Vedtekter og reglar

Vedtekter for Nedstrand Båtforening 

Desse vedtektene vart vedtatt på årsmøtet 23. mars 2007. 

Klikk her for å sjå vedtektene.

Retningslinjer for bruk av båthamna
Nedstrand Båtforening

 

1.      Bakgrunn

Desse retningslinjene er vedtatt av årsmøtet i Nedstrand Båtforening og supplerer foreningen sine vedtekter.  Dei beskriv reglar for bruk av båthamna til foreninga og alle brukarane av anlegge har plikt til å orientere seg om retningslinjene og fylgje dei.  Retningslinjene har som formål å skape eit triveleg båtmiljø for alle som brukar anlegget og å sjå til at anlegget vert tatt vare på.

 

2.      Båtplass

Dei som har båtplassar i anlegget, skal sjå til at:

·      båten er forsvarleg fortøyd med strekkavlastning og fendring for å unngå unødvendig slitasje på anlegget. Det skal brukast tau direkte i fortøyningsfesta, det er ikkje lov å bruke sjaklar.

·      båtplassen vert halden i orden fri for unødvendige tauendar

·      at båtplassen vert halden i god stand.  Skadar og slitasje skal meldast styret

·      båten er fortøyd på ein måte som ikkje er til ulempe for andre sin bruk av anlegget.

·      det ikkje vert slept ut spillolje eller anna forureining frå båten

Det er lov å legge til rette båtplassen, men sveising, boring eller liknande kan berre gjerast etter avtale med styret.

3.      Ferdsel

Båtar skal gå sakte i og omkring anlegget slik at dei lagar minimalt med bølger.

Fortøyning utanfor båtplassar og gjesteplassar er ikkje lov.

4.      Vatn og straum

Vatn og straum er tilgjengeleg til bruk for medlemmane i foreninga og dei som leiger gjesteplassar.  Medlemmane kan velje å ha permanent tilgang til straum.  Då skal målar installerast og ein får eige straumuttak.  Målar skal betalast av medlemmet.  Bruk av straum til å drive handverktøy eller liknande er fritt for medlemmar, medan lengre bruk til lading o.l. skal gjerast opp etter målt eller om nødvendig estimert forbruk.  Dersom medlemmet er tilkobla straum meir enn 20 dagar i løpet av eit år, skal det normalt installerast målar.

 

5.      Gjesteplassar

Foreninga har gjesteplassar som vert leigd ut på døgnbasis.  Ledige båtplassar kan også leigast ut.  Dersom Brukaren ikkje skal bruke plassen sin i korte eller lengre perioder, kan han/ho vise at plassen er tilgjengeleg for døgnutleige ved å bruke grøn farge på markøren i båtplassen.  Inntekter frå denne utleiga går til vedlikehald/oppgradering av anlegget.    

 

6.      Bruk av parkeringsplass

Parkeringsplassen skal berre nyttast til normal parkering og til å setje ut/ta opp båtar.  Det er ikkje opplagsplass for båt eller utstyr.  Det er heller ikkje lov å drive båtpuss på plassen, men båten kan spylast/vaskast i samband med at den blir tatt på land.  Då er brukaren ansvarleg for at plassen er spylt/kosta rein etter bruk.

Båthengerar og anna utstyr kan ikkje lagrast på plassen. 

7.      Avtale

Det skal opprettast ein avtale mellom foreninga og den enkelte som har kjøpt bruksrett til båtplass.  Denne avtalen skal spesifisere minste breidde som båtplassen skal ha og lengde på utriggar.

 

Vedtatt av styret i Nedstrand Båtforening 14. februar 2007

  

Avtale for dei som har båtplassar

Sidan det ikkje eksisterer nokon avtale mellom den enkelte som har båtplass og foreninga, er det viktig at vi får oppretta det. 

Vi har laga eit avtalesom vi ynskjer å få ut og underskrive i løpet av året.  Vi ber om eventuelle synspunkt på avtalen snarast, så vil vi starte arbeidet med  å lage avtalar til den enkelte. 

 

Utleige av båtplass

 Ein del båtplassar vert ikkje brukt av eigaren, og vi set pris på at dei vert leigde ut slik at anlegget kan bli brukt.  Vedtekter og reglar slår fast at slike leigeavtalar skal gjerast direkte mellom utleigar og leigetakar når det gjeld privatpersonar, men at det skal skje innanfor den offisielle prisen og basert på standard avtale.  Foreninga skal også ha melding om slik utleige. Den som leiger båtplass skal vere medlem av Nedstrand Båtforening.

Nedstrand Båtforening - nedstrand.bf@gmail.com