3 Positive Hendingar som skjedde i 2025
3 Positive Hendingar som skjedde i 2025
Arne S. Berntsen 1. januar 2026 18:40
2025 har vore eit år ramma av mykje frykt, menneskeleg lidning og politisk spenning, men det er ikkje dermed sagt at alt var trist og sørgeleg av den grunn. Me i Raude Dølar har plukka ut våre topp tre hendingar førre året, som ikkje berre var positive for venstresida men òg for den lange kampen vår for ei inkluderande og rettferdig verd:
Foto: Reuters
Trassa Órban og sette ny rekord
15. april 2025 forbaud det ungarske parliamentet, leidd av det ultranasjonalistiske Fidesz med Viktor Órban i spissen, "å vise" eller "å promotere" utradisjonelle kjønn eller seksuelle minoritetar, og at dette ville føre til harde straffer mot dei som braut med dette. Trass i forbodet møtte so mange som 300.000 menneske opp på den fargerike og mangfaldige Budapest Pride-paraden 28. juni, og slo med dette den nasjonale rekorden i landet.
Verdas blidaste ordførar, Zohran Mamdani gir USA og New York nytt håp. Foto: REUTERS / NTB
Sosialist og muslim tok New York med storm!
Ordførarvalet i New York city 2025 fekk stor internasjonal oppmerksemd på grunn av ein veldig spesiell kandidat, den unge karismatiske Zohran Mamdani. Han er veldig kjend for sin skarpe kritikk av Israel si gruvsame handsaming mot palestinarane og for sine planar om å gjere New York til ein meir inkluderande og rimeleg stad. Etter ein engasjerande og suksessrik valkamp vann han valet med heile 50.8% av røystene mot Daniel Cuomo og Curtis Sliva med sine høvesvis 41.3 og 7.0 prosentpoeng.
Foto: NRK
Endeleg Samtykkelov!
Regjeringa på Stortinget fekk eit overveldande fleirtal for forslaget sitt om ei samtykkelov, som vart vedteke 6. juni og trådde i kraft 1. juli. Dette er eit stort framsteg i kampen for kvinners rettar og i kampen for ein tydelegare definisjon om kva valdtekt eigentleg er.
Kjelder: https://www.amnesty.eu/news/banning-the-rainbow-how-hungarian-authorities-banned-the-upcoming-pecspride-and-what-the-eu-should-do-about-it/, https://amnesty.no/sammen-gjorde-vi-2025-litt-lysere, https://www.nrk.no/urix/34-aring-blir-borgermester-i-usas-storste-by-1.17639748, https://apps.npr.org/2025-election-results/new-york.html?section=M#, https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/i-dag-trer-samtykkeloven-i-kraft/id3113434/, https://www.nrk.no/ostfold/flertall-for-samtykkelov-pa-stortinget-1.17444425#:~:text=Saken%20oppsummert%20*%20Samtykkeloven%20inneb%C3%A6rer%20at%20seksuell,for%20voldtektsofre%20og%20plassere%20ansvaret%20hos%20overgriperen