Norsk mål‎ > ‎Fråsegner‎ > ‎Fråsegn arkiv‎ > ‎

Nøytrale kommunar må ta språkleg ansvar

posted 4 Apr 2017, 13:07 by Rogaland Mållag   [ updated 4 Apr 2017, 13:09 ]
I Rogaland er nesten halvparten av kommunane språknøytrale. Målrørsla konstaterer at språknøytrale kommunar i hovudsak nyttar bokmål som administrasjonsspråk. Situasjonen vert særleg aktualisert ved at kommunar med ulike språkvedtak slår seg saman.

Nøytrale kommunar kan ta ansvar for språket ved å gjennomføra desse tiltaka:
- bruka nynorsk i administrative einingar som er lokalisert i nynorskområde i kommunen
- veksla mellom bokmål og nynorsk i kommuneplanar, kommunedelplanar, årsmeldingar m.m.
- veksla mellom bokmål og nynorsk i informasjon til innbyggjarane, t.d. på nettsidene
For å lukkast i dette arbeidet er det avgjerande at kommunane har språkansvarlege på ulike nivå i administrasjonen.

Årsmøteseminaret på Sand 01. - 02. april 2017