Målprisen, Rogaland

2016 Tønes - Frank Tønnesen    Utdelt 27.10.2016 i etestova til Håland Kjøtt.

Tønes er ein kjend og populær artist som framfører på vestlandsspråket sitt, til gleda for folk i heile landet.



2015 (Frå 2016 har me endra årstal på målprisane. Det finst difor ingen 2015-pris.)


2014 Elin Wetås de Jara    Utdelt 16.06.2015 under kommunestyremøtet i Time.

Elin Wetås de Jara har utmerka seg med godt språk i arbeidet sitt i kommunen. Ho bruker nynorsk i det daglege arbeidet på ein framifrå måte. Arbeidet hennar i Time kommune har vore særs viktig for å halda nynorsken ved like i informasjonsflyten i kommunen.

Time kommune fekk samstundes overrekt Grunnlova på nynorsk i glas.


2013 John Sigurd Skien    Utdelt 19.06.2014 i NRK sine lokale på Ullandhaug, Stavanger.
Skien fekk utdelt Kongens fortenestmedalje etter meir enn 40 år i NRK. Samtidig vart han tildelt målprisen av Rogaland Mållag.
John Skien har utmerka seg med godt språk i radio og fjernsyn. Han bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet på ein framifrå måte. Arbeidet hans i Norge Rundt har vore særs viktig for å halda nynorsken ved like og visa det rike mangfaldet i språket. Det same kan seiast om arbeidet hans i NRK Rogaland.
 
 
2011 Janove Ottesen - Kaizers Orchestra    Utdelt 1.oktober 2012

På ein ny, spennande og uredd måte har Ottesen og Kaizers fremja den tydelege jærdialekten langt ut over Jæren og Noregs grenser med musikken sin. Det gler eit kvart hjarte som trur på krafta i språket, heiter det i grunngjevinga frå Rogaland Mållag.

Prisen blei delt ut på Garborgsenteret måndag 1. oktober. Leiaren i Rogaland Mållag, Einar Schibevaag, påpeika at det var ein høveleg stad for utdelinga. Janove Ottesen har nemleg fortalt at Arne Garborg på mange måtar har vore ein føregangsfigur for bandet. 

At Janove ser på Arne Garborg som ein av dei mest kjende jærbuane i verda, gler oss sjølvsagt. Men grunngjevinga han nyttar er viktigare. Garborg fekk bodskapen sin fram, ikkje berre i Noreg, men i verda elles, sa Schibevaag.
 
Kaizers Orchestra har tidlegare donert 30.000 kroner til Garborgsenteret på heimstaden Bryne.
(NPK)
 
 

2009 Nils Henrik Smith og Rita Eriksen    Utdelt under årsmøtet til Rogaland Mållag 6.mars 2010, Thons Maritim Hotell, Stavanger.

Rogaland mållag gav to målprisar for 2009, til forfattaren Nils Henrik Smith frå Bryne (no busett i Bergen) og artisten Rita Eriksen frå Sola (no busett i Oslo).

Alle veit at nynorsk er vakkert i poesi. Somme har høyrt det så ofte at dei nærast geispar når dei høyrer det, trass i at det er sant. Men eit språk kan ikkje nøya seg med berre eit liv i lyrikken. Det er viktigare at eit språk er funksjonelt til kvardags, og at språket blir brukt – blir skrive og lese – i eit mangfald av sjangrar i det offentlege rommet, i journalistikken, i informasjon og reklame, i arbeidslivet og på produkt og i song og musikk.
 

Sjå: Målprisen 2009 Nils Henrik Smith

 
 
 
2008 Arild Rein    Utdelt i 2009

 

2005 Helge Torvund    Utdelt på årsmøtet til Rogaland Mållag i 2006.

Denne prisen gjekk til Helge Torvund, diktar og diktlærar. Han har skrive mange tips og mykje rettleiing til folk som vil skriva dikt. Raus og auser av si kompetanse. Han driv på i diktkammeret til dagbladet.no. Alltid skrive nynorsk, sjølv om det var i Dagbladet. Der hadde det av og til skjedd at nokon i redaksjonen hadde skrive eit intervju (med målfolk) på nynorsk, men måtte omsetja det før dei fekk trykka det.

Same kva, diktkammeret – og Torvund si store rolle som lærar og tilsett der er positivt for nynorsken, difor fekk han prisen. Han var overraska over at folk hadde fått med seg arbeidet hans.

(Odin Hørthe Omdal)
 
 
2004 Torolf Nordbø     Utdelt 16.mars 2015
 "Styret i Rogaland Mållag har gitt målprisen for 2005 til Torolf Nordbø, mannen bak Brakkvald Tolvstøkkje, også kjent som Han Innante." 
(Stavanger Aftenblad) 
 
 
2003 Arnt Birkedal    
Arnt Birkedal har tidlegare fått tildelt Stavanger Mållag sin kulturpris for 1996.