Startside

Fogn er ei øy med omlag 350 innbyggjarar, og ligg i Finnøy kommune i Ryfylke. Meir om Fogn finn du ved å trykke på "Om Fogn" i menyen til venstre. 

På denne nettsida finn du ein aktivitetskalender over kva som skjer på Fogn, nyhende, bilete, videoar, og lenker til nettsider som på ein eller anna måte kan relateras til Fogn. Tanken er at dette skal vere ei nyttig side både for fastbuande, hyttefolk, og andre som vil veta meir om Fogn.

Fogn grendalag er ansvarlege for denne nettsida, og tar imot både tips, ris og ros under "Kontakt oss" i menyen til venstre. Der finn du og linken "Fogn grendalag" som tek deg til dokument som grendalaget legg ut her på Fogn.org.


Nyhende

  • Fogn.org har flytta, har du? Etter snart fire år med same utsjånad og funksjonalitet, har Fogn.org no fått ein kraftig "make-over". Det er til dømes blitt betre lagt til rette for mobile brukarar ...
    Lagt inn 13. des. 2013, 15:32 av Håvard Østhus
  • Unik video frå uvèret Som vi skreiv om før helga, var det store naturkrefter i sving på torsdag og fredag. Vi la ut nokre bilete, og oppfordra folk til å bidra med sine blinkskudd ...
    Lagt inn 8. des. 2013, 14:20 av Håvard Østhus
  • Mykje vèr på Fogn... Ekstremvèret som har herja i Sør-Noreg i det siste har så absolutt gjort seg gjeldande på Fogn. Fleire tre har blåst over ende, sjøen har gått svært så kvit ...
    Lagt inn 5. des. 2013, 22:25 av Håvard Østhus
  • Reklame på Fogn.org På årsmøtet i Fogn grendalag, vart det fremja ynskje om at bedrifter og næringslivet kunne få profilera seg på Fogn.org. Dette har styret i grendalaget teke tak i, og ...
    Lagt inn 2. des. 2013, 06:00 av Håvard Østhus
  • Siste rapport frå movemberaksjonen Då var movemberaksjonen til Fogn.org over, og ein må kunne seie at det vart ein vellukka aksjon. Totalt har vi fått inn 5405 kroner til Kreftforeningen, og alle deltakarane ...
    Lagt inn 30. nov. 2013, 03:26 av Håvard Østhus
Viser innlegg 1 - 5 av 486. Vis mer »








Kva skjer på Fogn?


Undersider (1): Påmelding, Romjulscup