Gjerstad Kraftstasjon er i "drift" att! Ein dugnadsgjeng har reist den gamle hytta til Våge Lysverk som stod her fram på 1950-talet. Inne i hytta finst framleis turbinen og alt det andre utstyret, meir eller mindre intakt. Omvising etter avtale - kontakt Tore Økland tlf 53 43 12 67 / 905 58 189.
Slik stod den gamle stasjonsbygningen til Våge Lysverk i mange år, før den nye hytta vart reist i 2014. (Foto: Randi Kleppe, bladet Tysnes)
Våge Lysverk vart etablert i 1934. Det var sivilingeniør Olav Helland som stod bak tiltaket.
Olav Helland var ein av dei mange arbeidslause på 1930-talet, men hadde det pågangsmotet som skulle til for å skapa si eiga verksemd. Dermed planla han eit kraftverk av atskilleg større dimensjonar enn det som hittil hadde vore vanleg i kommunen. Han prosjekterte ei utbygging av Gjerstadelva og fekk bygd ei røyrgate til Amundstølen der kraftstasjonen vart bygd.
På byrjinga av 1950-talet, då Tysnes Kraftlag tok til å levera straum i Våge, gjekk det ikkje lang tid før Tysnes Lysverk var ein saga blott. Den vesle kraftstasjonen med turbinen og generatoren vart ståande på Amundstølen i mange år, men stod etter kvart til nedfalls.
Skisse av kraftstasjonen. (Teikning: Ketil Rage).
Prosjektet "Gjerstad Kraftstasjon", som vert leia av stølsutviklar Tore Økland, har no sett seg føre å restaurera den gamle kraftstasjonen, og gjera løypa langs røyrgata oppetter lia til den øvste demninga til ein attraktiv turløype for liten og stor!