Tilbake

                          Linselusa Vinstra 20 år, 2009 

                          I jubileumsåret vil vi mimre litt og viser glimt frå aktiviteten i klubben i dei tjue åra som har gått sidan starten. 


 
Fotoklubben Linselusa Vinstra vart skipa hausten 1989.
Rune Hermansen tok initiativet til å starte klubben og var driv-kraft og leiar dei fyrste åra. 
Klubben var meint å dekkje Midtdalen, og hadde medlemar frå heile området frå starten. Det var Vemund Hagen som kom på det originale namnet, og logoen vart laga av kunstnaren og reklamemannen Bruse Kaurin.
 
 
Klubben kom raskt i gang med vanlege aktivitar som bildekritikk, opplæring i teknikk og kamerabruk og konkurransar. Fototurar har vore viktige for klubben både sosialt og fagleg.

Vi har hatt mange turar langs Laugen og på Vinstra, men har og drista oss lengre unna som til Myafossen, Åmotsetra, Slåberget, Skjedalen Brimi, Rondablikk, Riddarspranget, Ula, Kleiva og Skar, Rudi gard og Vollsdammen. 

        Bente Wulff 1991       

Tove Lillebråten 1997  

Thor Ove Amundsen 1995 

  Ruth Bø Wangen 1997

______________


Countryfestivalen i 1993 vart viktig for Linselusa. Vi snikra eige studio, fotograferte cowboyar
med Polaroidkamera og tente gode pengar (ca 20.000) som vi kjøpte ljosbildeframvisar med to linser for.

Skinnvarehandlar
Jim Stirling
og Rune Hermansen

Cowboytradisjonen står framleis sterkt i Linselusa. Her leiar Lars Erik Hauklien med sheriffhatt 2008. 
   _____________






 Torbjørn Slåen 1997 

 

Klubben har lenge hatt godt samarbeid med Fotobben og har hatt fleire møte i butikken eller i studio.                         

Paul H Hage, Widar Olsen og Torbjørn Slåen 1996   

Kurs i  studiofoto- grafering med  Anne Marit Steine 2007 


Katten My stilte òg   som modell.

  ____________ 

I 1999 fylte klubben 10 år, og vi la feiringa til Lillehammer der vi fekk med oss fotoutstilling på Kunstmuseet, OL-museet og middag på ein finare restaurant. 

Utstillingsplakat 
Lillehammer 
Kunstmuseum 1999

    ______________


Vi har nesten kvart år hatt utstilling av eigne bilde, oftast på biblioteket på Vinstra, men au på Peer Gyntsenteret, Sødorptunet og på Sør-Fron biblioteket. På Hundorp i 2006 var det rekordmange frammøtt på opninga takk vera godt blestarbeid av Knut.

Vi har hatt godt samarbeid med Nord-Fron kommune og har levert bilde til utsmykking på Sundheim ved to høve. Dette har vi tent nokre kroner på! Ruth har levert dei aller fleste bilda. Det er ho som ser dei vakraste naturmotiva.

 

Ruth Bø Wangen: 
Idyll, Årvillingen

    ______________ 

I 1999 bestemte vi oss for å laga medlemsblad. Gunveig Waagø, Jan Fjerdingren og Rune gjorde det meste av arbeidet. - Det vart berre eitt nummer. Snart fekk vi eige heimeside på internett med Svein som redaktør.

Jan Fjerdingren hadde dette bildet i medlemsbladet 1999.

    ______________ 

Konkurransar har vore ein viktig del av aktiviteten i Linselusa som i mange andre fotoklubbar. I fleire år var det tevling på kvart møte, men vi har nå gått over til bildekritikk utan poenggjeving. Vi har jamt hatt klubbkonkurransar juryert av andre klubbar.

NSFF som er landssamanslutninga forfotoklubbar, har kvart år landskonkurranse. Anna Elisabet Rygh var den fyrste som deltok og fekk antatt eit bilde i 2004. Etter det har vi vore representerte kvart år med gode resultat.

Paul Henrik Hage fekk i 2005 gullmedalje og Anna Elisabet Rygh det same i 2006. Lars Erik Haulien fekk heiderleg omtale for eit bilde i 2006. Anne Marit Steine har òg vunne gullmedalje. Ho vann ei  klasse i Utsnitt 2004, arrangert av NRF (Norske reklamefotografer). 
 
 _______________


 
Gammelbanken, Nørdre
Byre 2007.

  

 

På årsmøtet 2009 vart Ruth Bøe Wangen utnemnd til æresmedlem. Ho har vore med frå starten og har hatt verv som leiar og kasserar. Ho møter jamt, spreier godt humør og viser støtt fram fine bilde.
Her  får ho overrekt diplom, laga av Rune Hermansen, av leiar Lars Erik Hauklien.  


Om Ruth og om fotoklubben
i GD 15. okt. 2009
 
Foto: Gitte Bertelsen
 
 

                                                                 Rune Hermansen ved Myafossen 1993   

 

 

Iren Skurdal ved Laugen 1991  

 Iver Fosse ved Ula mot Smiubæljom 1993 
 
Brimi fjellstugu 2001. 
Tor Ove Amundsen, Elisabeth Ebbing, Ruth B Wangen,
Eldrid Amundsen, Anne Marie og Jan Fjerdingren.

 

 

______________________________________  

                                               

                                                       Utklypp frå GD 1993. Ola Sandvik i aksjon i Western-atelieret

                                                                                               Olav Nylund 1993      



     Gruppebilde med Hasselblad 1996.
                 Jan Fjerdingren, Ruth B Wangen, Torbjørn Slåen, Paul H Hage, Eivind Tagestad, 
              Widar Olsen, Ola Sandvik, Thor Ove Amundsen, Tove Lillebråten og Iver Fosse.
 

       Gruppebilde med modellane Kristin Rønningen og Tina Lihaug 2007

 

  Gruppebilde med isbjørn i Norges Olympiske Museum 1999. Rune, 
Tove, Ruth, Tor Ove og Paul.

       

'


           Biblioteket på Vinstra 2006

 

       Månadens bilde på Sundheim ved Ruth Bø Wangen 2009

 

    Medlemsbladet med framsidebilde av Ruth

 

 Svein Bekkum vann fyrste klubbkonkurransen han deltok i,  
med dette bildet :  Storoksen.
- Det var ikkje begynnarflaks. Svein er ein av dei beste naturfotografane i landet, 
med fugl som spesialitet.

 

  Tuppa, kommer du?  av Anna Elisabet Rygh, antatt i NSFFs landskomkurranse 2004.

 

 

Gullvinnar Anna Elisabet med medalje og stor diplom. Paul med liten diplom.  

Landskonkurransen h-2006.

                                                 
Årbok NSFF 2006. Bilde: "Black girl blue eyes". Lars Erik Hauklien. 
NSFF gjev kvart år ut årbok, og vi debuterte i boka i 2004 med 6 bilde. 
I Årbok 2006 hadde Lars Erik framsidebildet.
______________________________ 


 
Arne Hernæs vann 1. premie i GDs fotokonkurranse
med dette bilde frå Augeldalen og fekk ein reisesjekk på 5000 kr.

______________________________

 
Vi har hatt klubbmøta våre i Gammelbanken på Vinstra i mest alle år 
 til vi flytte til eit møterom i Sødorptunet i 2008.


Klubbmøte i Gammelbanken 2007. Bjørn Berget, Arne Hernæs, Paul Hage, 
Anna Elisabet Rygh, Svein Bekkum og Ruth B. Wangen.
 
________________________________
            Klubben har hatt  "workshop" med markering av 20-års jubileet på Dale-Gudbrands gard
                         17. og 18.10.09.       Tema: Ljos.   Kursleiar: fotograf Terje Skåre.
 
                              

 Ståande: Ruth Bøe Wangen, Hilde Jordbruen og Sander, Grethe Hegstad, Sigurd Grytting, Bjørn Berget, Hilde Tveit Havn, Paul Henrik Hage og Torbjørn Slåen.

Sitjande: Ola Dahl, Gitte Bertelsen, Lars Erik Hauklien, lærar på kurset Terje Skåre, Anna Elisabeth Rygh og Arne Hernæs.

Liggjande: Anne Marit Steine.