Informasjon om Sjonar

Laget blei stifta i 1921 og huset er visstnok ferdigstilt i 1950, sjå vedlagt fil frå artikkel i Haugesund Avis 13.05.1948.

Laget sine aktivitetar føregår på huset .

 
Barneleikarringen er i full gang og øver hver torsdag fra kl1700 til kl1800

Aktivitetskveldar for mellomtrinnet går føre seg fyrste fredag i kvar månad og målgruppa her er 4., 5., 6., og 7. klasse på Tysværvåg
og Førland skule.  Dei held til i kjellerstua på Sjonar frå kl. 19.30 til kl. 22.00 og her kan vi tilby åpen kiosk, fotballspel, bordtennis, og åpen nett-tilgang.  Det er alltid vaksne tilstede ved desse tilstelningane og ungane bør oppfordras til å vera på ungdomshuset sitt område
for sikkerheita sin del.

Linedance  har vi kvar onsdag fra kl 19.30 til 21.00. Kom å bli med dei så vil.

Revygjengen holder også hus på Sjonar. Dei treffes når eksponeringslysta blir høg nok, og held hus i kjellerstua fram til sceneøvingane tvingar dei opp på scenen i storsalen. Dei styrer seg sjølv, lager sketsjar og tekstar sjølv og har selvfølgelig månge lokale tema føre seg.
Her er aldersgrensa 15 år og revygjengen er ein god gjeng som alltid har lyst til å stifte nye bekjentskap. Så når oppslag om revymøter dukker opp på Slåttevik handel - ta turen til Sjonar å bli med i revyen. Revyansvarleg er nå Åshild Austerheim Milje.


Ċ
Sjonar Ungdomshus,
23. jan. 2014, 04:10
Comments