1. Elevforsamling
Elevorganisasjonen i Vestland
2025
Elevorganisasjonen i Vestland
2025
Treng du fråværsdokumentasjon? Send ein e-post til vestland@elev.no!
401 73 939
oliver.vage@elev.no
Ein Elevforsamling er det høgste organet til Elevorganisasjonen i Vestland mellom to Årsmøte. Her har me mogleik å skulere elevråd, bli kjend med medlemsmassen, vedta endringar til grunndokument og supplera fylkesstyret. Det er også en gyllen mogleik for deltakarane å sjå kva me har gjort hittil i perioden, samt bli kjende med kvarande.
Me ynskjer skulen din velkommen den 28. - 30. november på Lakesvåg vidaregåande skule!
Saman skapar me den beste skulen i verda!
Vil du melde opp ei sak?
Alle medlem av Elevorganisasjonen i Vesltland kan melde opp saker til behandling på Elevforsamlinga. For å melde opp ei sak sender du dette på e-post til vestland@elev.no saman med nødvendige saksdokument.
Fylkesstyret vil hjelpe dersom du treng hjelp med å melde opp saka di!
Vil du sende inn forslag? Det kan du gjere via lenka under:
Etter kvart som forslag blir sendt inn, vil dei bli lagt inn i her:
Det siste me gjer på elevforsamlinga er å halde val på dei resterande plassane i fylkesstyret, DK-leiarane og valkomitéen.
Har du eit dikt, ei kjærleikserklæring, ein god vits eller ein god meme? Send det inn til diktboksen!