Saker‎ > ‎

Har hendt


01.04.2017 Seminar og årsmøte i Rogaland Mållag

posted 4 Apr 2017, 13:19 by Rogaland Mållag   [ updated 4 Apr 2017, 13:21 ]

1. og 2. april 2017
Ryfylke Fjordhotell på Sand i Suldal

Program laurdag 1. april:
11:30 – 12:30 Registrering med kaffi, te og frukt
12:30 – 13:00 Opning ved leiar Magne Viggo Høyland
                    Ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø, helsar
13:00 – 14:00 Matøkt
14:00 – 16:00 Ernst Drange kåserer om Rasmus Løland 
                    Omvising i Ryfylkemuseet
16:00 – 16:30 Kaffipause
16:30 – 18:00 Årsmøte i Rogaland Mållag

Laurdagskvelden:
19:15 – 19:30 Lokal kultur
19:30 –          Middag

Program søndag 2. april:
07:30 – 09:00 Morgonmat
09:00 – 10:30 REFORMARBEIDET
    - kommunesamanslåingar
        ved Ingrid Fiskaa, styremedlem i Noregs Mållag
    - tospråklege kommunar og språkbruksplanar
        ved Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag
    - strategi for målbruksplan i nye Stavanger
        ved Einar Schibevaag, styremedlem i Stavanger Mållag
10:30 – 10:50 Rydde ut av romma
10:50 – 11:50 NYNORSK I SKULEN
    - oddamodellen
        ved Gro Morken Endresen
    - røystinga i Orstad
        ved Else Berit Hattaland, leiar i Klepp Mållag
11:50 – 12:20 100-årsjubileum: 
    - Sandnes Mållag i 2018 
    - Rogaland Mållag i 2020
        ved Audun Rosland, leiar i Sandnes Mållag, og Marit Ness
12:20 – 13:00 Lokallaga orienterer om sine saker
13:00 –          Matøkt

2017 Årsmøte

posted 22 Mar 2017, 02:49 by Rogaland Mållag   [ updated 22 Mar 2017, 02:50 ]

Årsmøte i Rogaland Mållag i 2017
Januar og februar er tida for årsmøte i lokallaga. Fylkeslaget held årsmøte første helga i april.

Lokallaga og dato for årsmøte

30.01.2017    Gjesdal Mållag, Limagarden kl. 19:30
30.01.2017    Suldal Mållag, Suldal kulturhus kl. 19:30
02.02.2017    Stavanger Mållag, Pedersgata 32 C kl. 19:00
09.02.2017    Fellesmøte Finnøy-, Rennesøy- og Sjernarøy ML, Ryfylke Næringshage på Judaberg kl. 18:00
09.02.2017    Hjelmeland Mållag
09.02.2017    Klepp Mållag
09.02.2017    Sola Mållag
09.02.2017    Time Mållag
14.02.2017    Bondeungdomslaget i Stavanger, Siddis-stova kl. 19:00
21.02.2017    Sandnes Mållag, Skeianetunet kl. 19:00
23.02.2017    Strand Mållag
08.03.2017    Dalane Mållag, Kommunestyresalen på Vikeså  kl. 18:00
01. - 02.04.2017    Rogaland Mållag, Suldal

Forsand Mållag
Hå Mållag
Randaberg Mållag
Sauda Mållag

15.11.2016 Medlemsmøte on nye Stavanger

posted 9 Dec 2016, 08:43 by Rogaland Mållag   [ updated 9 Dec 2016, 08:44 ]

15.11.2016 Medlemsmøte: Nynorsk i den nye kommunen samla av Finnøy, Rennesøy og Stavanger

Stad: Skogens hus i Pedersgata 32 C, Stavanger
Tid: tysdag 15. november kl. 18:00
Påmelding via Facebook-sida til Stavanger Mållag; hendinga: Målet i nye Stavanger.

Stavanger Mållag inviterer til medlemsmøte for å drøfta korleis me kan sikra interessene til nynorskbrukarane i den nye kommunen, likså vel som bokmålsbrukarane. Vidare legg me ein slagplan for korleis me kan arbeida med denne saka framover.

12.10.2016 Noregs Grunnlov til Hadia Tajik

posted 7 Nov 2016, 06:11 by Rogaland Mållag   [ updated 7 Nov 2016, 06:15 ]

Hadia Tajik vaks opp her i fylket, reiste til Oslo, utdanna seg, men gløymde ikkje kor ho kom frå eller målet sitt. Eg vil òg minna om kva Einar Gerhardsen sa: for å få eit godt program, må ein nytta nynorsk ved utforminga av programmet, så kan ein setja det om til bokmål. Rogaland Mållag vil gje henne Noregs Grunnlov på nynorsk. 

Plakaten vart overrekt av leiaren i Rogaland Mållag, Magne Viggo Høyland 



Overrekkinga skjedde onsdag kveld 12. oktober 2016 i Folkets Hus, Stavanger. Rogaland AP var arrangør. Hadia er leiar for programkomiteen for AP og hadde føredrag for medlemmene.

26.03.2016 Arbeidsmøte om bruk av sosiale medium

posted 30 Oct 2016, 07:02 by Rogaland Mållag   [ updated 30 Oct 2016, 07:03 ]

Onsdag 16. mars 2016 kl. 19:00 i Siddisstova, Rektor Oldensgt. 17
Bondeungdomslaget i Stavanger, Sandnes Mållag og Stavanger Mållag arrangerer i fellesskap eit møte der med tek opp hansken etter årsmøtet. Me vil drøfta bruk av sosiale medium.

2016 Årsmøte

posted 17 Mar 2016, 10:10 by Rogaland Mållag   [ updated 17 Mar 2016, 10:11 ]

Årsmøte i Rogaland Mållag i 2016
Januar og februar er tida for årsmøte i lokallaga. I mars vert det årsmøte i fylkeslaget.
15. februar er sett som påmeldingsfrist til fylkesårsmøtet.

Lokallaga og dato for årsmøte

26.01.2016    Stavanger Mållag
04.02.2016    Time Mållag
09.02.2016    Suldal Mållag
11.02.2016    Sola Mållag
16.02.2016    Klepp Mållag
22.02.2016    Gjesdal Mållag
23.02.2016    Strand Mållag
24.02.2016    Hjelmeland Mållag
24.02.2016    Sandnes Mållag
02.03.2016    Dalane Mållag - oppattskiping
05. - 06.03.2016    Rogaland Mållag
15.03.2016    Forsand Mållag

Finnøy Mållag
Hå Mållag
Randaberg Mållag
Rennesøy Mållag
Sauda Mållag
Sjernarøy Mållag

10.12.2015 100-årsdag Stavanger Mållag

posted 4 Jan 2016, 04:28 by Rogaland Mållag   [ updated 4 Jan 2016, 04:31 ]

Jubilanten set pris på å få helsingar på dagen. Det er oppretta ein elektronisk helsingsprotokoll og helsingane vert lagt ut på Facebook. Sjå helsingsprotokollen for 100-årsjubileet. 

Legg inn ei helsing på ein av desse måtane:
Skriv til helsingsprotokollen - avslutta
- E-post: stavanger.maallag@gmail.com

09. - 14.11.2015 Jubileumsveka til Stavanger Mållag

posted 6 Dec 2015, 02:22 by Rogaland Mållag   [ updated 4 Jan 2016, 04:30 ]

Sølvberget stilte ut tekstbroderi laga av elevar ved Våge VGS og diktteikningar laga av 4. klassetrinn ved Vaulen skole.

Måndag 09.11 vart Sølvberget heidra med diplom.

Studentmållaget hadde norskkurs tysdag.

Veka vart avslutta laurdag 14.11. med jubileumsfeiring i Stavanger Søemandsforening.

12.-30.10.2015 Nynorskstafetten

posted 24 Oct 2015, 14:23 by Rogaland Mållag   [ updated 24 Oct 2015, 14:23 ]

Noregs Mållag og Norsk Målungdom vitjar lokallaga i Agder og Sør-Rogaland. Programmet i Rogaland vert slik:
Første veka frå måndag 19. okt. til fredag 23. vert lag/kommunar vitja i slik rekkefølge:
Bjærkreim m/Dalane, Hå, Time, Klepp og Sola.
Andre veka frå 26. okt. til 30.okt. :
Forsand, Strand, Rennesøy, Finnøy/Sjernarøy og Sauda (eit atterhald om Sauda fredag 30.) 

14.11.2015 Stavanger Mållag, feiring av 100-årsjubileum

posted 24 Oct 2015, 14:15 by Rogaland Mållag   [ updated 6 Dec 2015, 02:09 ]


Sjå bilete

1-10 of 25