Båtplass

Her er oversikt over alle båtplassane med eigar og størrelse. 


Oversikt over ekstrautstyr for båtplassen tilgjengeleg frå Ørsta Marina

Fendring

Fortøyning

Foreninga har tilgjengeleg nokre fenderar og ekstra fortøyning for salg til dei prisane som du finn hos Ørsta Marina, men utan frakt.


Venteliste for båtplass 

Anlegget er no fullt med noverande venteliste, men nye medlemmer kan stille seg på venteliste for plass. Registrer deg som medlem og søk om båtplass via linken til venstre.

Leige av båtplass

Vi oppfordrar medlemmer som ikkje bruker båtplassen sin om å leige den ut. 

  • Utleige skal skje etter standard prisar og normalt på årsbasis.  Det skal brukast standard Utleigeavtale2013 og standard pris (i 2013 er dette Kr. 1430 pr. breiddemeter. Utleigeavtalen viser også kva tillegg det er for lengre utriggerar enn standard 6m))
  • I tillegg til leigepris tek leigar over dugnadsplikt for leigeåret.
  • Berre medlemmar av foreninga kan leige båtplass.  Årskontingenten er 200 kroner og innmelding skjer ved å trykke på linken til venstre. Hugs at du må registrere e-pstadresse.
  • Den som leiger båtplass skal vere medlem av Nedstrand Båtforening (innmelding kan skje via link på denne sida)

Har du plass til leige? Send ein epost til foreninga, så skal vi legge den ut på denne sida.

Båtplassar til leige

Det ofte båtplassar til leige. Våren 2017 er det til leige plassar i ulike storleikar. Ta kontakt med Haldor Rosseid hrosseid@gmail.com, tel 40848647.