Biografi
 

Barne- og ungdomsår 

Debuten og dei første åra som forfattar 

1953-1985 Politikar, historikar og tillitsverv 

1981-2007 Sogespel og store romanprosjekt 

Prisar 

ATTENDE TIL HOVUDSIDA 

Johannes Andreas Martin Heggland, kjend som Johannes Heggland, vart fødd 29. juni 1919 i Tysnes i Hordaland fylke. Han debuterte som forfattar i 1941 med romanen Folk under fjell. Han har forfatta ei lang rad historiske romanar, drama, ungdomsromanar, barnebøker og noveller. Forfattarskapen er løna med ei rekkje prisar. Barnebøkene Folket i dei kvite båtane og Den forfylgde er òg dramatisert som høyrespel for NRK Lørdagsbarnetimen.

Heggland har vore ordførar i Tysnes (1956–59) og (1968-71), fagkonsulent ved Den Nationale Scene, styremedlem i Den norske Forfatterforening, formann i Den norske forfatterforening (1982-85), medlem av Nordisk Råd sin priskomite (1983-86), medlem av Den norske forfatterforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret. Han mottok i ein lengre periode Statens Kunstnerstipend.

15. juni 2005 vart det kunngjort frå Slottet at Johannes Heggland var utnemd til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.