Informasjon om heimesida

Informasjon om heimesida:

Heimesida er laga via Google sitt system og er derfor best å sjå med nettlesaren Chrome som er gratis både til PC, Mac, Iphone, Android og Linux. Last ned Chrome eller få hjelp til det.

Forklaring til søk og mobil-modus

SØK

Det er eit problem at ein ikkje får søkt på heimesida når ein går inn på viltlag.no. Dette p.g.a. at heimesida har ei anna adresse som ein vert send vidare til frå adressa «viltlag.no». Når ein har trykt på "her" i setningen: 

"For å søka på heimesida trykk her og søk oppe til høgre" 

vert ein sendt over til grunnadressa til heimesida og der er det greit å søka oppe til høgre i søkefeltet. Ein får då heimesida opp i ei eiga fane og så lenge ein er i den fana kan ein søka. Søket på heimesida går også inn i "Arkiv" og søker der.

 Mobiltelefon og nettbrett

Dersom du brukar mobiltelefon eller nettbrett vert sida ofte vist i mobil-modus. Kolonna med linkar på høgre side av startsida kjem då nederst på startsida og ikkje på høgre side.

Linkar og filer som ikkje opnar seg:

Det viser seg at det er eindel filer og linkar på Viltlaget si heimeside som ein ikkje kjem skikkeleg inn på når ein klikkar på dei på vanleg måte (med venstre museknapp). Løysinga på dette er:

Dersom du ikkje kjem inn der du vil så sett musepekaren bort på linken eller fila du vil sjå og trykk så ein gong på høgre museknapp, velg så "Åpne i nytt vindu" og du skal komma inn. Dersom du ikkje får fram dokument under "Vedlegg" med å trykka på "Vis" så prøv å trykk "Last ned" og velg så "Åpne" eller "Åpne med.."

Dersom du har ein Gmail-konto så kan enkelte dokument på heimesida vera lettare å sjå dersom du er pålogga kontoen din. 

Dersom du er inne på heimesida frå jobb så kan det vera at enkelte dokument vert stoppa av brannmuren lokalt.

 

"Velkommen til Vegårshei Viltlag si heimeside 2011.pdf" er det dokumentet som aller best dekkar funksjonane til heimesida og er den absolutt beste bruksanvisninga. Du finn det nederst under "Vedlegg"  som pdf-fil.

 

Informasjon om den nye Heimesida til Vegårshei Viltlag.

"Startsida" er "førstesida" til Vegårshei Viltlag. Her finn ein alt av informasjon angåande Vegårshei Viltlag. 

Fortløpande saker i venstre kolonne (den breiaste). Dato når sakene er lagt inn står lengst til venstre. I høgre kolonne er informasjonen lagt meir organisert. Klikk på desse områda og gjer deg kjent på dei forskjellege sidene. 

Dersom du ikkje finn det du leitar etter så kan du gjera eit søk i søkefeltet oppe i høgre hjørna. 


Det er også navigeringsrad øverst på heimesida. Denne navigeringsrada er synleg i alle sider. Prøv deg fram her. 
Du vil alltid komma attende til "førstesida" med å klikka på det blå "Startsida" oppe på venstre sida. Dersom du er inne i eit dokument der navigeringsrada ikkje viser, så trykker du på pila oppe til venstre (som også peikar til venstre) til du kjem på ei side som har navigasjonsrada øverst.                      

Det kan vera dokument som må visast fram som ei dokumentfil av forskjellege årsakar. Desse dokumentfilene ligg nederst på den aktuelle sida og desse får ein lest med å klikka på dei. Dersom det å trykka på "Vis" ikkje fungerar, kan du i staden trykka på "Last ned" og så velga "Åpne" eller "Åpne med".

"Startsida" har link til den gamle "førstesida" dersom det er ting du vil sjå etter der. I tillegg er det link til Vegårshei Viltlag sitt fotoalbum der me ber om at me får tilsend bilete. Du kan også send oss e-post frå heimesida med å klikka på epost-linken. Sist men ikkje minst ligg det på sida oversikt kva som er rapportert inn av felte hjort (med antall fellingsløyver att i 3-årsperioden), felte rådyr, felte bever, sette merka elg og vurdering av elgstammen i dei forskjellege jaktlaga. Innrapporteringa skal gå gjennom jaktlaget sin kontaktperson.

 Med å klikka på fila nederst på sida (under "Vedlegg") får du ein betre oversikt.

 For å opna filer under "Vedlegg" kan det henda du treng Adobe Reader ( filer som endar på .pdt ). Andre filer kan ein opna med LibreOffice. Oftast vil imidlertid PC-en din opna filene utan vanskar.


11 05 14 HURRA!  Problemet med å komma inn på heimesida til Viltlaget via adressa  viltlag.no eller www.viltlag.no  er no løyst. Du kan bruka adressene og kjem så rett inn på heimesida. Einaste forskjellen er at det når du brukar/skriv inn desse adressene står det i adressefeltet (øverst)  adressa: 
https://sites.google.com/site/vegarsheiviltlag/
når du er inne på heimesida. Det er slik det vert framover. Fordelen er at du då kan søka i heile heimesida direkte i søkefeltet heilt oppe på h. side

Rapporter inn problem med heimesida her.

Last ned Adobe Reader her.

Last ned LibreOffice her.



Ċ
Vegårshei Viltlag,
2. okt. 2011, 13:19
Comments