Historikaren
 

"Det kunne soleis vera mange som stemnde mot Onarheim når det årlege gildet skulle ta til i slutten av juli. Dei kom i båtlag sørfrå og nordfrå, innanfor fjorden og nordanfor Hardsjo, liksom dei kom frå bygdene som høyrde til Njardarlog. Kor lenge gildet varde er ikkje sagt, men det er likt til at dei samlast alt 7 døger før den store Olsokdagen, då dei var pliktige å koma med malt og voks. For dei som kom lange vegar var det rimeleg å stogga dei dagane som var att og førebu seg til stemna. Det må såleis ha vore folksamt langs Onarheimsstrendene i desse julidagane."

(Frå første bandet av Tysnes-soga)


ATTENDE TIL HOVUDSIDA 

 For tysnesingar flest er Johannes Heggland nærast synonym med Tysnes-soga, som kom ut i to band 1963 og 1975. Det er eit stort verk på over eitt tusen sider. Her finn ein Tysnes si historie frå dei tidlegaste tider fram til ca. 1970, med hovudvekt på perioden etter 1814. Johannes Heggland har nytta svært mykje originalt kjeldemateriale under arbeidet.  Verket vart sidan trykt i nytt opplag  1992 og finst framleis i handelen.

 

 

 

 

 

 

 

 Johannes Heggland har også skrive soga til fleire sparebankar, såleis Tysnes Sparebank 1863-1963, Bremnes Sparebank 1866-1966, Fjaler Sparebank 1873-1973 og Samnanger Sparebank 1874-1974. Like før jul 2007 kom boka "Tysnesmålet" ut - ordlista, ordtak og stubbar som Johannes Heggland hadde samla gjennom eit langt liv.

Men det er vel så mykje gjennom den skjønnlitterære forfattarskapen i form av både romanar og sogespel at Johannes Heggland kan seiast å vera ein stor formidlar av historia. Her kan mangt nemnast - likevel står kanskje arbeidet hans kring Onarheimsgildet i ei særstilling. Det såkalla Onarheimsspelet som vart gjeve som ei gåve til Tysnes kommune for nokre år sidan er framleis ikkje oppført.