Velkommen til Hundvin Naturbarnehage AS

Hundvin Naturbarnehage As ligg tett ved R57, vel 10 min frå Lindås og 15 min frå Knarvik.
Barnehagen er privat eigd og har 30 barn i alderen 1 - 6 år.  
Den er open frå kl 07.30 - 16.30, måndag til fredag.
 

I Hundvin Naturbarnehage As veks da robuste barn på trær, på steinar og i sølepyttar. Dei har nokre gonger for korte gummistøvlar. Dei har nokre gonger skrubbsår. Men dei har alle gode opplevingar med å få bruka heile kroppen sin.

Uteaktivitet gjennom heile året, i all slags vær, er avgjerande for å gleda seg over den naturen og det været vi faktisk har. For barna er alt vær noko dei kan bruka og gleda seg over.

 

Kor mykje og kor lenge dagleg uteaktivitet barna har vert vurdert ut frå barnets alder, interesse, utvikling, relasjonar med andre og tilbakemeldingar frå barnet og foreldra.