Vedtekten
1. VEDTEKTER FOR EQUINOR- SENIORKLUBB SOGN OG FJORDANE
1.1 Medlemmer må sjølv melde seg inn skriftleg. Ved innmelding før 1. juli betalar ein full kontingent, ved innmelding etter 1. juli betalar ein halv kontingent.
1.2 Ettelaten ektefelle/samlivspartnar kan bli medlem på same vilkår som avlidne ektefelle/ samlivspartnar.
1.3 Ektefelle/samlivspartnar sin evtuelt nye partnar kan ikkje bli medlem.
2. KLUBBEN SITT FØREMÅL ER Å VERE EIT SOSIALT OG INSPIRERANDE TILBOD FOR MEDLEMMANE.
2.1 Klubben er open for samarbeid med andre seniorklubbar.
3. STYRET
3.1 Styret sine representantar vert valde av klubben sine medlemmer ved elektronisk avstemming.
3.2 Styremedlemmer vert valde for to år, og kan bli gjenvalde.
3.3 Styret i klubben konstituerer seg sjølv og skal minimum bestå av to medlemmer.
3.4 Styret fordeler arbeidsoppgåvene mellom seg. Ved avstemming internt i styret, har leiar dobbelstemme.
4. ÅRSMØTET
4.1 Årsmøtet skal haldast i løpet av mars kvart år. Melding om årsmøte skal sendast medlemmer ein månad på førehand. Saker som ein ønskjer behandla på årsmøtet, må vere styret i hende seinast to veker før møtet.
4.2 Saker som skal handsamast på årsmøtet er:
- Godkjenning av dagsorden.
- Årsmelding
- Revidert rekneskap
- Godkjenning av styremedlemmer
- Val av revisor
- Val av valkommite
4.3 Ekstra årsmøte skal haldast dersom styret finn det påkrevd eller at 1/4 av medlemmane skriftleg krev det.
4.4 Det ekstraordinære årsmøtet skal kun handsame saker som er oppført på dagsorden.
4.5 Endringar av vedtektene kan kun skje på det ordinære årsmøtet.
4.6 Framlegg til endringar skal vere styret i hende innan ein månad før årsmøtet.
4.7 Endringar krev minst 2/3 fleirtal frå dei som har stemmerett.
5. OPPLØYSING
5.1 I tilfelle oppløysing av klubben, skal eventuell rest av tilskot frå arbeidsgjevar tilbakeførast til denne.
Rev. 25.02.2020