Vedtekter

VEDTEKTER FOR VINNES BYGDEUTVAL

1. Føremål

Vinnes Bygdeutval (VBU) skal arbeide for allmenne interesser og slik styrke Vinnesbygda som ein attraktiv tilhaldsstad for fastbuande og ferierande i alle aldrar. VBU skal vere pådrivar for tiltak som vil medverke til positiv bygdeutvikling.


2. Medlemar

Medlemar i VBU er fastbuande eller personer med fast eigedom i tidlegare Vinnes skulekrins og barna deira. Medlemar må vere fylte 15 år.


3. Arbeidsoppgåver

  1. Styret for VBU skal:
    • Stimulere til auka tilflytting (fastbuande og ferierande)
    • Stimulere til «marknadsføring» av bygda
    • Vere bindeledd og talerøyr mellom bygda sine innbyggarar og det offentlege
    • Søke kontakt med andre bygdeutval det vil vere naturleg å samarbeide med i saker som
    • går ut over bygdegrensene
    • Kalle inn til og gjennomføre årsmøte
    • Kalle inn til og gjennomføre bygdemøte i saker som krev meir enn styret si eiga
    • handsaming
    • Kalle inn andre lag og organisasjonar i bygda til gjensidig orientering, samråding og
    • eventuell planlegging minst ein gong i året


4. Årsmøte

Årsmøte er VBU sitt høgste organ og vert halde innan utgangen av juni kvart år. Årsmøtet gir bygdeutvalet fullmakter og pålegg. Medlemar av VBU har møte- og stemmerett ved personleg oppmøte.

Innkalling til årsmøte skal skje ved oppslag av plakatar i bygda og annonse i lokalavis, og ved annonsering på VBU sin internettside (vinnesbygda.no). Annonseringa av årsmøtet skal skje seinast fire (4) veker før årsmøtet vert halde. Presentasjon av saksliste skal skje seinast to (2) veker før årsmøtet. Framlegg til årsmøtesaker skal vere styret i hende innan tre (3) veker før årsmøtet. Ekstraordinært årsmøte kan skipast når leiar og/eller styret krev dette, eller når femti (50) medlemar krev dette.


5. Årsmøtet sine oppgåver

    • Godkjenne årsmelding og revidert rekneskap
    • Handsame innkomne saker/framlegg
    • Gjennomføre val av nytt styre
    • Ta stilling til styret sitt framlegg til tiltaksliste for komande år og gjere ei prioritering av
    • denne
    • Gjennomføre val av prosjektgruppe/prosjektansvarleg tilknytt styret sine framlegg til
    • tiltak for komande år.


6. Val

Styret til VBU skal bestå av fem (5) personar: leiar, kasserar, skrivar samt to styremedlemar. Det skal veljast to vararepresentantar. Styremedlemane vert valde for to år om gongen. Styret skal vere breitt samansett med omsyn til alder, kjønn og fastbuande/ferierande.

Styret vert valt for eitt år, med unnatak for leiar og skrivar, som vert valde for to år. Leiar vert valt av årsmøtet, og styret konstituerer seg sjølv.

Årsmøtet skal også velje revisor.


7. Stemmegiving

Avstemming vert avgjort ved simpelt fleirtal.


8. Vedtektsendringar

Endringar av vedtekter skjer ved 2/3 fleirtal blant dei frammøtte på årsmøte/ekstraordinære årsmøte.


9. Oppløysing av laget

Oppløysing av laget skjer etter innstilling frå styret og ved 3/4 fleirtal av dei frammøtte på årsmøtet/ekstraordinære årsmøte. Bankkontoen til VBU skal ved ei eventuell oppløysing verte sperra for ein periode på fem (5) år. Om eit nytt bygdeutval ikkje er etablert innan den tid, skal eit eventuelt overskot på VBU sin konto disponerast til bygda sitt beste. Ved oppløysing av laget skal to disponentar for kontoen verte valde av møtelyden. Desse skal representere andre lag/organisasjonar på Vinnes.


10. Valnemd

Styremedlemar som går ut av styret utgjer valnemnd. Valnemnda skal levere si innstilling til nye styrekandidatar til det sitjande styret seinast to (2) veker før årsmøtet.