03 18.11.97: Vedlegg: Utdrag av brev fra Magnus Havre

Utdrag av brev frå Magnus Havre 23.5.97 til Brita Skre, forfattar av boka om Havre, med det forvrengde namnet "Havråboka".

"....... Men so noko anna. Eg les til auga vert stort og vått, men finn ikkje Havre, men Havrå, blott. Drøymer eg, det kan ikkje vera sant. De skriv ei sogebok om ein gard minst 700 år gamal, men utelet det einaste rette namnet, Havre, med ending e, som har vore brukt både i skrift og tale, unnateke den begrensa, lokale bygdeuttalen, og so har de "gløymt" namnet? Utruleg. Ikkje eit ord i boka om at Havre nokon gong har vore brukt? Skal de bruka dialekt, men det må kun vera i tale, ikkje i skrift, so bruk det rett, det er anten Havrå eller Havratunet, noko anna har aldri vore brukt. Og so det vederstyggelege, samansette, oppdikta namnet "Havråtunet", kvar har de det ifrå? Dette er ugras. Kvifor har byråkratane bestemt at det skal skrivast "Havrå"? Det heiter seg at ein mest mogeleg skal gå tilbake til gamal uttaleform. Tilbake til kva? Bygdedialekten er levande, den er, den har ikkje vore. Bestemt, skrivemåten skal vera Havrå. Men dette kan då ikkje ha tilbakeverkande kraft attende i 700 år då endinga e mest alltid har vore brukt? Er ikkje dette ein historisk TABBE å neglisjera gardsnamnet vårt slik? Sletta det --- borte--- vekk? Skal ein måtta gå i arkiva for å finna att Havre? I denne sogeboka og elles i andre bøker og skrifter er det ikkje brukt no. Ein kunne verta såra og vonbroten av mindre. På side 11 i boka skriv du: "...som såg filmen Havråtunet." Men dette er då feilinformasjon, den heiter då ikkje det. (Innskot: Filmen heiter Havretunet. Brita Skre var sentral i arbeidet med filmen. Likevel forvrengjer ho namnet.) Og so ein av toppane på galskapen. Eg mottok frå Universitetet i Bergen program for kvelden den 9. desember. Kunstnerisk innslag ------- framfører stykkje av Olsa-Mons Havrå. Går dette an? Skrive av -----nei, eg finn ikkje ord. Eg tenkte at no har dei fått Havrå på hjernen, so langt har indoktrineringa komen, dei har ikkje gangsyn eingong. ........... Då eg las i Bygdanytt i 1994 at "Havrå" med all eigendom skal no fredast, skreiv eg i Bygdanytt og til Osterøy kommune. Er ikkje Havre eit nedervt, gamalt godt namn som me bør ta godt vare på som dyrebart arvegods, kan tenkja meg at namnet vart freda saman med garden, det er det verdt.

Dette burde vel ikkje vore skrive til Brita Skre når eg ser den perfekt fine filmen som Brita Skre og Agnell serleg har æra av, der er det ikkje mykje å setja fingeren på og eg veit at Brita Skre ikkje har vore aleine om boka.

Men orsak meg, trykkventilen vår står open, dette er meir enn me greier tola. Mykje meir kunne vore sagt om dette, men det får vera nok nå.

Eg legg ved kopi av noko eg har førebels ned for mine nærmaste, men du kan få lesa det om du orkar. Du finn truleg ikkje mykje vetugt i dette brevet, men les det om du vil. Men etterpå kan du brenna det, det har byråkratane også gjort med gardsnamnet vårt Kvar har dei den fullmakta frå? Havre er burte --- vekk --- sletta. Dette er heilt utruleg. Men eg har ei von om at det atter vil gro noko godt av oska ein gong -- dersom dei ikkje også der har sådd for mykje ugras.

Helsing, Magnus Havre, f. 1.4.1915."

 

Utdrag av brev frå Magnus Havre 7.10.96 til Brita Skre.

"...Men kvifor prøver du på nytt å overtyda meg og lesarane elles om at filmen fekk namnet "Havråtunet", då det ikkje er rett? Er det tabu å bruka Havre i boka endå det var det einaste rette namnet. Og Havre er også ein del av soga vår gjennom det meste av den tida sogeboka handlar om. Er det rett å stikka dette under ein stol for lesarane som om Havre aldri har eksistert? Det er skriveforma "Havrå" som ikkje har eksistert før.

Alle dei som i tidlegare år flytta frå andre stader til Havre, tok Havre som sitt slektsnamn, for det var det som uomtvisteleg var gardsnamnet. Ingen kan i boka lesa seg til kvifor slektsnamna er Havre. Eg kjenner heller ikkje til at nokon har endra på slektsnamnet sitt andre enn familien etter Johannes Martin Havre ("Valdresen"). J. Torp seier at han Johannes aldri skreiv namnet sitt sjølv med Havro. Kvifor då Havro i boka? Det er etterkomarane hans som tok det namnet. Det er namnet Havre som over alt er kjent utanfor vårt begrensa dialektområde. "Havrå" har aldri vore brukt som skriveform det eg kjenner til. Men me må vel leva vidare med å vera ueinige om dette.

Kva med mine merknader om feil i boka? (Fire handskrivne sider.) Er ingen viljuge til å innrøma dei? Serleg stiftinga burde vera interessert i dette, dei står vel nærmast som utgivar av boka, difor hadde eg venta å få ein sakleg dialog med dei, før det vert for seint, åra går. Både filmen og boka er store historiske og verdfulle verk, ikkje tvil om det.

Det gjer meg godt når eg ser på filmen og få lesa Havretunet. Ein dokumentarfilm, og der du so fint skriv om Havre og det fine samarbeidet med folket på Havre. Der veit eg at du var mest som ein familiemedlem for alle. Og takk for det, Brita. Men når eg må lesa "Havråtunet, Havråfolket, då kjem tårene, det er so framandt og uverkeleg............"

Neste dokument
Forrige dokument
Tilbake til innholdsoversikten
 

Comments