Saker‎ > ‎

Tidlegare saker

03.11.2016 Høyringssvar regionreforma

posted 22 Mar 2017, 09:03 by Rogaland Mållag   [ updated 22 Mar 2017, 09:04 ]

10.12.2015 Stavanger Mållag 100-årsjubileum

posted 22 Mar 2017, 08:58 by Rogaland Mållag   [ updated 22 Mar 2017, 08:58 ]

Stavanger Mållag feira 100 år i 2015

nov 2015 Språkval i Jæren kommune

posted 22 Mar 2017, 05:51 by Rogaland Mållag   [ updated 22 Mar 2017, 05:52 ]


Innspel frå Klepp, Time og Hå Mållag


Til:       Styringsgruppa for ein eventuell ny Jæren kommune

 


Bryne, 19. november 2015

Om språkval i Jæren kommune

Time og Klepp er av dei få kommunane som har vore uendra sidan kommunane vart etablerte. Me i Time, Klepp og Hå Mållag er opptekne av å ta vare på vår lokale språklege identitet og kultur. Me vil ta vare på vårt jærske mål og historie. Me trur at for å halda på dialekten vår er me avhengig  av å ha ein sterk nynorsk skriftkultur i skulen og kommuneadministrasjonen. Me trur og meiner at det er viktig å ta vare  på vår eigenart også i framtida. Me vil at ungane som veks opp i Time, Klepp og Hå skal vera stolte av staden dei kjem frå og halda på talemålet. Jærsk talemål vert assosiert med positive skildringar som arbeidssame og nøysame folk, eit flittig og målretta folkeferd. Det er verdt å ta vare på. Nynorsken og jærsk talemål er gjensidig avhengig av kvarandre for å overleva i tida med sterkt press frå Sandnes, Stavanger og Sola.


Alle dei tre kommunane på Jæren har lange nynorsktradisjonar. Av dei tre kommunane er det berre Klepp som har eit monaleg innslag av bokmål i skulen. Frå Grunnskolens informasjonssystem kan me henta inn data frå skuleåret 2014-2015 og sjå at dei tre kommunane til saman har 83% nynorskelevar. Desse borna er omgitt av bokmål elles i kvardagen, og treng i større grad enn bokmålselevane å sjå språket sitt i bruk rundt seg. Men det er berre Time som praktiserer fullt ut nynorsk i administrasjonen. Kommunane er svært viktige skriftspråkprodusentar og det kommunale språket er viktig for statusen og situasjonen  til nynorsk på Jæren. Me veit at der nynorsk er lite brukt der hamnar han fort under press og der nynorsk er mykje brukt der veks han. Det kommunale språket er viktig. Om Jæren kommune vel å halda nynorsk som sitt språk vil språkvalet stø opp om den språklege sjølvkjensla til nynorskelevane. Dersom det vert ein Jæren kommune kan den nye kommunen verta den største nynorskkommunen i Noreg. Identitet og språk heng saman, og me meiner at nynorsk høver godt til å kommunisera verdiane til den nye kommunen.


Kommunalministeren har sagt at det ikkje skal verta mindre bruk av nynorsk etter ei kommunereform. Fleirtalet i kommunalkomiteen, ved medlemmene frå Høgre, Framskrittspartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, har kome med den same merknaden i kommuneproposisjonen 2016 (Prorp 121 S 2014-2015, innst 375 S 2014-2015). Eit vedtak om noko anna enn nynorsk vil føra til meir bokmål i forvaltinga. Og det vil føra til at det vert vanskelegare for nynorskbrukarane å bruka sitt språk, så lenge dei heilt fint meistrar bokmål. I ein kommunekvardag med mykje tekstsamarbeid og utveksling av skriv og dokument, vert det lettare å produsera dei på bokmål om språkvalet skal vera opp til den einskilde tilsett og ikkje under politisk styring.


Kommunikasjon skal vera open, tydeleg og med klart språk. Tekstane ein skriv skal vera lette å forstå etter modellen som Time kommune nyttar. God saksutgreiing er viktig for eit godt lokaldemokrati, og at det gjer det lett å lesa og forstå for politikarar, administrasjon og innbyggjarane.Til dette kan den nye kommunen nytta Time sin modell.


Jæren kommune bør velja nynorsk som sitt språk. Det vil vera i samsvar med retningslinjene frå Stortinget og vil vidareføra ein god tradisjon i alle kommunane. Ein ny stor kommune med nynorsk språkval vil vera svært verdifult særleg for alle nynorskelevane, men også for bokmålselevane som vil oppleva meir nynorsk i kvardagen enn i ein bokmålskommune. Nynorsk er det beste valet for jærbuen.


Lukka til med arbeidet!



Med helsing frå mållaga på Jæren, 

Inger Skretting Opstad (Hå Mållag) 
Audun Gravdal (Hå Mållag) 
Knut Norddal (Time Mållag) 
Else Berit Hattaland (Klepp Mållag)


Vedlegg: 
1. Framlegg til formulering i intensjonsavtalen om språkval.


Vedlegg 1: Framlegg til formulering i intensjonsavtalen om språkval

Språk og kultur 

Jæren kommune dekkjer eit område med sterke kulturtradisjonar og ein sterk lokal identitet. Jærdialekta og det nynorske skriftspråket har ei sterk stilling i denne identiteten. Nynorsk står sterkt i media, administrasjon og skule, og regionen er heimstad til mange nynorskbrukande kulturpersonar. Jæren kommune vel nynorsk som administrasjonsspråk og som språk i kommunikasjon med staten. Med ei slik avgjerd som dette kan den framtidige kommunen praktisera språkbruken om lag som i dag. Vedtaket stenger ikkje for ei viss smidig praktisering i einskilde særtilfelle, men vil opna for ei målretta vidareutvikling av den kulturelle profilen på Jæren. 

Særleg vil det språklege kompetansearbeidet i Time kommune vera eit føredøme for den nye kommunen. Time kommune har gjennom sitt arbeid med klart språk gjort det enklare for politikarar, administrasjon og innbyggjarane å forstå kva som er bestemt i kommunen. Ein større kommune vil også kunna opparbeida seg eit sterkare miljø for ein endå betre språkbruk innanfor til dømes skule, vaksenopplæring og barnehage. Slik kompetanse vil vera ettertrakta frå nynorskmiljø over heile landet.

mai 2015 Brev til politiske parti

posted 22 Mar 2017, 05:32 by Rogaland Mållag   [ updated 22 Mar 2017, 05:47 ]

Me meiner at norsk språk burde vera eit uttalt tema i debatten om kommunesamanslåing. Kva meiner dei politiske partia? Du finn her ein mal for brev som kan stilast til dei politiske partia. Brevet kan fritt kopierast og brukast. Dokumentet kan lastast ned, sjå under.



”Namn politiske parti”

 

 

                                                                                                          Xxx, 12. mai 2015

 

 

Klepp er ein av dei få kommunane som har vore uendra sidan kommunane blei etablerte. No kjem det ei kommunereform som me ikkje heilt veit kva vil føra til for kommunen vår.  Me i Klepp Mållag er oppteken av å ta vare på v

år lokale språklege identitet og kultur. Me vil ta vare på vårt jærske mål og historie. Me trur at for å halda på dialekten vår er me avhengig av å ha ein sterk nynorsk skriftkultur i skulen, kyrkja og i kommuneadministrasjonen. Me trur det er viktig å ta vare på vår eigenart også i framtida. Me vil at ungane som veks opp i Klepp skal vera stolte av bygda si og halda på talemålet. Nynorsken og jærsk talemål er gjensidig avhengig av kvarandre for å overleva i tida med sterk press frå byane omkring.

 

Språk er ikkje eit uttalt tema for kommunereforma i Rogaland. Me meiner at det burde det vera. Me meiner at språk er identitet. Språk byggjer kultur og fellesskap i lokalsamfunnet. Jærsk talemål blir assosiert med positive skildringar som arbeidssame og nøysame folk, eit flittig og målretta folkeferd.

 

Sist gong det var kommunesamanslåing i Noreg medførte det at mange språknøytrale kommunar etter kommereforma i realiteten blei bokmålskommunar. Det var i randsonene omkring byane dette helst skjedde og der nynorsken frå før av sto svakast. Me i mållaget vil ikkje at det skal skje med Klepp. Me ser det er ei reel fare for at nynorsk som skulemål og administrasjonsspråk i kommunen fell vekk dersom politikarane ikkje tek omsyn til språk når dei skal vurdera ulike konstellasjonar av kommunar.

 

Me i Klepp Mållag vil utfordra dykk politikarar på kva de meiner om språk og kommunereform. Ser de verdien av språket vårt i skrift og tale som viktig for vår identitet og kultur? Kva meiner de om språk i Klepp kommune? Me vil vidareformidla tilbakemeldingane me får frå dykk til alle medlemmane våre og nynorsksympatisørane i Klepp. Me set stor pris på om me får tilbakemelding innan sommarferien er over oss, xx.xx.2015.

 

På førehand mange takk.

 

 

Med venleg helsing,

 

 

 

xxxxx

 for xxx Mållag


juni 2015 Randaberg Mållag

posted 22 Mar 2017, 05:10 by Rogaland Mållag   [ updated 22 Mar 2017, 05:11 ]

Det er etablert ei distribusjonslista for mållagsmedlemmer i Randaberg. Stavanger Mållag har fått i oppdrag å formidla informasjon til dei som står på lista, på lik linja med eigne medlemmer. Vedtak gjort i styremøte i Rogaland Mållag i juni 2015.

21.05.2015 Bryne vidaregåande skule

posted 22 Mar 2017, 04:24 by Rogaland Mållag   [ updated 22 Mar 2017, 05:29 ]

21.05.2015    Vidareføring og styrking av nynorsk ved skulen
Styret i Rogaland Mållag hadde torsdag denne veka møte med rektor ved Bryne vidaregåande 
skule, Lars Tore Helgeland, om bruk av målform ved skulen. Bryne vidaregåande skule og Time vidaregåande skule blei hausten 2014 slått saman til Bryne vidaregåande skule. Dei flyttar inn i nytt og flott skulebygg hausten 2015. Begge skulane har røter i målrørsla i og med at Rogaland Mållag var sterk pådrivar for etableringa av både Bryne Landsgymnas i 1924 og Bryne Handelsskule i 1957. Me i Rogaland Mållag minte rektoren på historia til skulen og bad han vidareføra og styrka målforma i bruk i den nye skulen. Magne Viggo Høyland gav han plakaten med Grunnlova på nynorsk trykt på glas slik at han kan henga den opp på ein godt synleg plass.
Else Berit Hattaland








09.09.2014 Røysting for nynorsk ved Malmheim skule, Sandnes kommune

posted 22 Mar 2017, 04:13 by Rogaland Mållag   [ updated 22 Mar 2017, 05:05 ]

Informasjonsmøte tysdag 9.september 2014 kl. 19:00 i Julebygda grendahus.
Korfor bør me ha nynorsk på Malmheim skule?
lnnleiing med:
Per lnge Torkelsen,
Per Bjørn Pedersen
og Jon Torger Hetland Salte

Alle er velkomne!

Røysting 22.september 2014 kl. 09:00 - 21:00. Stad: Malmheim skule
Førehandsrøysting 15. - 19.september 2014 på Malmheim skule, i skuletida.
Alle har stemmerett som bur i skulekrinsen og som har stemmerett etter vallova. Alle foreldre som har elevar på skulen og foreldre med elevar som skal ta til i skulen komande skuleår. Sjå informasjon frå Sandnes kommune om folkerøysting for Malmheim og Soma bydelar.

15.09.2014 Røyst på den nye logoen vår

posted 22 Mar 2017, 04:10 by Rogaland Mållag   [ updated 22 Mar 2017, 05:04 ]

Valet er ope for alle medlemmer fram til 15.september. Du kan røysta på tre, to eller eitt av forslaga. Styret i fylkeslaget kårar vinnaren og resultatet vert presentert under Haustsamlinga. Send vala dine til rogaland.maallag @ gmail.com. Nettstaden vil få toppgrafikk og bakgrunnsfargar som står i stil med logoen.

aug 2014 Rapport om kommunereforma og nynorsken

posted 22 Mar 2017, 04:07 by Rogaland Mållag   [ updated 22 Mar 2017, 05:03 ]

Jens Kihl arbeider for tida med ein rapport om korleis kommunereforma vil slå ut for nynorsken (og kva vi kan gjere med det). Rapporten vert skriven på oppdrag for Noregs Mållag. I tillegg skal Kåre Lilleholt ta for seg nokre av dei juridiske spørsmåla vi står overfor.

Send innspel, korte eller lange, til leiaren i Rogaland Mållag, Magne Viggo Høyland, som vidareformidlar det.

1. Kva for samanslåingar blir diskutert i Rogaland? Kor har ein kome lengst?
2. Kva er best og verst tenkjelege alternativ, slik du ser det?

3. Er det andre andre problemstillingar ein bør vere merksam på? Sterke regionråd som kan bli splitta, ulmande målrøystingar, noko anna?

1-9 of 9