Målprisar‎ > ‎

Målblomen, Stavanger

2016 Tore Renberg   Utdelt på Café Sting 15. februar 2017. 

Mottakaren av Målblomen 2016 har skrive fleire bøker på bokmål og ei på nynorsk. Bokmålet strakk ikkje lengre til og nynorsk vart redninga for det nye litterære verket. Han kjende seg heime i nynorsken.



2014 Anne Kathrine Kalvig    Utdelt på årsmøtet 27.januar 2014.
Stavanger Mållag ønskjer å heidra Anne Kalvig ved å gi henne Målblomen i 2015.
 
2013 Jan Zahl    Utdelt på årsmøtet 28.januar 2014.
Stavanger Mållag ønskjer å heidra journalist Jan Zahl ved å gi han Målblomen i 2014. Det nynorske skriftspråket er under kontinuerleg press, også som mediespråk. Difor får nynorskskrivande journalistar ein viktig kulturberande funksjon, og skriftspråket får ein eigen verdi som identitetsmarkør. Jan Zahl bidreg til at lesarane jamnleg møter nynorsk i Stavanger Aftenblad. Han skriv ein smidig nynorsk med tydeleg forankring i talemålet. I tekstane står Zahl fram som ein sjølvstendig og reflektert kulturjournalist som ikkje går av vegen for å stilla kritiske spørsmål.
(Anne Elise Winterhus)
 
 

2012 Solveig Grødem Sandelson    Utdelt av Stavanger Mållag og BUL under Nynorskstafetten i Arneageren 15.juni i Språkåret 2013.

Målblomen vart tildelt journalist og redaktør i Stavanger Aftenblad, Solveig Grødem Sandelson.