Aktivitet‎ > ‎

Kurs paragliding

 

Grunnkurs paragliding:
Neste kurs starter 11.04.2015.

Kurset går i utgangspunktet over 5 helgar, vi vil ôg bruke nokre kveldar dersom det er nødvendig. Paragliding er vêravhengig. Vi må derfor vere fleksible og vi må kanskje vike frå kursplanen.

I løpet av kurset skal du lære å starte, fly og lande på ein sikker måte. Vi startar i slakk bakke uten å bli vesentlig løfta frå bakken, vi fortsetter vidare i større bakkar og avsluttar med høgdeturar. Høgdeturar er flyturar med ein høgdeforskjell på meir enn 250 m.

Teorikurset inneheld fleire fag. Du skal bl.a. lære ein god del om vêret, og kva vêrforhold som egnar seg for flyging med paraglider. Oppbygginga av ein paraglider, aerodynamikk og lover/regler er andre fag.                

Regn med rundt 16 timar teoriundervisning . I tillegg skal du lære korleis du skal opptre for å ivareta sikkerheita og flygleda for deg sjølv og dine medpilotar, samt litt om utdanningssystemet og utviklinga av deg som pilot vidare.  

Kurset avsluttast med teoriprøve. 

Kursavgifta på kr 9.500,- inkluderar nødvendig utstyr (hjelm og paraglider med seletøy) som du trenger under kurset, lærebøker og nødvendig forsikring og medlemskap.

For de under 18 år samt studenter under 25 år gis det kr. 1000 i avslag på kursavgifta.

Påmelding/info: Arne Kleiven, 957 06 081, arne.kleiven(krøll-a)enivest.net

 

Comments