Stort oppmøte på "Salt og Seil"

Publiseringsdato: Sep 12, 2010 7:40:52 PM

Flott segl- og rotur til Saltholmen med "Odin" (Stein Erik m/fl). Unni og Bjarne deltok med sin strandebarmar, og var først ute på Saltholmen.

Etter ein ganske grå og regntung laurdag dagen før, var det godt å sjå Lillesand i sol og lett bris igjen. Odin var lasta med 16 store og små, men hadde ingen problem med å bere den dyrebare lasta. Skulle berre mangle, det er tross alt ein livbåt. Vi kom oss til Saltholmen og tilbake stort sett for segl: Utan bruk av motor, og med minimal bruk av årer.

Havørn, fylt til randa med kulturhungrige lillesandsfolk, gjorde strålande figur som arena for kultur-tur. Turen starta med foredrag på Sjømannsforeninga om "Resirkulerte maritime minner". På Saltholmen fortalde Svein Vik om Olav H Hauge og saltutvinninga han starta. Oppholdet på Saltholmen var avslutta med konkurranse om gamle gjenstandar.