3. trinn

Informasjon til heimen, veke 47:

Oppdatert 14.11.19
  • Utviklingssamtalar: Det blir utviklingssamtalar i veke 47 og 48 for 3 A og 3D. Eiga innkalling er delt ut.
  • Samtaleskjema: Fint om alle som ikkje har levert inn samtaleskjemaet, leverer det inn snarast!
  • Halvårsvurderingar blir som i fjor lagt ut på VISMA. Det er veldig flott om de les gjennom denne før de kjem på utviklingssamtalen.
  • Me tek ein pause med lesekurs. Dei som har hatt lesekurs har fått blå mappe og gjer leksa som er på gul eller grøn.
  • Refleks: Det er kjempeflott om de minner ungane på å ta på refleks kvar morgon.
  • Minner om datoar for vennegrupper: 03. desember, 08. januar, 13. februar, 12. mars. Skriv inn i kalendaren allereie nå, det er viktig å halde seg til gjeldande datoar (grunna leksefri). Dersom de ikkje sjølv kan ha den datoen de fekk tildelt, prøv å bytte med ein annan i same vennegruppe.
  • Flott om alle kan ta ein sjekk i penalhuset. Alle må ha gråblyant, visk og fargareblyantar klar og spissa.
  • Veldig fint om de passar på at Chromebook berre blir brukt til skulearbeid. Me ser at fleire kjem på skulen med sider oppe som er reine spel og underhaldning. Hugs å ha straum på chromebook, og øyreklokker.
  • Me går på biblioteket på måndagar. Symjing torsdagar. Gym fredagar.
  • Chromebook: Me har ingen ekstra chromebookar eller pc-ar tilgjengeleg på skulen. Dersom ein elev gløymer sin chromebook, eller kjem med den utan straum, må han arbeide med noko anna mens klassen arbeider på chromebook.