MO RANA 

Samarbeidet mellom Memoar og Rana Historielag starta med eit kurs og to dagar med intervjuopptak i januar 2022. Helgeland Museum var også part i samarbeidet, og vertskap for kurs og intervjuopptak.   Eit viktig innslag i januar var eit industrihistorisk gruppeintervju med fire ingeniøarar som alle begynte på Jernverket rundt 1970. Det vart også gjort ein serie livsløpsintervju med lokale veteranar. Alle vil bli lagra for framtida, og dersom dei som har blitt intervjua gir sitt samtykke til publisering. vil dei også bli tilgjengelege her. Fram til skriftleg samtykke er mottatt, vil dei vere sperra med passord. (Spørsmål om passordet må rettast til dei som har blitt intervjua) 

Lokal historie i rana

levd Industrihistorie 

Tirsdag 18. januar 2022 stilte dei fire ingeniørane Tore Michalsen, Hans Peter Jæger, Øystein Strømnes og  Arve Oxas til ein industrihistorisk samtale på Helgeland Museum. Dei kom alle til Jernverket rundt 1970, og var med både på høgdepunktet av den gammelindustrielle gullalderen på 70-talet -  og dei dramatiske omstillingsåra på 1980- og 90tal. 

Kortversjonen over er eit lite utdrag der dei diskuterar om det var store forskjellar mellom arbeidar og funksjonær i Mo på 1960 og -70talet. 

Full versjon av samtalen ventar på publiseringssamtykke frå dei fire deltakarane. 

Kortkurs-MunnlegHistorie-Rana-juni2022

Ny økt 2. og 3. juni 2022: 

Like før sommaren sette inn for alvor, møttest kursdeltakarane på ny for å gå gjennom eit kort oppfriskingskurs og å gjennomføre eirekke nye ingtervju. Denne gong med historielaget og muséet sine eigne interjuarar. Frå Memoar stilte Bjørn Enes, med ansvar for oppfriskingskurset, eit av intervjua - og for å delta i refleksjonane både om det som skjer der og då og kva osom skalskje vidareframover.

Introduksjonskurset 18-19 januar 2022 

Memoar, Rana Historielag o Helgeland Museum inviterar alle interesserte i Rana og resten av Helgeland  til introduksjonskurs om munnleg historie onsdag 19. januar 2022, Helgeland Museum/ Nordland Vitensenter. Kursdeltakarane er også velkomne til å delta som intervjuar, medintervjuar eller observatør under intervjuopptak dagen før - tirsdag 18. november. 

Send gjerne inn forslag i forkant på personar som bør intervjuast som primærkjelder til lokal historie i i løpet av dei to dagane.  Send til post@memoar.no

Tirsdag 18/1

Vi byrjar kl. 12:00 med ein kort brief for dei som skal vere med på intervjuopptak. 

Kl. 13 tek vi til å arbeide praktisk med intervju. Vi likar å gjere reelle intervju som skal bevarast og eventuelt publiserast. Dei av kursdeltakarane som vil starta med intervju er særleg velkomne til å delta som intervjuar, medintervjuar eller observatør. Vi held på til omlag kl 20. Det er også planar om fleire intervjuopptak på torsdag 20/1. 

Onsdag 19/1

Vi startar klokka 10:00 og held på til ca 16:30. Dette er teori-dagen: Vi brukar erfaringane frå dag 1 som "case" for å gå gjennom etikk, avtalar, førebuingar, intervjuteknikk, litt kamera/lyd/lys-teknikk, mellomlagring, dokumentasjon, arkivering/avlevering til Norsk Folkeminnesamling og formidling.

Vi brukar presentasjonen under som læremiddel. 

Omlag to veker seinare:  Webinar 

Frå hausten -21 gjennomfører vi dag 3 som webinar, ca. to veker etter dag 1+2.  

Vi brukar det til å utveksle erfaringar som er gjort i mellomtida, og diskuterar vidare framdrift. Deretter arbeider vi praktisk med etterarbeid: Dokumentasjon, etikk (presseetikk, museumsetikk), litt redigering, arkivering/avlevering til Minner.no, og formidling.

I prosjektet "Munnleg historie for alle" 2019-2022 kan Memoar, Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking tilby historielag, musé og andre så å seie gratis kurs om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg historie. 

Samarbeidspartnarane må ordne kurslokale, lokale til intervjuopptak og invitasjonar til kursdeltakarar og intervjuobjekt. Det er også viktig at samarbeidspartnarane gjer avtale med minst ein person som kan bli intervjua dagen før sjølve kursdagen. Vi kan gjere opp til tre intervju - helst med personar som er primærkjelder til lokalhistorisk utvikling. Kursdeltakarane kan delta - som intervjuar, medintervjuar eller observatør - så sant dei som skal bli intervjua samtykker til det.

Memoar dekker våre eigne kostnader (kursleiarar, reise, utstyr), takka vere Sparebankstiftelsen DNB og prsojekt "Munnleg historie for alle"

For å ta del i webinaret på dag 3,  må du ha tilgang til ein PC (eller Mac eller Chromebook eller nettbrett eller telefon med internett). Maskinen din må ha kamera og mikrofon. Ein ekstern mikrofon/øyretelefon gir ofte betre kvalitet på lyd inn og ut. 

Du må ha interesse for å lytta til andre folk sine forteljingar om levd liv og erfaring. Ut over det er det ingen førehandskrav. 

Ta kontakt med post@memoar.no

Hovudpresentasjonen på introkurset:

Memoarmetoden 222

Inger Christine Årstad  

Inger Christine Årstad er ny leiar i Memoar frå årsskiftet. Ho har vore tilknytta som deltidstilsett og frilansar sidan hausten 2019. Fram til nyttår var ho formidlingsleiar ved Mjøsmuseet. Ho er utdanna filmskapar, og har også gjennom mange år hatt sitt eige produksjonsselskap for dokumentarfilm og munnleg historie.

Bjørn Enes 

Bjørn Enes er veteran i arbeidet med munnleg historie. Bak seg har han eit halvt arbeidsliv i industrien, og den andre halvdelen som journalist. Han har arbeid i Memoar sidan starten i 2015, og var dagleg leiar der fram til årsskiftet 21/22.