Trandalrock

8. juni 2019

TRANDALROCK, ein nyfødt festival med ROCK i fokus!

Med Christian Gaard som samarbeidspartner og Trandal som perfekt festivalområde, låg alt til rette for ein suksess.

Takka vere ALLE DOKKER som var med på å gjere 10. juni 2017 og 9. juni 2018 til fantastisk dagar/kveldar/netter, og dei utelukkande positive tilbakemeldingane frå dokker, er no TRANDALROCK klar for runde 3!


Fleire band frå nært og fjernt er ivrige og vil kome og vere med oss på Trandalrock 2019. I år, som i fjor, vil vi ha ein mix mellom dyktige artistar, "tighte" rockeband og rå musikk her i frå fjordane, og fleire erfarne, energiske og spennande band utanfrå.

Vi oppfattar at lokale band og støttespelarar er like positive som før årets festival, og det er fantastisk å oppleve så mykje goodwill blandt folket i bygdene våre!

Vi gleder oss til mange gode musikkopplevingar og god stemning!

Vi sjåast på TRANDALROCK!


Trandalrock 2019, facebook


Trandalrock på Facebook


Trandalrock på Instagram


Trandalrock 2018, facebook


Trandalrock 2017, facebook