Småbåtgruppa på rotur rundt Skauerøya (29.11)

Publiseringsdato: Nov 29, 2009 8:48:33 PM

På veg mot Dyttesund

Ein frisk haustdag i dag med passleg lite vind, og nesten ikkje nedbør. Perfekt for ein rotur! Unni, Bjarne, Per-Oddvar og Steven la ut frå Fossbekk med Frøya ca kl 15.15. Vi sette kursen mot Dyttesund, og kunne etter kort tid ta ei velfortent kaffepause på eit bryggeanlegg der. På denne tida av året er det ingen som kjem springande for å jage ein stakkar Lillesand`er som har forvilla seg i land. Faktisk såg vi omtrent ikkje ei sjel på heile turen. Det var to andre båtar ute, og dei hadde kurs mot land når vi kom.Etter kaffi og kjeks fortsette turen ut Dyttesund, forbi Lyngholmen, inn "Springinn" til Hestholmbukta, og inn Sandsgabet og tilbake til Fossbekk. Då var det blitt ganske mørkt, men vi hadde god hjelp av jernstakar, lanterner - og plenty med lys frå Lillesand by.  Per-Oddvar sin (unøyaktige) GPS logga turen frå Dyttesund, klikk her for å sjå sporing.

Dyttesund - utan feriefolk.

Siste etappe mot Fossbekk

Kaffi må til!