Historia til Grendahuset

   
Oppdatert 1. august 2010
Magne Bye.


Jonas Leganger om historia til Grendahuset.

Utvalde avsnitt.


--Ein konto i ein bank i Bergen under navnet Stadlandet Skytterlag byggekonto-

--- Eg må seie at i min ungdom hadde eg stor interesse for skodespel og teater i det heile: Men utstyr og scene var so skrøpelig som det kunne bli. Det var å halde til borte i ei lade eller ned på eit sjøhus med å bygge opp ei provisorisk scene av gamle bord som ein velvilligst fekk låne her og der. Ein gong var her reve ned eit gamalt naust, og av det fekk vi bygge opp ei scene.


Å skipa til fest på eit sjøhus..........Då dansa ein no tre kveldar til ende---

Eg fekk etter mange og lange forhandlingar løyve på 2. etage på sjøhuset hjå Elias Lekanger til å

halde skyttarfest med skodespel. I den tid dreiv han hermetikkfabrkk og sjøhuset var blant anna

lagerplass for ferdig hermetikk. Da den festen som her er omtala vart halde, var 2. etage på

sjøhuset nesten fullt i hermetikkboksar, og dette var einaste plassen som kunne brukast.

Vi fekk lovnad på sjøhuset på den måten at vi tok all hermetikken (mange tusen boksar) og flytte den opp i ladehuset til Elias Lekanger. Han hadde nett då fått bygd seg ei ny driftbygning. Men avtala var også at når festen var slutt, skulle hermetikken bringas ned att på sjøhuset. Vi fekk låne hesten på garden til å køyre hermetikken fram og tilbake med. Der måtte og byggast scene og skaffast benker og kasser å sitja på for festlyden under framsyninga av skodespelet. (Eg må seie at det var litt av ei påkjenning å stå for alt dette når ein i tillegg spela hovudrolla i spelstykket som vart

framsynt, men det gjekk bra.) All hermetikken vart fint køyrd tilbake på plass. So var det no den einaste festen for heile året som der var dans på, men då dansa ein no tre kveldar til ende.

2

1938

Slik måtte ein kjempe for det ein trudde på


Ein del av bygdefolket var ikkje noko serleg for dette at ungdomen skulle få seg eit eige hus til sine aktiviteter, noko som ungdommen i andre bygder i fjorden og ellers i landet hadde fått.

Det var ikkje so greit å stå fyre noko på det kulturelle plan i bygda når ein møtte slik motstand.

Ungdommen hadde emna på ein festkveld med skodespel. Det var vel ein av dei fyrste festar ein

heldt der inntekta skulle gå til ungdomshus. Vi hadde ingen andre stader å vere enn i skulehuskjellaren. Det var no der bygdefolket hadde samlast både til 17. mai og og julefestar.

Til denne her omtalte festen var der opplagt eit godt program: Sangkor, hornmusikk, opplesing og eit spelstykke. Lærar Johs. Sande var då komen til bygda. Han hadde lovd å tale på festen.

Vi som styrte med dette fann at det var greit å gå fram på ein ærleg måte og vende oss til den som var kretsformann for skulen og spurde om å få låne skulehuskjellaren til denne festen. Eg fekk til svar at han hadde ikkje noko imot det, men vi måtte også spyrje formannen i skulestyret. Det lovde eg og ringde formannen i skulestyret. Han var lærar på Ferstad. Ja, når krinsformannen ikkje hadde noko imot det, så skulle ikkje han heller nekte. På den måten fekk vi løyve på skulehuskjellaren å

halde fest i. Festen skulle vere ein sundagskveld. Det var kome til fredagskvelden; mykje av ungdommen var samla i skulehuskjellaren fyr å lage til fest. Millom anna måtte der oppsetjast ei provisorisk scene. Eg sat heime og arbeidde med noko som skulle framførast på festen. Her kom plutseleg ein frå festnemnda heim til meg med beskjed om at no var krinsformannen der og ville jage ut ungdommen som arbeidde der med den grunngjeving at eg hadde ikkje fått noko lovnad på huset. Det var sjølvsagt ei blank lygn. Eg sa til han som kom med bodet at han måtte sykle fort tilbake til skulen og varskue ungdommane at ingen måtte gå heim før eg kom, og ellers kunne dei fortsette arbeidet som ikkje noko hadde hendt. Ja ungdommen var, som rimeleg var, heilt opprørt, men dei trudde på meg. Ein var no klar over at vi måtte personleg til skulestyreformannen dagen etter. Petter Bjørlykke hadde bil, og han og eg reiste tiil skulestyreformannen, likeeins skulle vi ha med oss kredsformannen. Vi rekna so slik: Skulle dei fortsatt nekte oss skulehuskjellaren, ville vi ta eit kredsmøte på det same dagen. ---- Det fyrste eg ville ha klarlagt var om eg hadde fare fram med noko usannhet når det gjaldt den løyva som var trekt attende. Det måtte karane ansikt til ansikt overfor Petter og meg vedgå at eg ikkje hadde sagt noko usant. Skulle vi no få låne skulehuskjellaren eller ikkje? Nei, dei kunne ikkje gjeva løyve. Ja, so tar vi kretsmøte i Nordstranda skulekrins. Vi hadde organisert å kalle inn til krinsmøte samme kveld, ved at der skulde sendast nokon til kvart hus i bygda og varsku om møte. Svaret skulestyreformannen ga, var at bygda hadde ikkje noko med dette å gjere å ta avgjerd i.... Kven er det da som har den endelege avgjerda i dette spursmålet vilde vi vete. Svaret var: Det er Selje skulestyre. Ja so får du no samankalle skulestyret i denne dag for no skal vi endeleg ha eit greit svar. Skulestyreformannen unnslo seg med at ein ikkje kan få samla skulestyre på slikt kort varsel. Til det svara vi at her er telefon i alle bygder. -------

----- Til slutt lovde skulestyreformannen å samankalle skulestyre over telefon til klokka 5 på ettermiddagen, og soleis vart det. ----

-----Klokka 5 samlast skulestyret i Selje over telefonen. Eg var oppmøtt på stasjonen på Stadlandet. No vart alle telefon-stasjonane i Selje samankobla og det gjekk fint teknisk.

Programmet for festen hadde formannen fått før, og det vart no opplese. Soknepresten var og medlem av skulestyret, og det var no han som for det meste førte ordet. So skulde dei ha greie på korleis lærar Sande såg på spyrsmålet, og han vart tilkalla over telefonen. Han svara at han hadde lovd å halde festtale, og det akta han å gjere. Programmet var det no ikkje noko å seie på.

Det var no dette skodespelet. Soknepresten spyrde om eg ikkje kunne sløyfe skodespelet.

Nei, sa eg. Enten skal festen gå etter det programmet som er oppsett eller eg bles av heile festen sa eg. Ja då får du ta det heile fulle ansvar, sa presten. Ja, det gjer eg med glede. På den måten fekk vi løyve på skulehuskjellaren. Festen vart verkeleg ein festkveld. Slik måtte ein kjempe for det ein trudde på.


Comments