Informasjon til heimen
Oppdatert 31. mai 2024
Lenke til fast informasjon til trinnet og anna informasjon for heile Motland skule.
Informasjon frå dei vaksne på trinnet
Elevane har fått med seg ein lapp i sekken med informasjon om Sommerles som starter 1. juni. Oppfordrer alle til å delta og lese mykje i sommer.
Elevane har fått utdelt lapp om diskotek tysdag 18. juni på Motland skule.
1.-4. trinn er frå kl. 17.30-19.30
5.-7. trinn er frå 20.00-22.00
Tysdag 4.juni har me open dag på Motland. Set av ettermiddagen. På open dag møter elevane og foreldre på skulen igjen på ettermiddagen. (dei får avspasere dette før sommarferien) Me har aktivitetar og matsalg rundt på heile skulen, pengane samlast inn til eit anna land.
Elevane møter i klasserommet kl.15.00 og går heim kl. 17.45.
1.trinn skal ha ansvar for 3 aktiviteter, kaste erterpose på blikkboks eller i rokkering og kino.
Det blir ikkje vanleg uteskulen/turdag for nokon av 1.klassingane dei neste to vekene. Dette betyr at mandag er vanleg dag i klasserommet, og onsdagar blir annleisdagar.
Onsdag 5.juni skal 1. til 3.klasse ha aktivitetsdag på skulen. Elevane møter vanleg i klasserommet, og går samla til aula kl.9. Her blir dei delt i gruppe på tvers av trinna. Gruppa skal gå på ulike postar/aktivitetar rundt i skulegarden. Elevane et vanleg i kantina denne dagen. Hugs å klede til å vere ute heile dagen.
Onsdag 12.juni skal 1. til 3.klasse gå til Loen for å ha idrettsdag. Elevane møter ved klatrestativet 8.20. Også denne dagen vert elevane delt i grupper i lag med 2. og 3.klassingar. Elevane får pølse i brød som lunsj i Loen. Viss eleven ikkje et pølse, må dei ha med eigen matpakke.
Siste skuledag for 1. og 2. trinn er onsdag 19.juni, dei avspaserer torsdag 20.juni.