Kvit kjempe
I nærleiken
Som ein planet i nærleiken
Min gode granne
Nei, meir
Så mykje meir
Ei kjempe; ei kvit kjempe
Som skin
Skin og strålar
Over livslause planetar
Over yta
Her hjå meg
Brer seg eit ljos
Frå månen
Ein spegel
Som krinsar rundt meg
Ljoset skin
Blendande vakkert
Over mørkeret i mine auge
No endeleg
Ser eg
Meg sjølv i ljoset frå deg
Eg ser
Så tydeleg no
Alt kva eg i sanning er og alltid var
Takk, du
Ljosande kjempe
Som skin så sterkt utan sjølv å vita