Nedstrand

59° 20' 43", 5° 51' 30"

Det bor omkring 1000 Nedstrandsbuar i det som tidlegare var Nedstrand Kommune, men som no i mange år har vore ein del av Tysvær.  Stranda er "bygdebyen" med anløp av hurtigbåt og ferje, to butikkar, kro, galleri og legesenter.  Stranda er skjerma mot Boknafjorden av to store holmar (eller kanskje små øyar), Store og Vesle Færøynå.  Når ein kjem vestanfrå er det greit for dei fleste å bruke Sandsund som har om lag 4 meter djupne og er merka med stake.  Sundet som er nærast Store Færøynå på vestsida er svært grunt.  Mellom Vesle Færøyna og Tonganeset (som har lykt) er hovudinnseglinga med god og ny lysmerking for hurtigbåtane.  

Stranda har fleire alternativ for båtfolk.  Heile yttersida av bølgedemparen til båtforeninga utgjer ein 110 meter lang gjestebrygge.  På innsida av bølgedemparen har B. Rasmussen kolonialforretning med diesel og vatn.  Den andre butikken på Stranda er Nesheim-Hauge sin kolonial.  Han har også bra utvalg av skruar og ein del reiskaper som kan vere nyttig for båtfolk.

Hinderåvågen  har ansvar for den åndelege føda med skule og kyrkje - og butikk.  Den ligg 3 km vest for Stranda.  Hinderåvågen er ubeskytta mot Boknafjorden og det er vnakeleg å finne gode plassar å ligge med båt.  Men Tveitneset er eit fantastisk turområde med flott natur og fine vegar og stiar.

Her finn du land og sjøkart.

Gjest i hamna

 
Til slutt, litt vårstemning frå Nedstrand, tar litt tid å laste, men det er verdt det!