Ledige stillingar

Me har teikna intensjonsavtale med to lærarar. Desse har no byrja på si Montessoriutdanning.
Ynskjer du info om eventuelle andre ledige stillingar ved skulestart i august 2015 :
Ta kontakt med styret: skodvinmontessoriskule@hundvin.no
 
Her er informasjon  frå tidlegare stillingsutlysning:
 
 
 

 Dagleg leiar og pedagogar

 

Skodvin ligg midt i Lindås Kommune, 40 minuttar frå Bergen og 15 minuttar frå Mongstad. Her har me naturbarnehage, nærbutikk, kyrkje, bedehus, ungdomshus, byggjefelt ved sjøen, mange aktive lag og foreiningar, vakker natur og ikkje minst: Ei levande bygd som støttar opp om skulen sin.


Me søkjer:

 

Rektor/dagleg leiar

Fortrinnsvis med godkjend kompetanse innan montessori-pedagogikk.

 

Lærarar

med tilleggsutdanning eller kompetanse innan montessori-pedagogikk.

Lærarar som har starta på godkjend tilleggsutdanning.

Lærarar som  ynskjer å starte tilleggsutdanning.

Lærarar som har godkjend allmennutdanning.

 

Me kan tilby

  • Eineståande høve til å vere med å påverke og utvikle ein ny skule
  • Løn som er minimum 2% over Utdanningsforbundet sin lønnstabell(gjeld montessoripedagogar)
  • Pensjon 2% over lovbestemt minimumskrav.
  • Stipend ved vidareutdanning innanfor montessori-pedagogikk

 

Intensjon om tiltreding ved oppstart 2015.

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Kontakt Annikken Aadneram tlf: 47 63 69 55 mellom kl. 20 og 22 for nærare informasjon.

 

Søknad med CV, kopi av vitnemål og attestar kan sendast til Skodvin Montessoriskule, c/o Eirik Helland, Hundvinsvegen 8 A, 5956 Hundvin eller pr e-post til skodvinmontessoriskule@hundvin.no. Søknadspapir vert ikkje returnerte.

 

 
 
 
 
For å få bli Montessoripedagog er det fleire studiemulighetar til dette: Her er eit døme: