Fellestur 3.6 til Skauerøya

Publiseringsdato: Jun 04, 2010 9:31:27 PM

Torsdag 3.6 samla vi oss igjen på Verven for å ro ein tur. Harald, Thor, Wenche og Per-Oddvar la ut i to båtar - Harald sin velskjøtta Bindalsfæring og Per-O sin båt Frøya.

Harald hadde det fint som rormann i båten sin, med Thor og Wenche som "galeislaver". Frøya gjekk for segl størsteparten av turen, og segla lik godt gjennom Spring-Inn.

I Vestre Hestholmsbukt tok vi ein lengre rast med kaffi og allskens gode bakverk. På returen prøvde Per-Oddvar å krysse opp mot vinden på Skallefjorden, noko som medførte at turen vart 20 minutt lengre enn nødvendig. Det er då vi minnest Odd Børretzens visdomsord:

Jeg elsker å seile, og seiler så seint som jeg kan

For turen er slutt når man kommer til land

Vi ser fram til neste tur 17.6, som kanskje går til Auesøya / Kaldvellfjorden / Dypvigbukta

Trase for turen

Lengd: 3.54 NM

Dette er del av Blindleia Kystlag sin serie "Ro, ro til fiskeskjær"