Juntaleiaren Min Aung Hlaing viser blekket på fingeren etter at han ga si røyst. Foto: Myanmars væpna styrkar si informasjonsavdeling for sanne nyheiter via VG og Nettavisen.
Arne S. Berntsen 30. desember 2025 01:16
Sundag 28. desember vart fyrste runde av valet i Myanmar erklært for opna av landets militærjunta, som no har styrt sidan kuppet i 2021. Myanmar har nyleg vore ramma av ein brutal borgarkrig, som har vart i nesten 5 år og kosta nesten 6800 sivile liv, og hatt ei turbulent historie med konstant borgarkrig, alvorlege menneskerettsbrot som etnisk vald mot rohingyaane, etniske konfliktar og politisk ustabilitet.
Får kraftig kritikk
Den fascistiske militærjuntaen meiner dette vil gi ein sjanse for ein ny start og nye moglegheiter både politisk og økonomisk for det fattige landet i Aust-Asia.
Men valet er ikkje breit akseptert blant ekspertar og det internasjonale samfunnet, og har vorte kraftig kritisert og lattergjort av fleire menneskerettsorganisasjonar, inkudert FN og fleire vestlege land. Dei peker på at valet ikkje er fritt og rettferdig og at juntaen tvinger folk til å røyste medan dei samstundes undertrykker opposisjon. Landets største politikar, Aung Saan Su Kyi, sit framleis i husarrest og partiet hennar, Nasjonalligaen for Demokrati, får ikkje lov å delta på dette valet.
Det dominante partiet, Unionens solidaritets- og utviklingsparti (USDP), leidd av pensjonerte generalar stiller med ein femtedel av alle kandidatane ved valet. Dei kjem til å få makta, seier Lalita Hanwong til VG, som er førelesar og Myanmar-ekspert ved Kasetsart-universitet i nabolandet Thailand.
– Juntaens val er utforma for å legitimere og forlenge militærets slavemakt over folket, seier ho.
– Og USDP og andre parti i allianse med militæret vil slå seg saman for å danne den neste regjeringa, held ho fram.
Ein mann viser blekket på fingeren etter at han har røysta ved Kyauktada-valstasjon, 28. desember. Foto henta frå CNN.
Folk vert utsette for grufull vald og undertrykking
Rapportar frå FN og fleire andre kjelder viser til brutal maktbruk mot sivilbefolkninga for å tvinge dei til å røyste, mellom anna systematisk arrestasjon og tortur mot barn so ung som 2 år, og fengsling av motstandarar av valet. Kritikk eller boikott av valet er ulovleg etter ei ny lovendring som arresterer kritikarar for å "forstyrre prosessen av valet."
Nyleg uttrykte FNs menneskerettssjef Volker Türk sterk bekymring knytt til valet.
– Militære myndigheiter må slutte å bruke brutal vald til å tvinge folk til å røyste, og slutte å arrestere folk for å gi uttrykk for kvar einaste form for ueinigheit, sa han i eit utsegn.
Etter fyrste valrunde sundag er det to til, 11. og 25. januar. Datoar for opptelling og kunngjering av resultat er so langt ikkje kjende.
Me i Raude Dølar støttar boikott og sanksjonar mot militærjuntaen og solidaritet med demokratirørsla, rohingyaane og dei undertrykte i Myanmar 🇲🇲
Kjelder: https://tv.nrk.no/serie/dagsrevyen/sesong/202102/episode/NNFA19020121, https://news.un.org/en/story/2025/06/1165041, https://snl.no/Myanmars_samtidshistorie,https://www.unicef.org/emergencies/rohingya-crisis, https://www.vg.no/nyheter/i/ExWK2K/kritisert-valg-i-myanmar-i-gang-foerste-paa-fem-aar, https://www.nrk.no/nyheter/myanmars-junta-sier-suu-kyi-er-ved-god-helse-1.17695510, https://edition.cnn.com/2025/08/16/asia/myanmar-election-atrocities-explainer-intl-hnk-dst, https://www.amnesty.org/en/latest/news/2025/12/myanmar-repressive-tactics-intensify-before-junta-imposed-elections/, https://www.ohchr.org/en/press-releases/2025/12/myanmar-turk-warns-against-violence-and-intimidation-ahead-military?utm_source=sdrn%3Avg%3Aarticle%3AExWK2K.