Siste nytt‎ > ‎

TV aksjonen 2019 - 20. oktober

lagt inn 23. sep. 2019, 08:14 av Leiar ILsand   [ oppdatert 25. sep. 2019, 10:57 ]
Også i år har Idrettslaget Sand ansvaret for innsamlinga for Sand skulekrins under TV aksjonen.
I år gjer me dette i samarbeid med bygdekvinnelaget, og innsamlinga går til hjelpeorganisasjonen CARE.

CARE arbeider for å skape eit betre liv for kvinner i nokon av verdas mest sårbare områder.
TV-aksjonen skal gi kvinner muligheit til å tjene sine eigne penger, bestemma over eigen kropp og få si stemme høyrd. 

Målet for årets innsamling er at alle husstandar i Sand skulekrins skal få besøk av ein bøsseberar. 
                              
Tidspunktet for bøssebæringa er mellom kl 16.00-18.00 søndag 20. oktober.
 
Skal me få dette til treng me bøssebærerar!
 
Er du under 18 år må du gå i følgje med ein vaksen.
 
Vil du vera med og støtte ei god sak kan du melde deg på via ei av dei følgjande kontaktane:
Epost til: trim@ilsand.no eller sms til 454 22 697 
Epost til Suldal kommune: postmottak@suldal.kommune.no
Registrering via nettsida: www.blimed.no


Comments