Gjest i båthamna


Velkomment til Nedstrand Båtforening si båthamn!  Spørsmål? Ring til hamneverten på telefon 467 67 200.

Prisar:

  • Ta opp eller setje ut båt: 30 kroner

Hamneavgift per døgn: 

  • Båt <10m: 120 kroner 
  • Båt 10-11,99m: 150 kroner
  • Båt 12-14,99m: 180 kroner
  • Båt 15m g over: 240 kroner
  • Dagopphald 1-3 timar: Kr. 60
  • Opphald på mindre enn ein time er gratis. 
Bruk av straum og/eller internett per døgn: 50 kroner

Dusj: Kr. 30 (for 8 minutt)
Vaskemaskin eller tørketrommel: 40 kroner

Betaling skjer på ny kortbasert terminal. Velg først produkt og betal i kortterminalen når du får beskjed om det på skjermen. Vi ber om at du betaler seinast ein time etter ankomst.

Når du har betalt skal det både kome ut ei kvittering og ein raud lapp som skal festast god synleg kring rekka eller fortøyning.

Det er tre dusjar, 1 og 2 er begge i familiedusjrommet. Dusj 3 er i toalettrommet og er berre berekna på rullestolbrukerar. Sjekk først om dusjen er ledig, betal med kort og gå til dusjen. Tida startar når du trykker på knapp i dusjrommet. Dusj 1 er dusjen mot sjøen.

Dusj og toalettrom er normalt ope i hovudsesongen. Elles får du kode til dusj når du betalar hamneavgift (då får du også kode til internett dersom du vel det) og du får kode til vaskerom når du betaler for bruk av vaskemaskin eller tørketrommel. Koda finn du på kvit kvittering. 

 

  •  

Nedstrand Båtforening - nedstrand.bf@gmail.com