Rogaland Mållag






Rogaland Mållag er eit fylkeslag i Noregs Mållag.
Det er ein paraplyorganisasjon for lokallaga i Sør-Rogaland.

Laget vart skipa 26.03.1920
Organisasjonsnr. 994 658 271





Skipa 26. mars 1920

Stavanger Maallag saman med Hetland Mållag tok initiativ til å skipa fylkeslaget Rogaland Mållag. Skipingsmøtet vart halde 26. mars 1920 i Stavanger. Gaute Steinnes frå Stavanger vart leiar. Karmsund Mållag kom til i 1913 og Noregs Mållag i 1906. Sør-Rogaland var heller seint ute med å få eige fylkesmållag.

Styremøta var på Bondeheimen i Stavanger, Rogaland Ungdomslag sine lokale. Det var 10 lokale lag og medlemstalet var 1050. (I 2016 var talet 1070 fordelt på 18 lokallag). Arbeidet var å få føretak til å nytta nynorsk skriftleg og få skilt på rette målet. Ei anna viktig sak var å få landsgymnas for bygdeungdommen i fylket. Det var fleire forslag til stader, Sand eller Bryne. Det enda på Bryne og 29. august 1924 starta skulen med 22 elevar.


Litteratur:
"Så lang ein strid: Rogaland Mållag gjennom 75 år" av Njål Tjeltveit, utgjeve av Rogaland Mållag 1995
"Rogaland Mållag i femti år: 1920 - 1970" av Johan Veka, Bryne 1970