100-årsjubileum 2020

Program for jubileumsåret


FESTHELG 26.-29.03.2020 
Basen for festhelga vert i det tidlegare nynorsk-hovudkvarteret i Stavanger by, der Gaffel & Karaffel held til no. 
Hotell Viktoria blir målhotellet for helga. 

100-årsdagen torsdag 26. mars
Pressekonferanse og presentasjon av festskrift
Garborgsenteret opnar utstilling om nynorsken sin plass i fylket.
Stavanger by held ei mottaking for nynorsken i byen og i fylket.
Politisk debattmøte med sosialt samvær på KåKå

fredag 27. mars
Litteratur- eller kulturkveld

laurdag 28. mars
Rogaland mållag held årsmøte i Stavanger hotell Viktoria.
Markeringar i bysentrum med framoverblikk
Varieté om kvelden i festsalen med innslag av profilerte og mindre kjende krefter som speglar Rogaland. Servering og dans etterpå.

sundag 29. mars
Festgudsteneste i Domkyrkja
Byvandring i Stavanger: I nynorsk fotefar

april
Noregs Mållag held landsmøtet i Sola kommune


RESTEN AV 2020

Eit språkleg fylke. Retningsliner for språkpolitikk i fylkeskommunen må på plass til 2020.

Prosjekt målbyte. Mål om å starta opp eit målbyteprosjekt i vidaregåande skule i Rogaland i 2020. Og utarbeida eit pedagogisk norskprosjekt for den vidaregåande skulen

Den kulturelle skulesekken. Kulturavdelinga i fylkeskommunen formar eit opplegg gjennom skulesekken for ungdomsskule/ vidaregåande skule.

Favorittordet i Rogaland. Arrangera tevling om «favorittordet mitt», i samarbeid med lokalavisene og NRK Rogaland. Prosjektet kan enda med ei bok som skildrar bakgrunnen for det beste ordet i fylket.

Festskrift. Det vert laga eit festskrift. Kjende personar vert utfordra til å skriva om språket si rolle framover. Alle som yter økonomisk støtte til jubileet, skal få tilsendt eit eksemplar av festskriftet.

Kronikkstafett. Gode vener av Mållaget blir utfordra til å skriva kronikkar i avisene eller på nettet. Liste blir sett opp slik at ein fordeler seg utover året.

Skrivetevling for skular. Ei nemnd får plukka ut tekstar frå tevling til å pryda skular og andre offentlege rom.

Songtekst. Invitera unge til å skriva songtekstar. Dei beste får hjelp av ein kjend artist til å tonesetja teksten. Kanskje vert dei spela inn eller framført på festen.

Debattmøte om språkstoda. I samarbeid med KåKå Kverulantkatedralen, halda debattmøte om lokalavisa som viktig formidlar av nynorsk, Stavanger som nynorskby, namneskikkar/ favorittordet mitt.

Nye Stavanger markerer. Kommunen skal vera hjarte for Rogaland og nynorsken sin plass.

Fylkeskommunen markerer. Fylket lagar ei markering der nynorsken får ein plass.

Garborgsenteret lagar ei sak om arbeidet som Hulda og Arne Garborg la ned for å fremja nynorsken sin plass i Rogaland og Noreg.

Vervekampanje. Mål om 1500 medlemmer.

Språksykling.

Kortfilm.

Språkøl.