Nyheter

Kurs paragliding

lagt inn 4. mar. 2015, 23.09 av Sindre Hauglum

Grunnkurs paragliding:
Neste kurs starter 11.04.2015. Mer info

Årsmøte i Fjordane luftsportsklubb

lagt inn 15. jan. 2015, 14.33 av Sindre Hauglum

Vi kallar inn til ordinært årsmøte i Fjordane luftsportsklubb torsdag 26. februar 2015 kl. 18.00 i møterommet på Peppes Pizza i Førde.


Saker/framlegg som skal handsamast på årsmøtet, må vere styret i hende seinast to veker før årsmøtet. 


Sakene/framlegga kan sendast til:
Anita Taftø, Postboks 8, 6996 Vadheim 
eller e-post:  HYPERLINK "mailto:anita.tafto@hoyanger.kommune.no" anita.tafto@hoyanger.kommune.no

Fullstendig sakliste med alle sakspapir vert sendt ut ei veke før årsmøtet.

Medlemsmøte

lagt inn 18. sep. 2014, 09.26 av Sindre Hauglum

Tid: tysdag 23. september 2014 kl. 18.00 
Stad: møterommet på Peppes Pizza

Arne H. Hillestad, fag- og avdelingssjef i Hang- og paragliderseksjonen i Norges Luftsportsforbund, tek turen til Førde og vil vere med oss under medlemsmøtet.
Tema:
Fag- og avd.sjef Arne H. Hillestad har satt av kvelden saman med oss.
Arne H. Hillestad vil:
• ta ein generell gjennomgang av HP-seksjonen og kva som skjer
• vidare ha ein sikkerhetspresentasjon med gjennomgang av nokre viktige punkt
• avslutningsvis ha ein gjennomgang av ulukkene som har vore i år og kvifor dei skjedde
Håper medlemma finn temaa interessante og set av denne kvelden til medlemsmøte.
Vel møtt ☺
Med helsing
Styret i Fjordane luftsportsklubb

Dugnad

lagt inn 9. sep. 2014, 13.06 av Sindre Hauglum


 

Laurdag 13. september 2014 frå kl. 10.00 vert det dugnad på vegen frå Bruland til Hafstadfjellet.

 

I denne omgang er det snakk om kantrydding. Dei som har ryddesag, tek med seg det, evt motorsag/greinsag. Dei som ikkje har sag, kan rydde etter kvart som kvist og busker vert saga ned. Dersom veret tillet det, prøver vi oss med flyging etter dugnaden.

Førde Opp 2014

lagt inn 23. aug. 2014, 02.58 av Sindre Hauglum


Førde Opp 2014 går av stabelen laurdag, 30. august. Lag og organisasjonar er også i år blitt oppfordra til å delta med sine aktivitar.

Dersom veret tillet det, prøver vi med flyging frå Hafstadfjellet. Det er ynskjeleg frå arrangøren si side at vi er kome på fjellet til ca kl. 10.30. Gruppemelding vert sendt ut fredag ettermiddag/kveld dersom det vert flyging. Langtidsmeldinga på yr.no ser bra ut så langt.

Les meir om Førde Opp på http://fordeopp.no/

Medlemsmøte

lagt inn 2. jun. 2014, 14.43 av Sindre Hauglum

Medlemsmøte onsdag 4. juni kl. 18.00

 

Det vert medlemsmøte i Fjordane luftsportsklubb onsdag 4. juni kl. 18.00 på møterommet  på Peppes Pizza i Førde.

Det vert info om mellom anna følgande tema:

  • Para Pro/Safe Pro; -krav, begrensinger, airmanship
  • Hafstadfjellet; -regler og utfordringer

 

Vi ynskjer alle medlemma vel møtt!

 

Med helsing

 

- styret -

Innkalling til årsmøtet

lagt inn 21. jan. 2014, 07.08 av Sindre Hauglum

Vi kallar inn til ordinært årsmøte i Fjordane luftsportsklubb torsdag 27. februar 2014 kl. 18.00 i møterommet på Peppes Pizza i Førde.

Saker/framlegg som skal handsamast på årsmøtet, må vere styret i hende seinast to veker før årsmøtet.

Sakene/framlegga kan sendast til:

Anita Taftø, Postboks 8, 6996 Vadheim

eller epost: anita.tafto@hoyanger.kommune.no

 

Fullstendig sakliste med alle sakspapir vert sendt ut ei veke før årsmøtet.

  

Valgbarhet:

 

 I NIFs lov heter det:

 

§2-4. Kjønnsfordeling

(1) Ved valg/oppnevning av representanter til årsmøte/ting, samt medlemmer til styre, råd og utvalg mv. i NIF og NIFs organisasjonsledd skal det velges personer fra begge kjønn.

 

(2) Sammensetningen skal være forholdsmessig i forhold til kjønnsfordelingen i medlemsmassen, dog slik at det skal være minst to personer fra hvert kjønn der det velges eller oppnevnes mer enn 3 personer. Der det velges eller oppnevnes 3 personer eller færre skal begge kjønn være representert. Ansattes representant teller ikke med ved beregningen av kjønnsfordelingen.

 

(3) Idrettsstyret eller den Idrettsstyret gir fullmakt kan, når det foreligger særlige forhold, gi dispensasjon fra denne bestemmelsen.

 

(4) Idrettsstyret kan gi forskrift om nærmere vilkår for dispensasjon og konsekvensene av manglende oppfyllelse av bestemmelsen.

 

Virkningen av manglende oppfyllelse av bestemmelsen

 

a) ved valg, skal styret innen 1 måned etter årsmøtet/tinget sende ut innkalling til ekstraordinært årsmøte/ting hvor nytt valg foretas. Dersom organisasjonsleddet ikke overholder fristen, kan Idrettsstyret/idrettskretsen pålegge organisasjonsleddet å oppfylle bestemmelsen, jf. pkt 2.2.

Eksisterende medlemmer i det aktuelle styret, komiteen mv blir sittende til nytt styre, komité mv. er valgt.

Dersom det er åpenbart at dispensasjon ville ha blitt innvilget, kan dispensasjon innvilges i etterkant. Søknad om dispensasjon må være sendt til det organ som avgjør dispensasjonssøknaden innen 14 dager etter årsmøtet/tinget.

 

b) ved oppnevning av representanter, mister organisasjonsleddet det antall representanter som mangler for å oppfylle bestemmelsen..

 

c) ved oppnevning av medlemmer til styrer, råd og utvalg m.v. kan Idrettsstyret eller idrettskretsen pålegge organisasjonsleddet å foreta ny oppnevning.

 

 

Velkommen til årsmøte.

 

Med venleg helsing

 

 

Fjordane luftsportsklubb

styret

SIKKERHETSKURS MED OPPTREKK, korrigering

lagt inn 20. aug. 2013, 09.03 av Sindre Hauglum   [ oppdatert 20. aug. 2013, 09.04 ]


 

Beklager, men det vart skrive feil når det gjeld øvelsar til sikkerhetskurset.

B-stall utgår og asymmetrisk innklapp med speed er lagt til.

Her er den korrekte lista:

 

 

Øvelsar, sikkerhetskurs:

Full stall. Kontrollert inngang, oppretthalding og utgang.
Spinn. Min. 360 graders rotasjon med kontrollert utgang.
Spinn-stopp. Gjenkjenning av entring til spinn.
Asymmetrisk innklapp med speed. Min. 50% med kontrollert utgang.
Asymmetrisk innklapp. Min. 50% på begge sider med kompensasjon av dreiin.
Stup-spiral. Min. harde 360 graders svinger.

 

 

 

Har du nokre spørsmål eller kommentarer så ta gjerne kontakt:

 

Tom Rune Daae, instruktør

 

Mobil: 90196565 eller mail: paratom@hotmail.com


SIKKERHETSKURS MED OPPTREKK

lagt inn 16. aug. 2013, 12.35 av Sindre Hauglum

Fjordane luftsportklubb vil gjennomføre sikkerhetskurs på Vassenden i Jølster med

opptrekk etter båt. For dei som ikkje har lisens på opptrekk, vil kurs-teori for dette bli 

gitt og ein vil få dette godskrive for lisens. Dei som allereie har opptrekk-lisens treng 

ikkje vere med på teori for opptrekk.

For dei som ikkje har opptrekk-lisens, vil desse bli prioritert vidare for å kunne få lisens.

Sikkerhetskurs er ei veldig god erfaring for å bli skikkelig kjend med utstyret og for 

å kunne beherske vinga i kritiske situasjonar. Det hjelper samstundes på din egen 

sjølvtillit under flyging.

Opptrekk er ein effektiv metode for å komme seg i lufta på. Det er 1 av 2 metodar for å 

kunne ta av med ein paraglider. Enten så må du ta av frå eit fjell, eller så må du trekkast 

opp ein eller annan måte. Å kunne samkjøre opptrekk og kurs, så blir det veldig effektivt.

Krav til deltagelse:

• Min. erfaren PP2. (Det er ikkje krav i.h.t. håndboka, men ei viss flyerfaring er 

likevel nødvendig.) 

• Beherskar framlengs-start godt.

• At du har simulert nødskjerm-kast og er kjent med prosedyrer for dette.

Anna viktig informasjon:

• Hugs klebyte i tilfelle landing i vatn.

• Ikkje ha med instrument, mobil, etc. som ikkje tåler vatn.

• Meld frå om du har vinge med trim-system eller eldre, slitt vinge.

Kva inneheld kurset?

• Gjennomgang av teori for opptrekk og sikkerhetskurs.

• Briefing og de-briefing for kvar enkelt tur. Dette gjeld både opptrekket og 

øvelsane. Radio-kommunikasjon vil bli brukt under turen.

• Utløysar for opptrekk under kurset.

Kva er påbudt?

• Flytevest. Dette må medbringast sjølv.

• Nødskjerm. Skal vere pakka om samme året.
Øvelsar, sikkerhetskurs:

• Full stall. Kontrollert inngang, oppretthalding og utgang.

• Spinn. Min. 360 graders rotasjon med kontrollert utgang.

• Spinn-stopp. Gjenkjenning av entring til spinn.

• B-stall. Kontrollert inngang og utgang.

• Asymmetrisk innklapp. Min. 50% på begge sider med kompensasjon av dreiing.

• Stup-spiral. Min. harde 360 graders svinger.

Påmelding og anna info ved å kontakte Per Arne Kvalsvik.

Mobil: 979 60 908

Mail: pakvalsvik@gmail.com

Førdetreffet 2013 er avlyst

lagt inn 4. jun. 2013, 11.25 av Sindre Hauglum

Det er svært beklageleg at vi må avlyse Førdetreffet 2013 som skulle ha funne stad førstkommande helg; 8. og 9. juni.
 
Landingsområdet vårt (fotballbana) på Øyrane i Førde er pløygd opp og skal såast i for beitemark. Vi har vore på utkikk etter alternative landingsplassar, men sidan Hafstadparken (som mest truleg vert landingsområdet vårt i framtida) er anleggsområde, og det er mykje anleggstrafikk der, er ikkje dette nokon alternativ landingsplass på noverande tidspunkt.
 
Vi seier oss leie for dette, men det er no ein gong slik at det ikkje er alt vi rår med. Vi i Fjordane luftsportsklubb kryssar fingrane for at vi får eit bra landingsområde i Hafstadparken når denne er ferdigstilt og håper å kunne invitere dykk til Førde ved eit seinare høve.

1-10 of 82