10.02.2020

Årsmøte for Foreninga Vikeså Misjonshus

Referat:

Tid: Måndag 10.02.2020

Sted: Peisestova, Vikeså Misjonshus

Tale: Leif Wikøren Nilsen

Årsmøtesaker:

1. Val av møteleiar:

Vedtak: Ingunn Helland Nilsen vart vald etter framlegg frå salen.


2. Val av referent:

Vedtak: Solveig Eikrem vart vald etter framlegg frå salen.


3. Val av to personar til å signere protokollen.

Vedtak: Stein Kittelsen og Ingunn Ognedal


4. Årsmelding:

Ei avkorta melding vart lese opp av sekretæren for styret.


5. Rekneskap:

Sidan kasserar i styret ikkje var til stades grunna sjukdom i familien, vart rekneskapen berre presentert på skjerm. Rekneskapsførar kommenterte litt og svara på spørsmål.

Rekneskapen er kontrollert og ferdig revidert av Øyvind Sjøtrø.


6. Val av representantar til styret m.m.:

Leiar: Ingunn Helland vart attvald for eit nytt år.

Oddvar Sæth og Gunn Anita Vestersjø vart i fjor valde for eitt år. (Dette for å kome inn i rett modus med utskifting av styrerepresentantar).

Begge sa seg villige til å veljast for to nye år.

Valet vart gjort ved akklamasjon.

Siri Sjøtrø og Solveig Eikrem var ikkje på val.

Styret for foreninga Vikeså Misjonshus vert då uendra for året 2020.

Valnemnda har vore Reinert Vassbø, Ingunn Ognedal og Magnus Helland.

Reinert går ut og Rolf Moi er nytt medlem av nemnda.

Ny revisor er ikkje spurt. Øyvind Sjøtrø vert oppmoda om å stå eit år til.


7. Framlegg om å endra §3 i vedtektene:

Framlegg til fire moglege endringar var sende ut til medlemmene i god tid før årsmøtet. Etter ein engasjert samtale vart det gjort nokre endringar. Denne formuleringa av §3 vart samrøystes vedteken.


"Foreninga har som føremål å fremja kristen tru og lære for innbyggjarane i kommunen vår og fremja misjon i inn og utland. Verksemda skal byggja på Bibelen og dei evangelisk - lutherske vedkjenningsskriftene."


Merknader:

Endringane i dei geografiske avgrensingane vart gjort for å signalisere auka samarbeid med kyrkja og Bjerkreim Bedehus, og vårt felles ansvar for heile regionen.

Tillegget som presiserer den konfesjonsmessige ståstaden til foreninga vart gjort for å leggja eit trygt grunnlag for auka samarbeid på huset.


8. Framlegg om å opprette ei arbeidsgruppe.

Denne gruppa skal lære om og arbeide med organisering av verksemda i Foreninga Vikeså Misjonshus.

Framlegg til å opprette ei slik gruppe var sendt ut til medlemmene i god tid før årsmøtet.

Framlegget vart samrøystes vedteke.

Gruppeleiar : Oddvar Sæth (frå styret)

Medlem: Gunn Anita Vestersjø (frå styret)

+ minst 2 personar frå Foreninga VM

Fleire personar har blitt spurde men endå har ingen svart bekreftande.

Styret fekk mandat til å leite opp moglege kandidatar.

Men for å få til ei slik gruppe må alle medlemmene i Foreninga Vikeså Misjonshus dele på rekrutteringsansvaret.


9. Vidare samtale om arbeidet på Misjonshuset:

Spørsmål frå Kyrkjekontoret: Ynskjer vi å vera med i ordninga med T-2 studentar også for arb.året 2020/2021

Alle var positive.

Auka samarbeid på tvers av bedehusa. Viktig signal om at vi står saman i eitt fellesskap.

Gudstenester på Misjonshuset?

Samarbeid med gudstenestelista til kyrkja for 2021


10. Eventuellt:

Ingen saker


Referent Solveig Eikrem


Referatet er underskrive av Stein Kittelsen og Ingunn Ognedal.