Om oss

Skodalsåas Venner
vart etablert i 2013. Det er ein interesseorganisasjon som i første rekkje skal bidra til å ta vare på og spreie kunnskap om kulturminne knytt til verksemd sprunge ut av dei mange bruksmåtane vatnet i Skodalsåa har hatt gjennom tidene og vil ha i nåtid og framtid.

Skodalsåa Kulturstig
Kulturstigen langs Skodalsåa har så langt vore hovedprosjektet til Skodalsåas Venner. Kulturstigen vart offisielt opna i september 2015 og består av tilsaman 14 informasjonstavler som alle gir informasjon om kulturminna langs Skodalsåa. Du finn meir informasjon om kulturstigen i menyen til venstre.