjørn Landsvik - Olav Veland Thu.
Vi gratulerer også Bente og Vetle Faag med sigeren i KM Mix i Vest-Agder.
NM Damelag
Laget Jæren Pluss med Eli Solheim, Torild Heskje, Mona Lindstrøm, Åse Langeland og Åse Biribakken vann NM for damelag i Trondheim helga 9.-10. mars. Gratulerer!!!! Resultatlista her.
Seriemeisterskapen
Midt-Trøndelag 3 med Tundal, Grøtheim. Livgård, Skjetne, Aa og Erichsen vann 1. divisjon ganske suverent. Rogaland 1 kom på 3. plass.
I andre divisjon fekk også Tommy, David, Daniel, Ståle, Are og John Helge ein fin tredjeplass.
Imponerande av våre naboar frå Vest-Agder som vann kvar si pulje og får to lag i 1. divisjon neste år!
Frå vår 3. divisjonspulje rykte lag Faag opp og i 4. divisjon vann lag Strøm, resultat for lokal for 3. divisjon og 4. divisjon.
Alle resultat frå toppdivisjonane finn du her: 1. div. - 2. div. avd. A - avd. B - avd. C
KM Singel
Kretsmeisterskap singel blei arrangert for første gong på lenge 25.-26. januar. 32 spelarar deltok og John Helge Herland vann med Mona Lindstrøm på andre og Jan Fjælberg på tredje. Lista her.
KM Lag
Resultata frå KM-lag kvalifiseringa finn de nå her. Vi gratulerer Mona-Ingvald og Willy-Øyvind med sigeren! Dei 7 beste er, saman med 3 lag frå Dalane, kvalifiserte til finalen som går 6. og 7. april.
Romjulsspelinga i kretsen
Resultatlister frå turneringane i Flekkefjord (18 par), Stavanger (13 lag) og Ganddal (43 par)
Førjulsturneringa 2012
Rune Bjelland vann førjulsturneringa, men det blei ganske jamnt. På delt andre kom Ingvar Erga og Reidar Laland knepent føre Sjur Nedrebø på fjerde. Totalt deltok 97 ulike spelarar på desse 6 kveldane og 52 oppnådde teljande samanlagtresultat (minst 4 kveldar).
NM for klubblag
Alle Klepp-lag utslegne. Klepp BK 1 (Lars, Egil, Reidar Idsø, Magnus, Jonas og Bjørn) tapte 17-13 Stavanger BK 2 og 19-11 mot Statoil.
Tidlegare har Klepp BK2 (Mona, Willy, Reidar Lerbrekk og Einar) desverre blitt utslegne i ein ”trelags-kamp” mot Stavanger 3 og Kvernevik.
Heller ikkje ”ungdomslaget” vårt (Rebekka, Jomar, Helga, Ingvald og Sverre) klarte den tøffe utfordringa mot Stavanger 1 og Egersund 1 i ein trelags-kamp.Takk for innsatsen.
Nærbø BK sitt lag er einaste Rogalands-lag vidare til 5. runde. Sjå NBF sine klubblagsider for resultat, trekning m.m.
Nærbøgiganten 2012
30 par på startlista i eit solid felt i Nærbøgiganten.
Espen Anfinsen og Erik Eliassen vann Nærbøgiganten i eit tett og spanande oppgjer med Karl Olav Hansen og Martin Reinertsen frå Lyngdal/Farsund. Daniel Ueland og Lars Arthur Johansen kapra tredjeplassen.
18. etasje og "Vidsyn" i høghuset på Bryne var som venta ei flott oppleving.
Revolverbridge
22 par koste seg på "komlebridge" i Bjerkreim 13. oktober - resultatliste her.
SandnesMixen
22 par spelte Sandnes-Mixen/KM Mix lørdag 29.9. - desverre ingen par eller spelarar frå Klepp :( Resultata finn du på denne linken. Eli Solheim og Ivar Anfinsen vann ganske suverent framfor David Ueland og Lisbeth Glærum og Geir Larsen - Hilde Bjørlo.
Simultanturnering 18. september
Heile 13 1/2 bord på simultanturneringa 18. spetember. Svært jamt i toppen, men Ivar og Eli vann føre Knut - Gerd og John Helge - David. Etter samanlikning med 165 par frå 11 klubbar endte Knut og Gerd på 7. plass og Ivar og Eli på 8. - sjå lista her
Sauda Cup 2012
26 lag deltok på den populæte lagturneringa i Sauda dette året. Reultatlista finn du her.
Lyngdalsturneringa
53 par spelte i Lyndal dette året og mange av spelarane var frå Rogaland. Best av alle var John Helge Herland og Are Nesdal. Heile resultatlista finn du her.
World Bridge Games - Bridge OL - Sverige vann
Arrangementet blie halde i Lille, Frankrike i august. Norge deltok i både open- og dameklasse. Det blei spelt kvalifiseringsrundar t.o.m. tysdag 14. august.
Laget i open klasse består av Jan Tore Solli Berg - Odin S. Svendsen, Thomas Charlsen - Thor Erik Hoftaniska og Glenn Grøtheim - Ulf Håkon Tundal. Dei kvalifiserte seg med ein fin tredjeplass i "dødens gruppe". I onsdag starta utslagsspelet - 6 rundar á 16 spel mot Russland. Vi ønskjer all mogleg lukke til og satsar på finale mot Monaco tysdag - torsdag i neste veke!
Dei første 16 spela mot Russland gav definitivt ingen god start. Norge henta berre 3 IMP medan russarane scora 36. Andre sesjon gjekk litt betre (15-31) og med ein god og litt heldig 3. sesjon (34-14) var det bare 29 IMP opp onsdag kveld. Kjempekamp av Norge i første sesjon torsdag (51-24), og "vi" låg bare 2 IMP bak Russland. 5. sesjonen hadde stor IMP-omsetnad i alle kampar. Desverre svinga det mest ut for Norge (36-79) og det var altså heile 45 IMP opp før siste sesjon . Det heldt 2/3 av vegen, men endte til slutt med eit tap på heile 81 IMP.
Irland slo Tyskland og kunne blitt ein fin motstandar i kvartfinalen. Polen banka Danmark, Italia slo Tyrkia, Nederland slo Frankrike, USA slo India, Sverige slo Israel og Monaco knuste Kanada i siste sesjon.
Damene klarte klarte heller ikkje den bortimot umoglege og teoretiske utfordringa i siste kampen og nådde desverre ikkje sluttspelet med sin 6. plass i kvalifiseringspulja.
Følg med vidare på arrangørsidene og på BBO - det blir mykje god bridge med to nordmenn (og medlemmar i Klepp BK :) i sentrale rollar framover også utan norske lag i dei vidare finalespela.
I kvartfinalen vart alt ope inn i siste sesjon i Open klasse. Monaco gjorde som i åttandedelsfinalen. Nederland leia litt (12 IMP) før 6. og siste sesjon, men Monaco feia dei av banen med 49-3 i siste. Polen slo ut Italia med 1 "fattig" IMP og Sverige slo USA med bare 4 IMP totalt etter 96 spel.
Etter nest siste sesjon hadde Sverige ei leiing på 25 IMP over Monaco. Ville Monaco klara snu dette på same måten som dei hadde gjort i åttandedels- og kvartfinalar? Det klarte dei ikkje - tvert om var Sverige suverene også i siste sesjon og vann med 46 IMP. Vi gratulerer! Polen sikra den andre finaleplassen med 61 IMP siger over Irland.
Polen var sjanselause mot Sverige i finalen i open klasse - vi gratulerer "søta bror". Monaco fekk bronsen. I dameklassen blei det gull til England, sølv til Russland og bronse til Polen. Hjå seniorane gjekk gullet til Ungarn, sølvet til USA og bronsen til Frankrike.
Bridgefestivalen 2012
God innsats av rogalendingar i Fredrikstad. Eli Solheim og Ivar M. Anfinsen vart norgesmeistrar i mixturneringa og Espen Haugstad kom på andreplass i NM Junior saman med Øyvind Henden.
Ivar, Eli, Erik Eliassen og Hilde Bjørlo fekk også ein fin 5. plass i NM for mix-lag.
Dei klarte det igjen. Eli Solheim og Torild Heskje gjentok fjorårssuksessen og vann NM-damer suverent! Vi gratulerer!
Bronseplass for Kristian Stangeland og ein gjeng juniorar i Patton lagtevlinga. På sjette kom Ståle Frøyland saman med Paul Bang, Jan Fjælberg, Espen Anfinsen og Vetle Faag.
Geir Larsen og Erik Eliassen kom på ein flott 19. plass i "Formel 1-tevlinga" (parfinalen). Innsatsen sikrar også kretsen ein ekstra plass i NM for par neste år.
Kristian Stangeland blei beste rogalending med ein 9. plass i kryss-imp turneringa saman med Kristoffer Hegge.
Resultalister og meir informasjon finn du på festivalsidene (legg merke til at fleire Klepp-spelarar har fått flotte plasseringar i sideturneringane).
Bjørn Svela si vurdering av årets begivenhet kan de lesa på Facebook
God innsats i Sverige
Mange norske spelarar deltek på den svenske bridgefestivalen som går i Örebro 27.7. - 6.8. Mellom dei er Tommy Søiland og David Ueland som på laget "Sanse vårs" kvalifiserte seg vidare med ein flott 5. plass i den 135 lag store Chairmans Cup. I dag (mandag) spelte dei utslagsrundar, og om vi forstår den svenske resultatservicen rett hadde dei nest best score av 32 lag, men i utslagsrunden med 16 lag blei dei svenske motstandarane for sterke - sjølv om Tommy, David, Stig og Marius spurta godt. Eg forstår ikkje heilt opplegget for turneringa (kan nokon opplysa meg?), men laget ser ut til å gjera det godt i det vidare spelet for dei utslåtte. Det endte visst med ein 7/8-plass. Mycket bra!
VM for ungdomslag
starta i Kina 26. juli. Norsk lag med Christian Bakke, Håkon Brandsnes, Espen Flått, Anders Gundersen og Joakim Sæther deltek i den yngste junior-klassa (U20). Vi vil prøve å halde dykk oppdatert på resultat så langt som råd utan å mista nattesvevnen (kampane går frå ca 1/2 5 om natta til ca 1/2 1 norsk tid). Det er sjølvsagt overføringar på BBO og arrangøren sine sider finn du her.
Norge hadde WO i første kampen. I sin første kamp på torsdag morgon mot Taiwan låg dei under med 31 imp etter 5 spel, men vann likevel kampen 39-34 (16-14). Dei norske unguttane er friske i meldingane - 29 imp ut skuldast to melde storeslemmar som desverre gjekk ein beit, men to andre slemsvingar gav 22 imp tilbake.
Kampen torsdag føremiddag mot Polen gjekk på BBO. Det svinga voldsomt både i prestasjonar (lett for ein som ser alle fire hendene å seia) og utteljing. Det som på nett såg ut til å bli eit litt surt 17-13 tap endte til slutt med uavgjort 15-15 etter korrigeringar.
Natt til fredag norsk tid var Argentina motstandar og det blei 21-9 tap. På morgonkvisten spela dei mot Japan og leia solid ved halvspelt. Japanarane kom sterkt tilbake, men eit par slemsvingar mot slutten sikra ein fin 23-7 siger. "Våre" fekk heim ein knallhardt meldt 6NT der japanarane gjekk beit i 4NT. Dei melde og storeslem der dei fleste, inkl. japanarane, stoppa på 6-trinnet (her var det alltid 13 stikk).
Nabo-oppgjer Norge-Sverige i siste kampen på fredagen endte desverre med 21-9 siger til svenskane.
18-12 siger mot Kananda natt til lørdag og laget fekk ein etterlengta og viktig storsiger 25-2 mot Singapore på morgonkvisten. 19-11 mot Italia og alt i alt blei lørdagen ein svært god dag for laget.
Katastrofesøndag for det norske laget. 7-23 tap både mot Kina og Latvia.
Natt til mandag norsk tid blei det eit nytt tap 11-19 mot England. Australia leia 16-6 ved halvspelt. Ein friskt meldt 6 hjerter med 13 stikk (kløver ess sat rett og blei heller ikkje tatt) i spel 9 og Norge så vidt i føringa (17-16). Ein jamn kamp utan stor imp-omsetnad endte 17-13 til Australia etter eit dårleg sistespel. Også mot Frankrike blei det 13-17 tap.
Norge gjekk på eit stortap (2-25) mot USA natt til tirsdag. Dei tapte også dei to siste kampane og endte på ein 13. plass.
Spingold
Den prestisjetunge Spingold-turneringa gjekk av stabelen i Philadelphia 19.-22. juli. Helness-Helgemo på Monaco-laget og Brogeland-Nybo på Schwartz-laget var framleis med når utslagsrunden med 32 lag blei spelt. Brogeland-Nybo blei der utslegne med relativt knapp margin.
Monaco (Helgemo, Helness, Fantoni, Nunes, Multon og Zimmermann) knuste lag Cayne (Cayne, Seamon, Lauria, Versace, Duboin og Sementa) i semifinalen. I finalen skulle dei prøve å forsvare fjorårssigeren mot Nickell-laget (Nickell, Katz, Levin, Weinstein, Rodwell og Meckstroth). Det byrja bra for nordmennene, men etter ein svak tredje sesjon såg det heller spøkje ut, men både Helness-Helgemo og Fantunes trylla i dei siste 16 spela og vann til slutt ganske klart. Vi gratulerer!
Junior EM i Danmark
Kristian Stangeland deltok saman med Kristoffer Hegge i Junior EM for par 4.-6. juli i Vejle, Danmark. Dei fekk ein fin 10. plass (av 50) i det innleiande spelet og sikra greitt finaleplass (topp 20). I finalespelet møtte dei 5 polske, 3 nederlandske, 2 franske og 2 italienske par, elles bare eitt par frå 7 andre land.
Kristian og Kristoffer spelar fantastisk i finalen og tok bronseplassen - Vi gratulerer!!!!
Eit fransk par vann og eit polsk tok andreplassen - resultatlister på arrangøren sine sider.
Bridge-EM 2012
Europameisterskapen for nasjonslag gjekk av stabelen i Dublin 13. til 23. juni.
Vi har hatt ein mistanke om det lenge - Norge er er ikkje lenger i verdstoppen i bridge. Kanskje ikkje så rart så lenge våre to beste spelar på laget (Monaco) som suverent vann den eine kvalifiseringspulja? Heilt til siste kamp i den andre pulja var det ein tett kamp mellom Norge, Hellas og Ungarn for å berge ein plass blant dei 9 beste. Norge "banka" Spania og det heldt akkurat til 9. plassen. Men sjølv om det norske laget kom vidare til sluttspelet, hadde dei med seg så mange dårlege resultat at sjansen for ei topplassering - og plass i VM 2013 - var liten.
Norge fekk onsdagen ein svært god start i sluttspelet med siger 17-13 over Monaco (med Helgemo - Helness) i ein jamn kamp utan den heilt store imp-omsetninga (34-23). Men det meste må ha gått galt i kampen mot Frankrike. Norge tapte 7-23.
I kampen mot Sveits torsdag føremiddag gjekk Norge ut i 100 og 25VP såg ut til å vera innan rekkevidde når bare 6 spel stod att, men då rakna det litt og sigeren vart til slutt "bare" 20-10. Ein god spurt mot England sikra siger 17-13. Bra! Siste kamp på torsdag var nok ein svak kamp mot antatt dårlegare motstandar som endte med 13-17 tap mot Romania.
Fredagen starta med ein knapp siger 16-14 mot Russland. Takk vera ein ubegripeleg 16 IMP miss i første spel blei det 13-17 tap mot Island. Mot Nederland blei det eit - med amatørauge sett - velfortent stortap 25-2. Norge avslutta også svært svakt med 5-25 mot Polen og endte heilt nede på 15. plass.
Monaco med Helgemo - Helness på laget blei Europa-meistrar. Nederland kom på andre og Italia på tredje. Dei tre siste VM-plassane gjekk til England, Tyskland og Polen.
Heller ikkje damene og seniorane imponerte. Men damene fekk til slutt ein anstendig 10. plass, England vann med Frankrike på andre og Tyrkia på bronseplass. Seniorane fekk ein 14. plass - Frankrike vann med Polen og Skotland på pallen.
Komplette kamp- og resultatlister kan du finne på arrangøren sine sider.
Europameister i klubben!
Prestasjonane til landslaga våre i Irland svingar voldsomt, men kva gjer vel det når våre eigne er stø som fjell? Oddvin Tjensvoll kom nyleg heim frå Frankrike med gullmedalje frå europameisterskapen for jernbanefolk saman med Einar Nordvik frå Nærbø BK - vi gratulerer!!!!!!! Dei fire andre på laget var Arne Joar Basmo, John Våge, Terje Nilsen og Terje Reime.
Sommarbridge i kretsen:
Sjå NBF sitt oversyn over sommarbridge elles i landet
Nye kontingentreglar
Bridgetinget vedtok første helga i juni nye retningsliner for medlemskontingent m.v. Vedtaket inneber m.a. at den personlege medlemskontingenten vil bli lågare enn i dag (kr 200), ordninga med lisens fell (stort sett) bort og det blir innført ei "serviceavgift" pr. spelar for turneringar på alle nivå (inkl. klubbkveldar - kr 10 pr spelar/kveld). For klubben vil ordninga i praksis bety at vi må vurdere å justere opp "spelepengane" - vedtektsendringane inneheld og ei formulering om at dei som spelar meir enn tre gonger i klubben automatisk vil bli registrerte som medlemmer (og avkrevd kontingen). Vi reknar med at nyordninga blir innført frå nyttår, og reknar med å få meir informasjon ganske snart, m.a. gjennom medlemsbladet. Dei som vil vita meir kan lese saksutgreiinga.
Pinseturnering i Stavanger
Eli Solheim og Ivar Anfinsen vann ei triveleg parturnering i Stavanger 2. pinsedag (28. mai) - vi gratulerer.
NM for klubblag
Vi gratulerer også Bergen akademiske (Sven-Olai Høyland, Jim Høyland, Kjell Gaute Fyrun, Magne Eide og Tor Bakke) som vann den jamne og spanande i finalen i NM for klubblag i Namsos helga 25.-28. mai. På andre kom Kristiansand og på tredje Heimdal - resultatliste her.
God norsk innsats i Bonn
Det norske (lands)laget (Charlsen-Hoftaniska, Berg-Svendsen) vann kvalifiseringspulja si i Bonn Nations Cup. Men dei norske imponerte ikkje i finalen og Polen vann fortjent (som i fjor), men masse gratulasjonar med ein fin 2. plass i godt selskap! Resultatliste her.
Ruter7 Open
Rekrutteringsklubben Ruter7 i Kristiansand gjer ein fantastisk jobb - og idéen med å la urutinerte spelarar få spela med norske toppspelarar er flott . 110 par deltok!
Bente Faag spela på bord 1 (det var monrad-turnering) mest heile dagen i hovudturneringa lørdag 12. mai saman med makker Roy Olsen frå Kristiansand. Det heldt heilt inn - med knapp margin. Vi gratulerer! Kjetil Hildal frå Ruter7 og Markus Bruno frå Kristiansand kom på andre og mine forhåndsfavorittar Espen Lindqvist - Ronny Kolnes kom på tredje. Du finn mange rogalendingar fint plasserte på resultatlista.
Søndag 13. blei det spelt eliteturnering (22 par). Den blei vunnen av Atle Grefstad saman med Martin Reinertsen frå Farsund medan Kristian Stangeland og Torild Heskje vant den opne sideturneringa (50 par). Vi gratulerer vinnarane - og ikkje minst arrangørane med eit storarta arrangement!
Bente Faag blei nest beste rogalending med 5. plass i den opne turneringa(!!!) og svigerfar Aksel Faag kom på tredje. Vetle Faag blei nest beste rogalending i elitepulja med 10. plass. Litt av ei helg for Faag-familien!
TIPS:
Registrerer at nokre klubbar har problem med å få fram resultat frå spelekveldane på sine nettsider. Det kan vera nyttig å vite (dersom ein publiserer med Ruter) at resultata alltid vil vera å finna slik http://www.bridge.no/var/ruter/html/klubbnummer/
- f.eks http://www.bridge.no/var/ruter/html/1282/ for Tasta-Randaberg
Vårturnering Klepp BK 2012
Reidar Laland vann vårturneringa med Ingvar Erga på andre. Fred Arne Moen og Inger Lill Olsen kom på delt tredjeplass og Magne Tjensvoll - Magnor Time på delt femteplass - Resultatliste (poengserie) her.
Bedriftsmeisterskap for lag
NAV-Rogaland med Bjørn Børre Leinan, Kjell Ramsvik, Rune Bjelland og Thorleif Skimmeland på laget vann helga 20.-22. april den nasjonale bedriftsmeisterskapen for lag - vi gratulerer. Resultatliste her.
Jærpåsken 2012
28 par spelte er triveleg påsketurnering på Klepp. Som vanleg stod Nærbø BK for prima matstell.
Torhild Heskje - Thorleif Skimmeland vann med Jomar Lygre Undheim - John Helge Herland på andre og Tommy Søiland Marius Skree på tredje. - Heile resultatlista her.
Ope Nordisk meisterskap for juniorpar
blei spelt i Karlstad påskeafta og 1. påskedag. Etter seriespelet låg Kristian Stangeland saman med André Hagen på 2. plass, men dei fekk det tøft mot dei nederlandske vinnarane i Monrad-finalen og måtte til slutt ta til takke med 3. plassen. Even Morken og Kristian B. Ellingsen kom på 2. og Kristoffer Hegge - Lars Arthur Johansen på 7. Kjempeinnsats av dei norske para - takk for god påskeunderhaldning i ei jamn og spanande turnering! Resultatliste her.
Resultatliste frå lagturneringa i Lyngdal Skjærtorsdag
KM-lag 2012
Finalen i KM-lag blei spelt 24.-25. mars. Lag Muri frå Stavanger vann framfor lag IVAR frå BK Gann. Her er resultatlista.
Årsmøte 2012
37 av dei 55 medlemmane møtte til årsmøte i Klepp bridgeklubb tirsdag 20. mars. Jostein Høyland blei vald inn som ny i styret etter Enevald Grude. Enevald får ein velfortent pause etter ca 30 år i styret. Takk for ein kjempejobb for klubben!
Klubbmeisterskapet 2012
Reidar Laland - Ingvar Erga vann turneringa og kan smykka seg med klubbmeistertittel for 2012. På andre kom "tremannsparet" med Tommy, Ståle og Sverre og på tredje Gaute og Sigmund. Vi gratulerer! - Heile lista her.
KM-par
vart arangert på Figgjo 10-11. mars. 26 par deltok - det burde sjølvsagt vore dobbelt så mange, men trass alt ein liten framgang frå dei siste par åra. Jan Eirik Olsen - Karl Chistian Baumann vann og fekk med seg Geir Larsen - Erik Eliassen og Tommy Søyland - David Ueland til NM-finalen. Alle Klepp-para spelte i "B-pulja" og hevda seg svært bra der. Sigmund Rosland - Endre Haukali vann denne med Reidar Laland - Ingvar Erga på andreplass. Komplett resultatliste her.
Divisjonsspelinga ferdig for sesongen
Siste helg av 1. og 2. divisjon blei spelt i Trondheim helga 10.- 12 februar. I 1. divisjon havna "Rogalandslaget" (Rune Hauge + halve Monaco m.m) på ein litt skuffande delt 4. plass - vinnarar blei som i fjor Vestfold. I andre divisjon, avd. B kom også lag Skimmeland på delt 4. Vinnarar i 2. div (og altså dei som rykkjer opp til 1. divisjon) blei: Avd A - Midt-Trøndelag, Avd. B - Østerdal og Avd. C - Oslo
Hjå NBF finn du informasjonsside med lenkjer til resultat, bilete m.m.
3. og 4. divisjon blei avslutta på Figgjo i helga 4.-5. februar. 3. divisjonsavdelinga vart vunnen av lag Søiland (Nærbø) beståande av Tommy Søiland, Ståle Frøyland, Daniel Ueland, John Helge Herland og Are Nesdal - vi gratulerer med plass i 2. divisjon neste år! På andre plass kom lag Bang (Stavanger) og på 3. lag Larsen (Stavanger). - Resultatliste her.
I 4. divisjonspulja vann lag Thu (Statoil) med lag Vingen (Eigersund) på andre og lag Gjertveit (Statoil) på tredje. Laga frå Klepp kom til slutt på 5. (Rosland) og 8. (Idsø) - sjå heile resultatlista.
Mange norske i Reykjavik
Stor norsk deltaking på Island helga 27. - 29.1., også nokre lokale "heltar". Det blei norsk siger i parturneringa ved Svein Gunnar Karlberg - Kurt Ove Thomassen. Best av spelarane frå NBF Rogaland blei Thorleif Skimmeland - Bjørn Børre Leinan på 30. plass (av 134).
Eit 3/4 norsk lag med Marianne Harding, Odin Svendsen, Geir Brekka og den engelske sponsoren Simon Gillis tapte knapt siste kamp etter å ha leda før denne - og endte til slutt 3. plass. Vann gjorde eit islandsk topplag.
Bjørn Børre Leinan og Thorleif Skimmeland kom, saman med Simon Eilerås og Birger Pedersen frå Haugesund, på 30. plass (av 78 lag) og John Helge Herland, Tommy Søiland, Jan Erik Olsen og Karl Christian Baumann kom på 34.
Komplette resultat på arrangøren sine sider.
Nye klubbadressar
Fleire av klubbane i NBF-Rogaland er inne i ein periode der dei skaffar seg internettsider for første gong, eller får seg nye (gjennom NBF eller NBF-Rogaland sine løysingar). Vi prøver å følgje med så godt vi kan, men gi beskjed om du veit noko vi ikkje veit. - Du finn klubbane under "Lenkjer" i menyen. Siste nye er at Lura BK og Hinna BK nå har fått nettsider med resultatservice.
Sølv om vi (førebels) ikkje er kjempebegeistra for løysinga til kretsen, har Gudmund gjort ein kjempejobb med å få klubbane på nett!
Storturneringa i Bergen
Boye Brogeland saman med Frode Nybo kom på 3. plass, elles var det ikkje den heilt store innsatsen av spelarar frå NBF Rogaland i den årvisse Storturneringa som gjekk av stabelen i Bergen helga 21.-22. januar. I elitepulja blei John Helge Herland - Jan Erik Olsen best av "våre" med ein anstendig 11. plass (av 52). Vann gjorde Jonny Hansen - Jon Sveindal.
Litt betre gjekk det i den 59 par store A-pulja der Ingvald Søiland - Ronny Kolnes sikra seg ein fin 7. plass og Willy Myhre - Mona Lindstrøm kom, etter ein kjempegod søndagssesjon, på 10. Reidar Lerbrekk - Einar Nordvik endte på 15. Vi nemner og Espen Haugstad (sjølv om han vel aldri har vore medlem i NBF Rogaland?) som kom på ein flott 8. plass med makker Dag Inge Torgersen.
Resultatlister på arrangøren sine sider.
God innsats i London
Den renomerte TGR auksjonstuneringa med mange av dei beste bridgespelarane i verda på startlista gjekk av stabelen i London 14.-15.1. Tommy Søiland og David Ueland oppnådde ein meir enn anstendig 16. plass (av 54). Sam Inge og Sven-Olai Høyland kom på 3. og Odin Svendsen - Jan Tore Berg på 5. Vinnarar blei som i fjor Jørgensen - Einarson frå Island - resultatliste her.
KM-lag kvalifisering
Lørdag 14.1. blei det spelt KM-lag kvalik på Figgjo. Laga med deltakarar frå Klepp kom på delt 5. og 7. plass. Med 5 lag vidare til finale er vi litt usikre på om det blir Klepp-spelarar i finalen - link til resultatliste her.
Nær 4. runde i "cupen"
Klepplaget (med mest bare Bjerkreimsbuar - Jonas Hegelstad - Magnus Sundvor og Egil Stokkeland - Lars Svela) kjempa tappert i 3. runde NM-klubblag mandag 9.1. og tapte med "fattige" 7 IMP (83-76) mot det antatt mykje sterkare Stavangerlaget (Vetle Faag - Geir Larsen og Maiken Skaaren-Per Ove Egeli) - godt jobba karar! Cup er cup - og nærare 4. runde går det mest ikkje an å koma!
Flott romjulsturnering på Ganddal
Den svært populære romjulstuneringa på Ganddal samla heile 50 par dette året - "vel blåst" og honnør til arrangøren for ei kjempefin turnering. John Kristen Våge - Per Ove Egeli vann føre Nils Steinsland - Harald Gjerde - resultatlista her.
Familiebridge i særklasse!
Kvart år rundt juletider avviklar familien Stangeland stor bridgeturnering i heimen hjå Eirik og Bothild. Dette året stilte dei sju bord laurdag 17.12. Dei aller fleste deltakarane innan familien, m.a. systrene Liv på 87 og Jorunn på 90! To månader gamle Enok blir sikkert også ein god bridgespelar om ikkje altfor lenge :) Resultata (der ungdommen dominerte stort) her.
Ryfylke BK
Dei to klubbane på "Strandalandet" (Vatland og Strand) har vedteke å slå seg saman til Ryfylke BK. Den "nye" klubben har nå og operative heimesider med resultatpublisering.
Ny speledag på Nærbø
Nærbø BK har endra speledag frå måndag til torsdag. Klokkeslett er 18.30 som før og inn til vidare føregår spelinga på Nærbø ungdomsskule.
Gratulerer til Oddvin Tjensvoll
Vi har fått ein norgesmeister i klubben. Oddvin Tjensvoll vann saman med Einar Nordvik NSB sitt bedriftsmeisterskap for par - dette var i konkurranse med fleire av dei beste spelarane i landet og såleis smått imponerande. Til sommaren reiser dei til Frankrike for å delta i jernbanefolket sitt EM.
NM for klubblag
Klepp vann begge kampane i "cupen" (NM for klubblag) som vart spelte lørdag 19.11. Mot Hinna 1 vann vi 18-12 og mot Stavanger 4 blei resultatet 23-7. Klepp er såleis kvalifiserte for 3. runde! Vi satsar på finalen :-) Siste kampen i trelagsspelet vann Hinna 1 19-11 over Stavanger 4.
Seriemeisterskapen
1. og 2. divisjon blei spelt i Trondheim i helga (4.-6. nov). Etter ein tung start, særleg for Skimmeland & Co i 2. div, spelte begge laga "våre" seg fint opp til 4. plass. Resultatlister: 1. div (med Hauge & Co) 2. div avd A , 2. div avd B (der Rogaland 2 deltek) og avd C. Dei siste fem kampane i toppdivisjonane blir spelte i byrjinga av februar.
12. og 13. november var det 3. og 4. divisjonsspeling i Figgjohallen. 2 reine Klepplag deltok i 4. divisjon og gjorde seg ikkje bort, dei ligg "mitt på treet" før dei siste kampane i februar. Resultatliste her.
Spanande haustturnering 2011
Avslutninga av haustturneringa blei som ventande spanande og det blei tett om "pallplassane", men Ståle Frøyland og Einar Nordvik heldt unna (imponerande utan strykningar), på andre kom Reidar Idsø og Odd Ingve Reve og på tredje Jonas Hegelstad og Egil Stokkeland. Vi gratulerer og takkar for god deltaking (det var i snitt over 20 par på kvar av dei 7 spelekveldane). Samanlagtresultat finn du her.
Brukbar deltaking på "giganten"
37 par deltok på Nærbø-giganten som blei avvikla i helga (22.-23.10.).
Maiken B. Skaaren - Per Ove Egeli (Stavanger) vann turneringa, med Simon Eileraas - Helge Svendsen (Haugesund) på andre og Ståle Frøyland (Nærbø) - Martin Reinertsen (Farsund) på tredje.
Heile resultatlista finn du her.
Vona om meir edelt metall i Kroatia forsvann
Kristian Stangeland og makker Kristoffer Hegge fekk 5. plass i par-kvalifiseringa, men desverre blei dei utslegne i semifinalen. Det andre norske paret (Harald Eide og Kristian Ellingsen) endte på 16. plass i finalen.
Siger i Kroatia
Det norske ungdomslaget "Vickys Vikings" med Kristian Stangeland på laget vann Board A Match lagtevlinga i det opne Junior VM i Kroatia. Avgjerda fall litt heldig i siste spelet der dei franske motstandarane bomma på ein slem der dei norske ungdommane tok 12 stik i 4 hjerter. Vi gratulerer!
Følg Kristian vidare på meisterskapssidene. Det er og sendingar frå Kroatia på BBO.
Spelesugen?
Helgeturneringane står i kø utover hausten. Sjå "invitasjonar" i hovudmenyen til venstre.
Vi håpar og (dersom styret er samde) å kunna stilla reine Klepp-lag både i KM-lag, 4. divisjon og NM-for klubblag - gi eit vink til eit styremedlem om du er interessert i å vera med på eit lag.
Ope ungdoms-VM i Kroatia
Kristian Stangeland og lagkameratane på "Vickys Vikings" klarte ikkje koma til finalane i hovudturneringa (13 plass av 27 - 8 VP bak kvartfinale), men ser ut til å gjera det bra i Board-A-Match-lagtevlinga som pågår nå (26.08). Meir informasjon finn de på meisterskapssidene. Det er og sendingar frå Kroatia på BBO.
Sluttrapport frå festivalen
Det blei litt tekniske problem undervegs og smått med rapportar. Torild Ueland og Eli Solheim blei norgesmeistrar for damer og Geir Larsen (ein trugen gjest på Klepp) fekk saman med makkerKristian Barstad Ellingsen 3. plassen i IMP across the field, elles blei det ikkje meir medaljar til Rogalands-par/-lag.
Neste år møtest vi i Fredrikstad - vi kan nok leva utan Håkons hall, men byen kjem vi til å sakne.
Om eigen innsats er kan rapporterast at eg og lensmannen leia klart før siste runde i ei 42-spels turnering, men her skal det ikkje "safast" - eg gambla på ein 6 spar, som aldri stod, og endte på tredje :(
Måndagsrapporten
Diverre ikkje mykje edelt metall og heider og ære til Rogalendingane i dag, men for all del heiderleg innsats både i Mix-Lag og Monrad-Par
Søndagsrapport frå Lillehammer
Vi gratulerer Kristian Stangeland og makker Kristoffer Hegge med første NM-tittelen dette året (Junior par) - resultatliste her.
Også i mix-par hevda rogalandsspelarar seg godt sjølv om det ikkje heldt heilt til topps. John Helge Herland endte til slutt på "sølvplass" med makker Randi Nyheim, medan David Ueland og Lisbeth Glærum til slutt blei nummer 5. Ingen av Rogalandsspelarane gjorde seg bort og du vil finna mange fine plasseringar på lista.
Mix-Lag og Monrad-Par er ferdige med første av tre sesjonar. I monraden ligg Sverre og Ingvald Søiland på ein flott 8. plass, klarar dei halde denne blir det NM-finale. I Mix-lag er Rebekka og Helga Stangeland saman med Reidar Lerbrekk og Erik Eliassen i fin posisjon på ein 12. plass. Listene blir fortløpande oppdaterte - og det er jamnlege sendingar frå Lillehammer på BBO
(Eigen innsats er framleis ikkje mykje å skrive heim om :)
Lørdagsrapport frå Lillehammer
"Lokale heltar" ligg svært godt an før siste sesjon søndag føremiddag både i mix og junior. I mixen har David Ueland med makker frå Bergen (Lisbeth Glærum) stort sett kniva i toppen heile dagen og ligg på tredjeplass når spelinga for dagen er slutt, på femte ligg John Helge Herland og Randi Nyheim frå Nøtterø. Også Ivar Anfinsen og Eli Solheim, Torild Ueland med makker, Sjur Nedrebø og Hege Sundland og Geir Larsen og Hilde Bjørlo ligg og i fin posisjon før siste økta. Sjå lista her.
I NM junior ligg Kristian Stangeland med makker Kristoffer Hegge på andreplass - litt etter leiarparet - liste her.
Min eigen innsats er ikkje mykje å skrive heim om - men du verda så kjekt det er!!!
Bridgefestivalen for døra
Nå er der bare dagar igjen før mange av "oss" reiser til Lillehammer for å vera med på den siste festivalen der i byen på ei stund frå 29.7. - 6.8. Dei tre neste åra vil festivalen haldast i Fredrikstad.
Interesserte kan følgja daglege overføringar på BBO og elles halde seg oppdaterte på resultat m.v. på festivalsidene.
Junior EM i Bulgaria
14. - 23. juli gjekk EM for junior (lag) i Albena, Bulgaria. Norge var sjølvsagt representert. "Dei eldste" kom på ein noko skuffande 10. plass medan Norge sikra ein fin 5. plass i den yngste klassen og sikra plass i VM på Cuba neste år. Meir informasjon på arrangøren sine sider.
Lite norsk å gleda seg over i Polen
Generelt skuffande norsk innsats i opent EM i Polen som slutta 1. juli, men svært gledeleg at Jan Erik "James" Olsen og Jan Fjælberg frå Stavanger til slutt blei det beste "reine" norske paret i parfinalen på ein flott 28 plass (bare så vidt slått av norsk/engelsk/polske Arthur Malinowski og Arild Rasmussen). I midtseksjonen kniva dei sågar heilt i toppen - vi er imponerte. Sjå arrangementssida for meir detaljar.
Lynstart med Bridgemate
Onsdag 25. mai bestilte vi Bridgemate. Laurdag 28. mai fekk vi dei (honnør til Idrettsbutikken!). Tysdag 31. mai var "matane" første gong i bruk i klubben. Spelarane handterer utstyret som dei aldri har gjort noko anna, Ruter fungerer og som det skal og turneringsleiaren har definitivt fått eit "nytt liv".