7. trinn
Varhaug skule - Me løfter kvarandre
Informasjon til heimen
Sist oppdatert 23.04.24
Mat og helse veke 17: Grøn og gul - Veke 18: utgår for blå og rød har på torsdag. Blå får kome å smake når rød har mat og helse. Frå veke 19 gå me tilbake til 2 bolker om gongen.
Fredag 26. april syklar me til Jærmuseet. Her skal me vere med på eit opplegg om 2. verdskrig. Me skal ha samtale om krigen på garden og omvising i bunkersane. Ta med sykkel, hjelm, niste, drikke og klede etter vêret.
Avslutingsfesten for trinnet blir tysdag 18. juni kl. 18.00. Velkomen til foreldre!
Tysdag 18. juni vil me ha generalprøve kl 09.00. Då er besteforeldre, tanter, onkler og søsken velkomne. + Foreldre som av ein eller anna grunn ikkje får det til på kvelden kan og kome å sjå! (Søsken som går på skulen her får sjå revyen siste skuledag).
I veke 14 startar me det tverrfaglege prosjektet: "Korleis var det å vera jøde, nordmann og tyskar under 2. verdskrig?" Dette temaet vil gå over seks veker i faga; norsk, KRLE, tema, samfunnsfag og engelsk.
Frå veke 15 : Gruppa som har kunst og handverk vil bli delt i to. Den eine delen vil vere på skulen å ha kunst og handverk, den andre delen skal møte på Iden å ha e-sport (Minecraft). Sjå eige oppsett.
Mat og helse: HUGS at dei som skal ha mat og helse må ha med forkle og innesko. Har eleven langt hår må dette vere i hale, så hugs halestrikk.
Hugs - elevane skal arbeide effektivt i 30 min med leksene - sit dei lengre er det lov å stoppe.
Fast informasjon:
Gym: Alle må ha med seg gymklede, gymsko, handklede og såpe.
Onsdag 1. økt: rød.
Onsdag 2 økt: gul.
Torsdag 1. økt: blå.
Torsdag 2. økt: grøn.
Fint viss elevane har med seg eiga drikkeflaske :)
Hugs at elevane skal lade Chromebooken heima.
Oppmodnar alle elvane til å ha innesko.