Nyhende


Støttegruppe for Montessoriskulen arrangerer loppemarknad 22 og 23 mars

Foreldre med born som skal byrje på Skodvin Montessoriskule har oppretta ei støttegruppe for Montessoriskulen. Dei har også ei facebookside der alle foreldre med born som ynskjer å byrje på skulen har tilgang. Gruppa arbeider med ulike tiltak som både er samlande og sosialt for bygda. Dei har arrangert bygdekino og planlegg skidag dersom det vakre vinterværet kjem til Hundvin. Det neste arrangementet er loppemarknad



Støttegruppa tar imot lopper 15.3 og 16.3.

Om du har lopper kan du ta kontakt med Kristine Lunde: kristine.lunde@mykingskule.no


                                                             
Kursbrev frå montessoripedagogane våre, modul A

I sommar var vi 10 dagar på intensive studiar i Oslo.

I løpet av desse dagane blei vi presentert for pensum i matematikk (delt inni geometri / algebra og aritmetikk) , musikk og praktiske kvardagsøvingar







Vi har gjort oss kjende med forskjellige typar materiell som vert nytta i matematikk- og musikkundervisninga. Det er mykje materiell, mykje å halde styr på og mykje gøyJ

Etter enda «workshop» i sommar har vi laga våre presentasjonspermar, der alle øvingar er forklart og dokumentert. Dette blir arbeidsverktøyet vårt når skulen startar.

Første veka i oktober var vi igjen i Oslo på «workshop», denne gangen med eksamen i modul A. Der la vi fram eigeprodusert materiell og presentasjonspermar for vurdering, og vi hadde praktisk eksamen i alle 3 tema.

Veka enda med vel gjennomført eksamen!

Vi har så langt hatt eit strevsam, men innhaldsrikt og kjekt kurs.

Gjennom vinteren skal vi ta teorien.

Vi gleder oss til neste sommar, då tar vi fatt på siste modul.

Montessori er kjempegøy, vi gleder oss masse til skulen startar og vi kan jobba med dette kvar dag!

 

Hanne Siri & Elisabeth J

To pedagogar startar tilleggsutdanning

I dag, 30.juni reiser Elisabeth Kvalvåg og Hanne Siri Hellan til Oslo for å starte tilleggsutdanning ved Waterpark Montessori.

Sommarkurset er det første av 4 samlingar, og er eit 10 dagars intensivkurs der montessoriaktivitetar og –materiale vert presentert og praktisert.

Elisabeth er lærarstudent og vil gjennomføre montessoriutdanninga parallelt med dei to siste åra på lærarskulen. Elisabeth er busett i Kvalvågen på Hundvin. Hanne Siri er adjunkt med brei undervisningserfaring. Ho er busett i Hordvik.

Me i styret er utruleg glade for å ha gjort avtale med desse to flotte ressursane, og ynskjer dei lukke til med kurset!

Tusen takk til alle som har støtta oss i arbeidet så langt med oppstart av montessoriskule på Skodvin!

Det er fortsatt bruk for pengar, så til dei som ynskjer å bidra er det absolutt mogeleg å henge seg på.

 
Med dette ynskjer me alle ein riktig god sommar!
Helsing styret i Skodvin montessoriskule










 Søknad frå styret om utsett nedlegging innvilga!

 
Grunnlaget for vidare drift av Skodvin Skule som privatskule er no sikra.

Me vil no ha nok tid til å utdanna våre pedagogar til skulestart. Til dette treng me 100 000 kroner på konto innan 1. juli. Det er allereie kome inn 40 000 kroner i medlemspengar og pengegåver. Styret takkar alle som har bidratt med medlemspengar og støtte!






Bygdemøte 18.april klokka 19

Hundvin Bygdelag inviterer til bygdemøte om privatskule.
Montessoristyret vil halde orientering på møtet og oppfordrar alle i bygda om å møte.
 
 

Vestlandsrevyen: Montessoriskular i vekst

 

Spørjeundersøking viser at 10 av 14 skular ynskjer å fortsette som privatskule

Resultater fra pedagogisk forskningsinstitutt:

"På de fleste stedene var det et ønske om å fortsette med den offentlige skolen, privatskole var en nødløsning. Etter noen år ønsker de fleste (10 av 14 skoler) å fortsette som privatskole, selv om  de skulle få mulighet til igjen å  bli offentlig skole. Særlig de litt større Montessoriskolene greier seg bra. Noen av disse ser ut til å etablere seg som regionale montessoriskoler. Veldig små skoler med innhold identisk med den offentlige skole har problemer. De fleste skolene ser positivt på framtiden."http://www.uv.uio.no/pfi/forskning/prosjekter/beck-privgrendeskoler/

 
 

Ein skuledag på Midsund Montessori:

Mars 2013: Skodvin kommunale skule nedlagt

Kommunestyret vedtok 21.mars 2013 å legga ned Skodvin komunale skule frå 2014 og Festo skule frå hausten. Skodvin og Festo vart begge lagt ned med knappast mogleg fleirtal, 16 mot 15 representantar. Det var ikkje dei same representantane bak vedtaket for Skodvin og Festo. Overflytting av elevane frå Skodvin til Lindås er seinast hausten 2014.  

Endelig trygg skuleveg!

 

Skodvin Montessoriskule  godkjent som Montessoriskule

Utdanningsdirektoratet har i brev datert 08.11.2011 gjeve Skodvin Montessoriskule godkjenning til å drive skule på grunnlag av anerkjend pedagogisk retning. Godkjenninga gjeld i 3 år frå godkjenningstidspunktet. Vilkår for driftstillatelse er at skulen kan dokumentere mellom anna godkjent skuleanlegg og godkjent samla lærarkompetanse.
 

Korleis praktiserer Da Vinci overgang til ungdomskulen?

DaVinci tilbyr ikkje skule for 8-10 årstrinn. Ettersom elevar nærmar seg ungdomskulen og då særleg på 7.ande årstrinn vert dei trena i arbeidsmetodar som passar i forhold til kommunal ungdomsskule, mellom anna prosjektarbeide. Det vert i betydeleg grad brukt bøker/læreverk. Det vert hevda at tilbakemeldingar frå ungdomskular er at elevar som har gått i grunnskule basert på montessori i større grad evnar å jobbe sjølvstendig samanlikna med elevar frå kommunal barneskule.

 

 

 

’Open montessori-dag’

Laurdag 05.11.2011 kl. 13:00-15:00

på Skodvin skule

 

”Det eg høyrer, gløymer eg. Det eg ser, hugsar eg. Det eg opplever, forstår eg.”

 

Me har lånt skulen og heldt ’open montessoriskule dag’ for foreldre og føresette til aktuelle og potensielle elevar ved Skodvin Montessoriskule.

 

Denne dagen vil de få:

·         Møte montessoripedagogen vår Jo Båtevik.  Han vil fortelja  
        litt om Montessori-pedagogikk og kva tankar han har for  skulen.

·         Oppleve korleis eit montessori-klasserom kan sjå ut

·         Sjå læringsmateriale som me har stilt ut

·         Prøve ut vanlege arbeidsmetodar

·         Godt høve til å stille spørsmål til pedagogar og styret, samt kome med gode  idear og innspel

 

Velkommen innom til ein kopp kaffi og masse inspirasjon!

 

Helsing styret i Skodvin Montessoriskule

 

Kva skjer framover? 

 

 

 
 
 
 

Besøk på daVinci Montessoriskole i Bergen

Annikken, Irmelin , Monica, Håvard og Laurits har vore på besøk på daVinci Montessoriskole og dei fortel her om besøket:
Me blei møtt av opne, lyse og trivelege undervisningslokale. Fargerike innslag av golvmatter, variert interiør og produsert arbeid. Langbord, gruppebord, nokre enkle arbeidsplassar, sofakrokar. Musikkrom. Ei stor riddarborg midt på eit bord! Berre eitt ord er dekkande: Inspirasjon!
 
  
Born frå Skodvin Skule på Montessoribesøk.
Her vil det koma bileteserie med forklarande tekst.
 

Læringsmetode


Skulen har delt læringsromma sine inn i tema/fag: Eit norsk-rom, matematikk-rom, gegografi-rom, eit rom for engelsk, eit for kunst og handverk, musikkrom osv. Eigen gymsal. Kvart rom hadde eit breitt utval av læringsmateriell tilhøyrande det spesifikke temaet (Ridderborga viste seg å inngå i norsk som trening i bruk av preposisjonar o.l. J). Orden og system prega alle lokala.

Arbeidsmetodar

Typisk læringsmetode er å byrje med treningsmateriale i t.d. matematikk, og etterkvart som ein har innarbeida forståing for oppgåva/temaet så vil ein gradvis jobbe seg over frå treningsmateriale til meir ’tradisjonell’ løysing av oppgåver på papir.

På ein montessoriskule er det vektlagt bruk av ulike kjelder for kunnskaps tileining. Faktabøker, internett, bruk av delar av ulike skuleverk. I tillegg til innkjøpt montessori treningsmateriell, er det vanleg at lærar lagar trenings- og presentasjonsmateriale til aktuelle tema.

UDIR pålegg privatskular å dokumentere at dei oppfyller krav til timetal på dei enkelte fag. I vekeplanen til daVinci viser det difor timeplan med planlagde økter i dei ulike faga, i tillegg til ’blanke felt’ der det er lagt opp til meir fritt val kva tema/oppgåver den enkelte vil arbeide med (type det vi er vande med som ’plantime’). Det vert likevel stimulert til at ein flettar tema frå ulike fag saman der det er høveleg. F.eks kan ein i geografi søkje delar av lærestoffet i engelsk lektyre. Og i læra om forhistoriske dyr kan det også flettast inn matematikk i forhold til tal og mengdebegrep. Målet er å bruke kreativitet, og å spinne rundt det som fengar den enkelte elev.

 

Vekeplanar og månadslogg

Kvar måndag får elevane ved daVinci Montessoriskole utdelt vekeplan, slik vi er vande med i kommunal skule. Ved månadslutt skriv kontaktlærar ei oppsummering av kva elevane har jobba med gjennom månaden, grad av måloppnåing for den enkelte og kva eleven eventuelt treng jobba meir med. Føresette loggar seg inn på eiga nett-side for sin elev og les status og kjem med eventuelle innspel.

I tillegg til nasjonale prøver har skulen jamlege kartleggingsprøver for å følgje opp i forhold til måloppnåing og prestasjonar i forhold til nasjonale krav.

Overgang til ungdomskulen

daVinci tilbyr ikkje skule for 8-10 årstrinn. Ettersom elevar nærmar seg ungdomskulen og då særleg på 7.ande årstrinn vert dei trena i arbeidsmetodar som passar i forhold til kommunal ungdomsskule, mellom anna prosjektarbeide. Det vert i betydeleg grad brukt bøker/læreverk. Det vert hevda at tilbakemeldingar frå ungdomskular er at elevar som har gått i grunnskule basert på montessori i større grad evnar å jobbe sjølvstendig samanlikna med elevar frå kommunal barneskule.

 

 

Når kan me vente svar frå Utdanningsdirektoratet?

Styret har registrert at andre skular plar å få tilbakemelding i januar/februar. Skulle må få anna informasjon vil me sjølvsagt oppdatere det på heimesida her så snart råd er.
 
 

Søknad til Utdanningsdirektoratet er sendt!

 
25.mars sendte Styret  søknaden til UDIR om oppstart av Montessoriskule på Skodvin hausten 2012. Dette er ein stor milepæl for styret og ikkje minst for born og foreldre i Hundvinsbygda! Me i styret må igjen få takka støttemedlemmar og alle lag, organisasjonar og bedrifter som har gjeve økonomisk støtte.
 
 

  

 
Hundvinbu AS
Hundvingrend Indremisjon
Hundvin Handel AS
Nils Træland VVS AS
Skodvin Skulemusikk
UL Nybrot
Hundvingrend sanitetsforening
Hundvin bygdelag
Ones og Kvalvåg grendalag
Hundvingrend Kvinnfolklag
 
 
 
  
 
 
Og ikkje minst: TUSEN TAKK til alle dei som har meldt seg som støttemedlemmar. Mange av desse har og gjeve betydelege gåver til Skodvin Montessoriskule. Dette gjer at me no nærmar oss kravet til innskotskapital, men det er framleis litt igjen før me er heilt i mål. Me er optimistar og vonar at endå fleire heng seg på i innspurten fram mot 1.april.
 

 Ja til valfridom i oppvekst- og levekår!

Ja til levande nærmiljø med butikk,

barnehage, skule, aktive lag og

organisasjonar  i heile kommunen!

Støtt opp om skulen, -den er basen!

  

Med venleg helsing

Styret i Skodvin Montessoriskule

v/leiar Eirik Helland

 
 
 
I desse dager er det andre bygder som har kjend skulekampen på kroppen som feirar godkjenning frå UDIR for oppstart av Montessoriskule.
Me gratulerer Bergsbygda og  Sandøy Montessoriskule med godkjenning!
 
 
 
Me har no passert 100 støttemedlemmar!

Ynskjer du Montessoriskulen å bevare

Tenkjer du- Dette må me klare!

Då kan du støttemedlem bli

Ved 200 kroner til skulen å gi.

 

Kontonummer 3632.56.99064 på deg venter

Støttemedlemmar kan vere både gutter og jenter!

Det kan vera hønsen og Hansen og bestemor

Mamma og pappa eller onkel Ingolf sitt kor

 

Eller kanskje du heller vil gje oss ei gåve?

Ein ting kan me iallefall love

Privatskulestyret står på for skulen vår

uansett om me skulle få trange kår!

 

 

 
 

 

 

Kva er ein Montessoriskule?                             Kva seier forskning om Montessori?

  

Montessoriskular veks fram over heile landet:

Aftenposten skriv om dei mange Montessoriskulane som veks fram ved nedlagte skular.

 

  

Søknadsfristen er gått ut for Dagleg leiar og pedagogar

Styret vil no signera intensjonsavtale med aktuelle kandidatar. Ynskjer du å arbeide ved skulen vår, finn du kontaktinformasjon i linken til tidlegare søknadsutlysning ovanfor.           

                                                                        

Tusen takk alle støttemedlemmar!
 
  
  Me får behalda skulen vår fram til oppstart 2012! 
Privatskulestyret arbeider no intenst med søknaden til Utdanningsdirektoratet fram til søknadsfrist i april. Me kjem også ut med stillingsannonsar i desember. I desse dagar har du fått eit skriv i posten der du kan væra med å støtta oss så me klarar oppstart i 2012! Me håpar du finn mykje god informasjon på sidene her som me vil nytta fram til søknad er godkjent. Me har også  mailadresse som vert motteken av styreleiar Eirik Helland: