PÅ TUR I HEIMLEGE TRAKTER

Post date: 18.mar.2012 21:22:33

Ein treng ikkje reise langt for å få seg ei fin oppleving. For skipper og frue ombord i Ariel, vart ein tur til Volda i vårsol (og seinare skyer....) ein slik oppleving. Ro, rekreasjon og frisk sjøluft er godt både for kropp og sjel. Og da er det ikkje så viktig at det er så langt.

Roleg kryss forbi Berkneset fredag ettermiddag

Vakker søndagsmorgon, i Volda. Foto: Anders A. Steinnes

Roleg kryss forbi Berkneset laurdag ettermiddag. Foto: Albert Paul Steinnes

No skal det nå seiast at vi skulle i eit 40-års lag, men da er det jo godt å ha kort veg til senga. I hvertfall når det vert seint på natt før ein kjem på at det er lurt med søvn.

Stabil vind frå SA gjorde seilasen ut fjorden til ein leik. Foto: Anders A. Steinnes

Spekkhoggarar påveg forbi Steinnes. Foto: Albert Paul Steinnes

Det har jo vore observert kval i fjordane siste dagane, og håpet om å få oppleve dette satt i oss begge på veg rundt Berknes-halvøya. Men samme kor mykje vi stirra ut i horisonten i kikkert, så var det ikkje noko uvanleg å sjå i sjøen. Men, men. Ein får leve i håpet om at det ein dag er min tur til å bli omsverma av

blåsande spekkhoggarar rundt skutesida i solnedgong.

Meldingane for helga var definitivt ikkje på vår side. Fredag drog det opp med kuling og storm. Og søndag ettermiddag kom kuling, lyn, og seinare snøbyger. Men midt i mellom der, frå laurdag ettermiddag til søndag formiddag, ja da var det flott å være på sjøen. Og det var akkurat den tida vi trengte til ein fullkomen tur på fjorden i skuta vår.

Anders A. Steinnes

På veg inn Ørstafjorden. Nysnø i fjella. Foto: Anders A. Steinnes