Om filmklubben

Vågå Filmklubb vart stifta i 2003 og har ca 6-7 visningar i halvåret. Nokre av visningane er kombinert med middag og sosialt samvær i etterkant.
 
Vi har normalt visningane våre på Vågå kulturhus, og alle visningane startar vanlegvis kl 19.00 om ikkje anna blir opplyst.
 
Medlemskap kostar kr 150,- pr halvår. Kvar visning kostar kr 50,-. Visningane er i utgangspunktet for medlemmar, men det er mogleg å vera gjestemedlem for kr 100,- pr film. 
 
Alle over 16 år er velkomne til å bli medlem i filmklubben.
 
Ønskjer du å komme inn på mail-lista vår for å få tilsendt informasjon om program og visningar,
så send oss ein e-post: vaga.filmklubb@fjellnett.no.
Comments