DIGITAL GRUNNKOMPETANSE FOR LÆRAREN


Lærarane blir møtt med ei rekkje IKT-relaterte reiskapar som det blir forventa at dei tek i bruk i undervisninga. Skulen kartleggjer kompetansen hos dei tilsette, og syt for at det blir gitt opplæring. Opplæringa skal tilpassast den enkelte sitt behov og nivå, og vil bli gitt i større eller mindre grupper eller for einskildlærarar. Den einskilde lærar har også sjølv eit ansvar for at ein tilegnar seg den nødvendige digitale kompetanse.

Hugs at dei fleste program og verktøy i dag har ein form for hjelp innebygd, og dersom du søker på YouTube er det mest garantert at du finn nokre relevante videoar som syner deg det du treng.

Det er laga framlegg til skjema for å avdekke kor lærarar treng opplæring.
Sjekkliste for kartleggjing av digital grunnkompetanse (pdf)
Sjekkliste for kartleggjing av digital grunnkompetanse (word)

For å finne meir om innhaldet i denne sjekklista sjå menyen til venstre. Her finn du både tekst og videoar til en del av emna. 

Kartleggjinga ligg og som ein itslearning-test på faget for eKoordinatorar/superbrukarar i HFK.

PC-ordninga 2013/2014
For å sikre ein god start til elevar som byrjar  på VG1,  har ePedagogane laga kurs som kan lastast ned.