Info frå arrangør

Hei alle

Det ALLER viktigaste først:

Det kjem ein spelar som har svært alvorleg peanøttallergi, og det er naudsynt med nokre førehandsreglar med hensyn til det. Vi ber om at INGEN tek med seg mat/snop som kan innehalde peanøtter! Vi kjem sjølvsagt heller ikkje til å selje noko slikt (sørlandschips, snickerssjokolade, M, nøtteblandingar etc!)

Her skal vi vise at fotballen er for ALLE, uansett!! KJEKT at du kjem!!

Da er kampoppsettet på plass (vedlegg!), og vi krysser fingrane for null tilbakemelding på feil

MEN: gjer vèl og sjekk at ditt lag har

- riktig antal kampar, nokre har ein ekstra kamp! Sjekk godt!

- er i riktig klasse (G/J)

- at det ikkje er tiiiiimevis mellom kampane (nokon stader er det litt tid mellom, men da skal det vere kort mellom neste, ingen eksterne lag skal ha to lange opphold!)

- etc

Vi har prøvd å setje opp dei med lengst reiseveg på fornuftige tider (ikkje første morgonkamp etc), men hyl ut om vi har «blingsa» på noko her.

Vi har rekordpåmelding i år med 153 påmeldte lag, 1083 registrerte spelarar = KJEKT!!!

Vi skal gjere det vi kan for å skape ei god oppleving både på og utanfor bana.

Det vert eit solid kioskutval, og vi tek kontantar, bankkort og Vipps

Ein spent ny gjeng med dommarar gledar seg til å få dømme dei små håpefulle.

Støtte og forståing gjer at dei også vil dømme på neste cup!!

Mørehallen i Volda er noko oppvarma, men vi oppmodar ALLE, uavhengig av hall, om å kle seg godt!

Det er godt med parkeringsmoglegheiter både i Ørsta og i Volda, men vi oppmodar sjølvsagt sambygdingar om å la bilen stå, og gjestande lag oppmodast om samkøyring

KIWIhallen er i ØRSTA!!!!

MØREhallen er i VOLDA!!!!

VELKOMEN til ei heidundrandes kjekk fotballhelg, fullstendig uavhengig av storm og hagl

Engasjert Fotballhelsing

Cupnemnda i Kiwi Hallcup 2019

Volda og Ørsta